Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Kristoffer Pedersen alias Karl Andersen, fødd i Hafslo 1870 - botsfengselet 1903/04 - lagnaden hans?


Recommended Posts

Kristoffer Pedersen, fødd på garden Joranger i Hafslo 9.12.1870 som yngste barn av gardbrukar Peder Jørgenson (1825-1904) og kona Malena Johannesdotter (1828-1917), skal etter tradisjonen heime på Hafslo ha rømt frå bygdi for å sleppa unna militær teneste.  Ryktene seier han reiste til Trondheim, men dei høyrde aldri meir gjete mannen i heimbygdi!

 

No har eg gjort ei spennande oppdaging på Digitalarkivet og syner til desse to postane i «detaljert søk» basert på fødselsdato:

 

https://digitalarkivet.no/view/84/pc00000001081306

Forbrytaralbum: https://media.digitalarkivet.no/view/58528/61

 

https://digitalarkivet.no/view/84/pc00000001095873

Detaljopplysningar: https://media.digitalarkivet.no/view/75922/11

 

Her les me mellom anna at Kristoffer var jarnbanearbeidar heimehøyrande på Toten, men med bustad i Trondheim!

 

So er utfordringane:

 

** Kan Kristoffer Pedersen alias Karl Andersen finast i FT18991 og/eller FT1900?

 

** Kvar i all verdi er det vorte av Kristoffer Pedersen alias Karl Andersen etter 1904?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Det er en Kristoffer Pedersen f. 1870 på Nebbenæs asyl i Auskog i 1910, men uten at fødested er oppgitt.

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036377005271

Hjarteleg takk til Carsten for eit interessant, men òg utfordrande innlegg!

 

Namn og fødselsår stemmer «på ein prikk», men kan det vera same mann?  Korleis kan me forfølgja innbuarane på Nebbenæs asyl i Aurskog?  Dette er vel kanskje eit spørsmål for Statsarkivet i Oslo...?  Eller kanskje andre har andre tankar kring dette?

 

Eg får «tyggja» litt på denne...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne «gåta»!

"Sindssyk Fattiglem" Kristoffer Pedersen døde 23.3.1919 i Aurskog: https://media.digitalarkivet.no/view/25960/76

 

Ifølge dødsfallsprotokollen var han utsatt av Kristiania Fattigvesen: https://media.digitalarkivet.no/view/27695/46

 

Eg er fullstendig mållaus!

 

Hjarteleg takk til Lars W. og Jon for nye spennande innlegg!  Eg må seia eg er absolutt imponert over kva Lars W. har finne, for etter dette kan eg ikkje forstå anna enn at det MÅ vera «vår» Kristoffer Pedersen som ende sine dagar i Aurskog i 1919!

 

Då er dette problemet på det næraste løyst, men det hadde vore kjekt om Kristoffer Pedersen/Karl Andersen kunne finnast i FT1891 og/eller FT1900.  Eg finn han ikkje i Bergen i 1891, so truleg var han alt borte derifrå...!

 

Ein ny kjemetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordrande lagnaden!

  • 6 måneder senere...

Hjarteleg takk til Lars W. for ein skikkeleg spennande og utfyllande «rapport» om Kristoffer Pederson Joranger alias Karl Andersen frå Hafslo. 

 

Når ein les dette, kan ein kanskje tru det noko i rykti om at han stakk heimefrå for å sleppa unna militær teneste, men han fekk jo ein sørgeleg lagnad.  Men slike lagnadar er òg ein del av ei bygdebok der alle skal omskrivast, og eg takkar på ny for framifrå bistand til å samla desse biografiske opplysningane om denne karen frå Hafslo!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.