Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lars Sørenson Natvig (1612-1669) av den sokalla «Heiberg-ætti» og borni hans med ættenamnet Lyster?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Opphavleg hadde eg på 1980-talet berre identifisert to søner etter Lars Sørenson Natvig - av den sokalla «Heiberg-ætti».  Men kort etter hundreårsskiftet vart eg konfrontert med påstandar frå Danmark som hevda at Lars skulle ha hatt (minst) to søner til, som båe vart prestar på Bornholm i Danmark.  Desse hadde eg før plassert som sønesøner etter sokneprest Christen Henrikson Lyster til Luster, men ved nærare studium av saki, trur eg at danskane har rett.  Det at ein av sønene heitte Thue, tydeleg oppkalla etter morfaren i Valdres, har vore eit avgjerande element i saki!

 

Eg går difor no ut med denne nye versjonen av manuskriptet mitt for garden Sørheim i Luster, der Lars Sørenson budde i mange år før han flytte til Natvik i Årdal:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande og nyttige innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under!

 

Eg ville setja stor pris på eventuelle kommentarar til denne ættetavla og takkar so mykje på førehand for supplerande opplysningar, t.d. frå studentbøker og universitetsmatriklar etc.!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Finner dette:

http://www.aneklubben.dk/wp-content/uploads/2015/04/lusterhaeftet.pdf

 

Utdrag fra pdf-filen ovenfor:

"Mathias Lauritssøn Lyster Mathias blev født i Luster i 1655. Han blev student i Bergen i 1675, og samme år d. 19. juli blev han indskrevet ved det teologiske fakultet på Københavns Universitet. D. 1. august 1684 blev han beskikket som hjælpepræst i Store og Lille Fuglede sogn, Ars herred, Holbæk amt. Senere søger Mathias til Bornholm, hvor hans bror Tue Lauritssøn Lyster er sognepræst ved Aa kirke, som danner kirkesogn for Aaker landsogn og byen Aakirkeby. D. 2. april 1689 bliver Mathias beskikket som præst i Poulsker sogn. D 27. maj 1691 vier broderen ham i Aakirke til Engel Christine Marcusdatter Winther, datter af kornet Marcus Winther. Mathias er nok allerede svagelig på dette tidspunkt, og de får heller ikke nogen børn. Fra Mikkelsdag 1693 bliver han så syg, at broderen må vikariere for ham til hans død 12. marts 1694. Han bliver begravet i Poulsker 20. marts 1694. (Poulsker kirke) Enken gifter sig senere med fænrik og sandemand Hans Jensen, og de opkalder en søn Mathias efter præsten.". 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Bernt Larsson, f. i Bergen kring 1636, voks nok delvis opp her på Sørheim.

Men i 1667 får me vita at Bernt Larsson var sjømann og at han då reiste på Ostindia.

 

Hvor er opplysningen om at han var sjømann hentet fra?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar og Grethe for mange spennande og utfordrande innlegg!

 

Det er mange år sidan eg hadde kontakt med dei danske etterkomarane etter Thue Larsson Lyster, og det er imponerande å sjå kor mykje stoff dei har samla om ætti!  Eg er òg overraska over å finna nemnde to born i tillegg til dei eg visste om frå før:

 

* Dominicus Larsson som skal vera avliden i Kjøllefjord i Finnmark i 1687, samt

 

* Anders Larsson (Bergendahl) som døydde i Danmark kring 1690.

 

Når det gjeld Bernt Larsson og opphaldet hans i Ostindia i 1667, kan eg i dag ikkje gjera greie for kjelda til dette.  Eg samla desse opplysningane for over 30 år sidan, men vil tru det må vera ei prenta kjelde som seier dette, kan henda attgjeve frå eit skifte i Nagel-ætti?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Sørenson Natvig, frå Talle, var f. kring 1612 og gifte seg første gongen i Bergen kring 1635 med Clara Berntsdotter Nagel frå Bergen.  Ho var dotter av kemnar Bernt Nagel i Bergen og kona Anna Dominicusdotter Friis frå Bergen og f. i Bergen kring 1604.

Lars Sørenson flytte i ung alder til Bergen der han 28.1.1635 tok borgar­skap.  Han og Clara budde i Bergen der Clara d. kring 1645.

Kring 1646 skal Lars Sørenson vera flytt attende til Luster, og kring 1650 gifte han seg att med Aasta Thuesdotter Bahr frå Vang i Valdres.  Ho var dotter av sokneprest Thue Aveson Bare i Vang, opphavleg frå Lund i Skåne, og kona Margrethe Christophersdotter Glad frå Vågå og f. i Vang og truleg f. i Vang kring 1632.  Lars Sørenson vart i 1649 tilsett hjå Corfitz Ulfeldt som forvaltar for heile Kruckow-godset i Sogn, og same året busette han og Aasta seg her på Sørheim.  Han slutta som forvaltar for godset alt i 1652; på same tidi vart heile Sørheim på ny samla til eitt bruk, og Lars og Aasta vart buande som paktarar eller leiglendingar på Sørheim fram til kring 1665.

Kring 1665 flytte Lars Sørenson og Aasta til garden Natvik i Årdal, og der d. Lars kring 1669.  Aasta Thuesdotter d. i Natviki kring 1690.

Det ser ut til at Lars Sørenson må ha hatt minst fire søner, ein frå første ekteskapet og tre frå det andre:

 

##### (fleire born etter Lars Sørenson i Natviki? – dansk ættebok nemner:

       * Dominicus Larsson, fødd etter 1646, døydde i 1687 i Kjøllefjord i Finnmark!?

       * Anders Larsson Bergendahl, fødd kring 1654, d. kring 1690 i Svaneke – gift med Elisabeth Augusta Anthonisdotter Müller, f. i Birkendegaard i Værslev på Sjælland 20.12.1650, d. i Svaneke 2.7.1691 – hadde ein son Lars!)

 

 1. Bernt Larsson, f. i Bergen kring 1636, voks nok delvis opp her på Sørheim.

Men i 1667 får me vita at Bernt Larsson var sjømann og at han då reiste på Ostindia.

 

##### (lagnaden hans?)

 

 2. Søren Larsson (Rødberg) (1653-1738), vart gardbrukar i Sjøtun i Hafslo.

 3. Mathias Larsson, f. kring 1655,

Mathias Larsson Lyster vart student i Bergen i 1675 og sidan

 

##### (dato?)

 

cand.theol. i København.  Han gifte seg i Aakirkeby på Bornholm 27.5.1691 med Engel Christine Marcusdotter Winther frå København.  Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar? – kornett Marcus Winther og ??))

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hennar?)

 

Mathias Lyster vart 1.8.1684 tilsett som hjelpeprest i Store og lille Fuglede sokn i Holbæk amt, Danmark, men fekk so 2.4.1689 stillingi som sokneprest til Poulsker på Bornhold der han d. alt 12.3.1694. 

 

##### (Engel attgift med fenrik og sendemand Hans Jensen – lagnad? – minst ein son Mathias!)

 

Mathias og Engel fekk ikkje born i lag.

 4. Thue Larsson, f. kring 1660,

Thue Larsson Lyster vart student i Bergen i 1681 og vart sidan cand.theol. i København

 

##### (dato?)

 

Thue gifte seg i Aakirkeby på Bornholm 22.2.1688 med enkja Nille Clemensdotter Rasmussen, opphavleg frå Rønne på Bornholm.  Ho var dotter av borgar Clemen Rasmussen i Rønne og kona Karen Mortensdotter Bohn

 

##### (opphav og yrke?)

 

og f. i Rønne 11.1.1661.  Ho gifte seg første gongen

 

##### (vigselsstaden?)

 

24.7.1677 med Didrik Svendson Funch frå Aakirkeby, Bornholm.  Han var son av sokneprest Svend Larsson Bore til Aakirkeby, opphavleg frå Rønne på Bornholm, og kona Margrethe Didriksdotter Colding frå Aakirkeby og f. i Aakirkeby 18.1.1653.  Didrik Funch var sokneprest til Aakirkeby på Bornholm etter sin far, men d. der alt våren 1687.  Thue vart 15.3.1687 tilsett som sokneprest til Aakirkeby etter Didrik Funch o d. der våren 1705.  Nille Lyster d. i Aakirkeby 1.12.1740.  Nille fekk i alt tretten born; av dei var desse åtte frå andre ekteskapet med Thue:

a. Aaste Thuesdotter Lyster, f. i Aakirkeby 9.1.1689, vart gravlagd i Aakirkeby 13.3.1727.  Ho gifte seg i Aakirkeby 13.12.1709 med Morten Hansen frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     f. kring 1682.  Han vart grtavlagd i Aakirkeby 1.6.1749.

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     Dei fekk seks born i lag.

b. Lars Thueson Lyster, f. i Aakirkeby 20.2.1691, d. i Aarby på Sjælland 13.5.1739.  Han gifte seg

 

     ##### (vigselsstaden?)

 

     1.3.1726 med Maren Marie Hansdotter Stibolt frå København, f. i København kring 1694.  Ho d. i København ?.11.1742.  Lars var sokneprest til Aarby i Holbæk amt på Sjælland, og han og Maren fekk seks born i lag.

c. Karen Thuesdotter Lyster, f. i Aakirkeby 3.9.1692, vart gravlagd i Østermarie 15.5.1776.  Ho gifte seg første gongen i Aakirkeby 23.7.1717 med Lars Hansen Buskegaard i Østermarie, f. i Østermarie kring 1687.  Han vart gravlagd i Østermarie 31.1.1738, og Karen gifte seg att i Østermarie 6.7.1738 med Morten Olsen frå Vingevængegaarde, f. i Vngevængegaarde kring 1687.  Han vart gravlagd i Østermarie 26.1.1771. 

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     Karen fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet.

d. Elisabeth Thuesdotter Lyster, f. i Aakirkeby 26.7.1694, vart gravlagd i Bodilsker 22.9.1773.  Ho gifte seg første gongen i Aakirkeby 4.10.1715 med Jens Pederson Miunch frå Stensebygaard i Bodilsker, f. i Bodilsker kring 1686.  Han vart gravlagd i Bidilsker 12.7.1741, og Elisabeth gifte seg att i Bodilsker 14.2.1742 med Jens Eriksen frå Vestre Kirkebogaard i Bodilsker, f. i Bodilsker kring 1715.  Han vart gravlagd i Nexø 9.1.1791. 

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     Elisabeth fekk i alt ni born, som alle var frå første ekteskapet.

e. Didrik Thueson Lyster, f. i Aakirkeby 2.1.1696, vart gravlagd i Aakirkeby 30.4.1696.

f. Mathias Thueson Lyster, f. i Aakirkeby 9.4.1697, vart gravlagd i Aakirkeby 12.4.1702.

g. Magdalene Margrethe Thuesdotter Lyster, f. i Aakirkeby 26.5.1700, vart gravlagd i Aakirkeby 8.4.1764.  Ho gifte seg i Aakirkeby 8.10.1723 med Didrik Pedersen frå Loftsgaard i Aakirkeby, f. i Aakirkeby kring 1696. 

 

     ##### (dato?)

 

     Han var gravlagd i Aakirkeby 27.9.1775. 

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     Dei fekk fem born i lag.

h. Mathias Thueson Lyster, f. i Aakirkeby 7.7.1702, d. i Aakirkeby 27.10.1702.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
Skrevet (endret)

Datoen for når Mathias Lyster ble innskrevet ved det teologiske fakultet i København var 19. juli 1675. Han er også nevnt i en lengre liste i København universitets matrikkel under året 1677 - Baccalaurei creati sunt. 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Dominicus Larsson, fødd etter 1646, døydde i 1687 i Kjøllefjord i Finnmark!?

 

Finnmark fylke, Finnmark, Skifteregister (1686-1701), Dokumentside, Side 1
https://media.digitalarkivet.no/view/77837/1

 

Finnmark fylke, Finnmark, Skifteprotokoll nr. 58 (1686-1696), Skifteprotokollside, Side 37b-38a
https://media.digitalarkivet.no/view/25054/41 (første side)

https://media.digitalarkivet.no/view/25054/47 (siste side) 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg la merke til at Mathias vart innskriven som student i København same året som han gjekk ut frå Bergen, men me får vel i grunnen ikkje vita kva år han vart «cand.theol», om det då ikkje var i 1677?

 

Når det gjeld Dominicus Larsson i Kjøllefjord, er det vel strengt teke ikkje noko som seier at han høyrer til denne ætti, men førenamnet Dominicus KAN jo vera ein peikepinn,  Det ser ut til at han ved dødsfallet hadde ei «festequinde» med namn Malena Jansdotter, men so vidt eg forstår, var det ikkje noko til arv, og me får heller ikkje greie på andre ervingar.  Dersom Dominicus høyrer til i denne huslyden, trur eg han må vera fødd etter Tue Larsson Lyster, d.v.s. først på 1660-talet.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.