Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Den «reisande» «Gryte-Per» frå Solvorn i Hafslo (1776-1853) hadde ein bror Mons Olson, fødd 1765 - forsvinn etter 1785 - kvar ka han ha vorte av? - kan henda òg «reisande»?


Recommended Posts

«Gryte-Per», som etter «rett» heitte Peder Olson (Solvorn) (1776-1853), er stamfar for mange «reisande» på Vestlandet og i andre delar av landet.  Han var son av Ole Larsson (1735-1807) og kona Anna Monsdotter (1735-1790), plassfolk på Kyrkjeteigen under garden Bollingberg i Luster.

 

Ole og Anna hadde to andre born som voks opp, mellom anna sonen:

 

* Mons Olson, fødd i Luster kring 1765.  Han vart konfirmert i Luster i 1783: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000457824

 

Me har ei fråsegn om at han framleis var i live i 1785, men so forsvinn han frå Luster.

 

Ein person med eit so vanleg namn er vel bortimot vonlaus å finna att, men med tanke på at broren vart «reisande», er det eit spørsmål om kanskje ogso Mons Olson er å finna mellom dei «reisande»?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.