Gå til innhold
Arkivverket

Olina Knutsdotter Bollingberg - fødd i Luster 1859 - syerske i Bergen - utvandra 1904 til Stoughton, Dane Co., WI - sidan gift og busett i Montana? - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år, men som eg aldri har greidd å gjera noko meir med.  Kanskje er no tidi kommi?

 

Olina Knutsdotter Bollingberg, fødd i Luster 31.10.1859, som dotter av Knut Olson (1812-1896) og Sophia Olsdotter (1826-1886), plassfolk på Samgrandane under garden Bollingberg, flytte visstnok på 1890-talet til Bergen der ho arbeidde som syerske til ho i 1904 utvandra til Amerika med reisemål Stoughton, WI:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=52875&merk=52875#ovre

 

Olina hadde ein yngre bror:

 

Thomas Knutson Bollingberg, fødd i Luster 15.7.1867.  Han var gift med Johanna Sølfestsdotter, fødd i Luster 20.5.1875.  Dei var i mange år husmannsfolk på plassen Stein under garden Fuhr i Luster og fekk ni born i lag, men i 1909 reiste Thomas frå kona si til Amerika, ogso han med reisemål Stoughton, WI:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=65325&merk=65325#ovre:

 

FT1910 syner dei to søskeni Thomas Steen og Olina Bollingberg busette på ein farm i Garfield township, Polk Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYY-KDN

 

Thomas står med utvandringsåret 1909, som stemmer, medan Olina står med utvandringsår 1887, som eg ikkje kan forstå!  Eller har ho vore ein tur i Amerika før ho i 1904 utvandra (på ny)?

 

Det vert i Noreg fortalt at Thomas kring 1914 skal ha flytt til Mulvihill, MB der han skal ha farma til han kring 1923 kom attende til Luster.  Han d. i Luster 14.7.1952.

 

Og her finn me Thomas i FT1916 for Selkirk, MB, men i lag med han bur kona Johanna, som eg ikkje har sett nokon stad utvandra!: https://www.ancestry.com/interactive/1556/31228_4363959-00483?pid=760070720&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1556%26h%3D760070720%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx7786%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx7786&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Og her er Thomas i FT1921 for same stad, då UTAN kone, men MED borni Conrad og Tea som då hadde utvandra i mellomtidi: https://www.ancestry.com/interactive/8991/1921_027-E002886611?pid=7184927&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D8991%26h%3D7184927%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx7787%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx7787&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Om Oline fortel slekt i Amerika at ho skal ha vorti gift og busett seg i Montana, men dette har eg ikkje greidd å finna ei stadfesting på!  Dødsdatoen hennar er ukjend.

 

Dei store utfordringane her er følgjande:

 

** Kvar vart det av Oline Knutsdotter Bollingberg etter 1910?

 

** Var Olina ein tur i Amerika alt i 1887?

 

** Kvar var Olina i FT1900?

 

** Forklaring på kva kona til Thomas gjer i Manitoba i 1916 og kva tid ho utvandra?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frå Ancestry:

 

Olina K. Bolingberg

 in the Web: Minnesota, Alien Registration Index, 1918

Name:Olina K. Bolingberg

Birth Year:abt 1868

Age:50

Registration Year:1918

Registration Place:Holt, Marshall, Minnesota, USA

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Olene Bolingberg

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1826-1945

Name:Olene Bolingberg

Gender:Female

Event Type:Marriage

Birth Place:Mari Frivn Inde Logn

Marriage Date:9 Jan 1918

Marriage Place:Holt, Minnesota, USA

Father:Knut Sophie Bolingberg

Spouse:Sven Karlson

Church Name:Nazareth

Church Location:Holt, Minnesota

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sven Karlson

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1826-1945

Name:Sven Karlson

Gender:Male

Event Type:Marriage

Birth Place:Elentop Sverige

Marriage Date:9 Jan 1918

Marriage Place:Holt, Minnesota, USA

Father:Karl Erickson

Spouse:Olene Bolingberg

Church Name:Nazareth

Church Location:Holt, Minnesota

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Det vert i Noreg fortalt at Thomas kring 1914 skal ha flytt til Mulvihill, MB der han skal ha farma til han kring 1923 kom attende til Luster.  Han d. i Luster 14.7.1952.

 

Og her finn me Thomas i FT1916 for Selkirk, MB, men im klag med han bur kona Johanna, som eg ikkje har sett nokon stad utvandra!:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:KMGR-K41

Folketellingen for 1916 oppgir immigrasjonsår for både Thomas og Johan(na) til 1913.

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99D4-YS71-L?i=32&cc=2185163

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99D3-17RJ-C?i=104&cc=2185163

Thomas ser ut til å ha reist fra Canada til Minnesota i august 1914,  men kan vel ikke ha vært lenge der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torodd, Lars J. og Lars W. for spennande og nyttige innlegg!  Eg er storligen imponert over kva de har greidd å finna på so kort tid!

 

Det er tydeleg at Olina ikkje kan ha utvandra til Amerika før i 1904, men spørsmålet om utvandringi til Johanna står framleis òpe.  Thomas og Johanna INNvandra til Canada i 1913, Thomas frå Wisconsin og Johanna tydeleg direkte frå Noreg??  Vanskeleg å verta klok på dette...  Mange av dei yngre borni til Thomas og Johanna reiste ikkje til Amerika før mykje seinare!!  Berre eldste sonen Sølfest Thomasson (Bollingberg) (1894-1966) utvandra so tidleg som i 1911, og då skulle han til «far sin i Morrisonville, Dane Co., WI!»:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=72638&merk=72638#ovre

 

Attende til Olina, so har eg no sett opp eit manuskript for ho som etter alle desse flotte opplysningane ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Olina Knutsdotter Bollingberg, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen, var f. 31.10.1859.  Olina tok over styringi av plassen etter at mori var avlidi i 1886 og dreiv han fram til kring 1895.  Sidan var ho nokre år brakkestyrar på Harastølen.

Olina Bollingberg flytte kort etter hundreårsskiftet til Bergen og arbeidde der som syerske til ho i 1904 utvandra til Stoughton, Dane Co., Wis.  Truleg arbeidde ho også i Amerika som syerske («seamstress»), men i 1909 flytte ho med broren Thomas til ein farm i Garfield township, Polk Co., Wis.  Deretter skal ho ha butt ei tid i Vernon Co., Wis., men ho gifte seg i Holt, Minn. 9.1.1918 med Sven Karlson frå

 

#####(opphavet hans i Sverige? – Elentop?)

 

i Amerika kjend som Swen Carlson.  Han var son av

 

##### (parents? – Karl Ericsson and ??)

 

og f.

 

##### (exact date and place of his birth? – Sweden 1864?)

 

men utvandra til Amerika i 1889. 

 

##### (emigration year to be verified?)

 

Swen og Olina farma i East Valley township, Marshall Co., Minn. der Olina d.

 

##### (place of her death?)

 

8.6.1926.  Swen Carlson d.

 

##### (date and place of his death? – after 1930!)

 

Dei fekk ikkje born i lag.

Men Oline Knutsdotter fekk ein son, medan ho budde i Gaupne:

 1. Sakarias Torkildson Bollingberg (1890-1900), var son av Olina og husmann Torkild Christenson på Hesjebakken under Rønnei (1867-1931).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

So mykje meir er det vel ikkje å finna, men kanskje nokon greier å identifisera Swen Carlson og opphavet hans i Sverige?  Fødestaden hans er vanskeleg å lesa i kyrkjeboki, men her er i alle fall «originalen»:

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_315115-00180?pid=1045965&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx7801&_phstart=successSource

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg søkte litt i aviser for Marshall Co og dette er hva jeg fant - så får du vurdere hva som er relevant 🙂

 

Warren Sheaf (Warren, Minnesota) 24 Jul 1913, Thursday, Page 1

Warren Sheaf (Warren, Minnesota) 24 Jul 1913, Thursday, Page 1.jpg

 

Warren Sheaf (Warren, Minnesota) 24 Dec 1913, Wednesday, Page 2

Warren Sheaf (Warren, Minnesota) 24 Dec 1913, Wednesday, Page 2.jpg

 

Warren Sheaf (Warren, Minnesota) 11 Feb 1920, Wednesday, Page 9

Warren Sheaf (Warren, Minnesota) 11 Feb 1920, Wednesday, Page 9_HD.jpg

Warren Sheaf (Warren, Minnesota) 11 Feb 1920, Wednesday, Page 9.jpg

 

Warren Sheaf (Warren, Minnesota) 16 Feb 1921, Wednesday, Page 6

Warren Sheaf (Warren, Minnesota) 16 Feb 1921, Wednesday, Page 6_HD.jpg

Warren Sheaf (Warren, Minnesota) 16 Feb 1921, Wednesday, Page 6.jpg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste spennande innlegg!

 

Det høyrest ut som om Olina Bollingberg må vera kommi til Marshall Co., MN alt seinast i 1913.  Kanskje kom ho dit som hushaldar hjå Swen?

 

Eg har elles i kveld motteke dødsattestane til både Olina og Swen, i alle fall til den Swen eg trur må vera «vår» Swen Carlson, død i Warren, MN 22.2.1934.  Olina sin var for stor til å gå gjennom «systemet», men Swen sin er lagt ved.  Eg stussa nok litt på alderen hans, men informanten har truleg ikkje visst so nøye...  Kanskje ein obituary kan finnast?

 

No er spørsmålet:  Let det seg gjera identifisera det svenske opphavet hans?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til løysing av denne utfordringi!

Swen Carlson death.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege i «dvale» i snart tre veker.

 

Eg har diverre ingen nye opplysningar å by på om Olina og mann hennar, men lurer på om det er nokon som vil «våga seg» på den utfordringi det er å sjå etter det svenske opphavet til Swen Carlson.  Kanskje er det mogeleg å finna ein «obituary»?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du sjekket disse for Swen?

The Web: Minnesota, Alien Registration Index, 1918 - LENKE ANCESTRY
Name:    Swan Carlson
Birth Year:    abt 1865
Age:    53
Registration Year:    1918
Registration Place:    Holt, Marshall, Minnesota, USA

 

The Web: Minnesota, Naturalization Index, 1849-1985 - LENKE ANCESTRY
Name:    Mr Swan Carlson
Gender:    Male
Naturalization Year Range:    1853-1967
Residence Place:    Marshall, Minnesota, USA
Spouse:    Olina Carlson

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget!

 

Nei, desse naturalization records har eg ikkje sjekka.  Dei er vel ikkje tilgjengelege online lyt vel tingast frå the Iron Range Research Center i Chisholm, MN?

 

Før eller seinare treng eg nok ta kontakt med dette forskingssenteret uansett, so kanskje dette er tidi til å oppretta ein slik kontakt?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med oppklaring av identiteten til Swen Carlson!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Dei er vel ikkje tilgjengelege online lyt vel tingast frå the Iron Range Research Center i Chisholm, MN?

 

Ja, du får de tilsendt pr. mail - Alien Registration of 1918 er ofte svært så innholdsrike.

 

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget!

 

Jau, eg vil ta kontakt med senteret når me kjem ut på ettermiddagen (vår tid)...

 

Med omsyn til fødestaden i Sverige oppgjeven ved vigsli (sjå innlegg #9 over), so har eg forstått det finst fleire mogelege stadar i Sverige dette kan vera:

 

Eliantorp, Risinge socken i Östergötlands län

Elintorp, Malung socken i Kopparbergs län

Ellentorp, Grönby socken i Malmöhus län

Ellentorp, Malmö by, Malmöhus län

Ellentorp, Reslöv socken, Malmöhus län

 

Kanskje nokon har ei meining om kva som står i vigsli frå innlegg #9?  Skal me kanskje til Skåne?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.