Gå til innhold
Arkivverket
Thore Senneset

Kven var fadderane til Mari Regine Andersdotter f. 1813

Recommended Posts

Thore Senneset

SAB, Kinn Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1785-1821, s. 275
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070510620069

 

Nederste dåpen på venstre side. Eg *trur* førstemann er Isak Aarentson Førde (det stemmer greitt med ein av brukarane på garden) og at dei to siste må vere Marte/Marie Andersdotter Løvikneset og Gunni Torsteinsdotter Førde, men så var det dei to-tre i midten, då...

 

Claus Finde var ikkje akkurat sparsom med blekket, ei heller stø på handa på sine siste dagar...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg
Skrevet (endret)

tja....

Eg trur du har rett...

Så meiner eg at nr. 2 er "Isaac Christens: (Re?)itene(??)"

Dinest ein "A...." , kanskje "Anna", og sist på linja "Peder"- men det kan vere overstroke

på 3.siste linja les eg "Anders Anders Datt: Førde" - men i så fall stemmer ikkje førenamn og patronym-ending;

og så "Marta Anders Dat: Løviignæset og Gunii Torstens Dat: Førde", som du har tyda).

 

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Thore Senneset
19 minutes ago, Ivar S. Ertesvåg said:

tja....

Eg trur du har rett...

Så meiner eg at nr. 2 er "Isaac Christens: (Re?)itene(??)"

Dinest ein "A...." , kanskje "Anna", og sist på linja "Peder"- men det kan vere overstroke

på 3.siste linja les eg "Anders Anders Datt: Førde" - men i så fall stemmer ikkje førenamn og patronym-ending;

og så "Marta Anders Dat: Løviignæset og Gunii Torstens Dat: Førde", som du har tyda).

 

 

 

(Re?)itene(??) kan meget vel vere "Leitene" som er eitt av brukene på garden Førde i Bremanger. Ikkje noko dårleg forslag, slett ikkje!

Anna Pedersdotter kan også vere aktuelt, men Anders som er både mann og dame ( 😉 ) går som du seier ikkje heilt opp. Eg lurer på på om Finde har rota og at det muligens ikkje er ei Anna Pedersdotter men heller ei Anna Andersdotter vi skal fram til. Må gruble litt på den der og samanlikne med døtre, tanter og andre frå "Førs" på den tida.

 

Du skal ha takk for at du tok deg tid! 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Det er nok "Leitene" ja.

 

men eit spørsmål: "Førs" er vel genitiv; men er det genitiv til "frå"?  (på gammalnorsk var det dativ til "frá")

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Thore Senneset
Skrevet (endret)

Garden heiter Førde men der heime snakkar vi om at "han eller ho bur i Førs" eller at "han er Førs'ar". Tilsvarande for garden Grotle er "Grols". Garden Førde er mellom dei som er nemnde i Bergens Kalvskinn på 1300-talet saman med mellom anna Grotle og (i følge siste tolking) Senneset.

Endret av Thore Senneset

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.