Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Torstein og Brita Gjersheim - eller står det nokon anna? - kven var dette parfolket som i 1890 var fadrar i Eau Claire, WI?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Eg syner til følgjande kyrkjebokside frå First Lutheran church i Eau Claire, WI - post #151 - dåpen av Edmund Thomas, son av Christian Arneson og Brita Anderson, fødd 23.4.1890 og døypt 13.7.1890

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314773-00446?pid=4008147&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx8474%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3Dedmund%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DAnderson%26gsln_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1890%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D1%26msbpn__ftp%3Deau%20claire,%20wisconsin,%20usa%26msbpn%3D943%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D0%26h%3D4008147%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx8474&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Dei to første fadrane til dette barnet tolkar eg som:

 

Torstein Gjersheim og Brita Gjersheim

 

Eller står det noko anna?

 

Namnet Gjersheim synest finnast berre to stadar i Noreg, på Tysnes og i Kvinnherad, men eg finn ikkje nokon Torstein nemnd nokon av stadane i dei søkberre kjeldene våre!

 

Neste spørsmål er:  Kven var dei?

 

Eg mistenker Brita for å være eldste søster til barnefaren Christian, Britha Arnesdotter, fødd i Hafslo 6.5.1840 og utvandra ugift i 1861!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om dette parfolket!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Skudd i blinde:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XLFD-332

 

Britha Arneson

mentioned in the record of Anna T. Rasmuson
Name Britha Arneson
gender Female
Husband Torsten Rasmuson
Daughter Anna T. Rasmuson
Other information in the record of Anna T. Rasmuson
from Wisconsin, Death Records
Name Anna T. Rasmuson
Event Type Death
Event Date 1886
Event Place Mondovi, Buffalo, Wisconsin
Gender Female
Age 10
Marital Status Single
Race White
Occupation Child
Birth Date 27 Jul 1876
Birth Year (Estimated) 1876
Birthplace Mondovi, Buffalo, Wisconsin
Cemetery Thompson's Valley Cemetery
Father's Name Torsten Rasmuson
Mother's Name Britha Arneson

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit «skot i blinde»!

 

Denne Torsten Rasmusson var fødd på Nordgulen i Gulen 26.6.1846: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012673188

 

Han utvandra til Amerika kring 1862 og gifte seg i Buffalo Co., WI 28.4.1873 med ei Britha Arnesdotter, men som me ser av vigselsattesten, var dette ei anna Britha:

 

Name Thorston Rassmussen
Event Type Marriage
Event Date 28 Apr 1873
Event Place Naples, Buffalo, Wisconsin, United States
Gender Male
Marital Status Unknown
Race White
Birthplace Norway
Father's Name Rosmus Thorstenson
Mother's Name Mary Christensdotter
Spouse's Name Boele Annesdotter
Spouse's Gender Female
Spouse's Marital Status Unknown
Spouse's Race White
Spouse's Father's Name Arme Oleson
Spouse's Mother's Name Syneve Olesdotter

 

Dette er nok fødsli til denne Britha i Lavik 1842:

 

Name Brita Arnesen
Gender Female
Birth Date 10 Sep 1842
Christening Date 18 Sep 1842
Christening Place LAVIK,SOGN OG FJORDANE,NORWAY
Father's Name Arne Olsen
Mother's Name Sunneva Olsdr

 

Huslyden skreiv seg forresten i all hovudsak for THOMPSON, jmf. FT1880 for Naples township, Buffalo Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYB2-ZPC

 

Etter dette tviler eg heller sterkt på om dette er Torsten og Brita Gjersheim.  Tidsmessig kunne dei ha passa ganske so godt, men berre det at dei over hovudet ikkje var i slekt med Christen eller Britha Arneson/Anderson...

 

Men det er viktig å freista, og svært so ofte treng ein nettopp «skot i blinde» for å løysa slike utfordringar!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å identifisera Torstein og Brita Gjersheim!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no vore i kontakt med bygdebokskrivaren på Tysnes, men han kan diverre ikkje dra kjensel på nokon Torstein Gjersheim som er komen derifrå, so då spørs det...

 

Kan han vera komen frå Kvinnherad, eller har han namnet sitt frå ein heilt annan stad?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan bidra til å komma nærare ei løysing på denne store gåta!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Ref. innlegg #3:

Quote
Mother's Name Mary Christensdotter

 

Denne Mari hadde vel opphav i Luster? Ho var stemor til Torstein Rasmusson.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for siste innlegget.

 

Jau, du har rett i kva du seier.  Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for husmannsplassen Grindeslettet under garden Flikki i Luster der dette kjem fram:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Larsson {Flikki}, f. {i Luster} 20.3.1836,

Ole Flikke utvandra til Amerika i 1861 og budde truleg i Buffalo Co., Wis. til han gifte seg der 23.12.1884 med enkja Mari Christensdotter, opphavleg fr Haugen under Ottum.  Ho var f. i Luster 25.10.1828 og gifte seg første gongen i Gulen 1.7.1858 med husmann og enkjemann Rasmus Torstenson frå Nordgulen i Gulen.  Rasmus Torstenson var son av husmann Torsten Erikson og Kari Olsdotter på Nordgulen i Gulen, og der var Rasmus f. 5.3.1820.  Rasmus og Mari var plassfolk på Nordgulen i Gulen nokre år, men utvandra til Amerika kring 1866.  Rasmus og Mary Thompson slo seg ned i Naples township, Buffalo Co., Wis. der Rasmus var farmarbeidar («farm laborer»).  Rasmus d. i Buffalo Co., Wis. i 1882.  Etter dei vart gifte, flytte Ole og Mary Flikke til Goodhue Co., Minn., men dei kom attende til Wisconsin og budde dei siste leveåri på ein farm i Mondovi township, Buffalo Co., Wis. der Mary Flikke d. 16.3.1915.  Ole d. i Buffalo Co., Wis. berre nokre dagar etter ho, 24.3.1915.  Dei vart barnlause, og ikkje fekk Mary born med første mannen heller.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne teksten vart publisert for 32 år sidan, i 1986, og eg ser eg manglar ein par detaljar som etter «dagens standard» burde vore på plass,

 

* Nøyaktig utvandringsår for Mari og Rasmus?

 

* Namn på plassen dei budde på under Nordgulen?

 

Men kanskje let det seg gjera å føya dette til no?

 

Elles løyser vel ikkje dette problemstilllingi kring Torstein og Brita Gjersheim, med mindre husmannsplassen under Nordgulen tilfeldigvis skulle ha hatt namnet Gjersheim??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Takk Lars,

Beklager å avspore temaet ditt, men dette er vel Rasmus Thompsen; https://www.findagrave.com/memorial/181888468

 

Quote

Buffalo County Herald
May 11, 1883

DIED. Thomas. At his home in Thompson Valley May 8, 1883 Rasmus Thompson, aged 61 years. Mr. Thompson was of Norwegian birth and came to this country in 1868 and settled in this town. In going from the village one day last week he fell from his wagon, sustaining injuries, including a broken arm, which resulted in his death. He married Mary.

He was the father of Thomas R. Thompson (abt 1847) and was much respected by his countrymen.

 

Rasmus fekk først sonen Torstein f. 26.6.1846 (aka Thomas / Tom R. Thompson) med ei Synneve Andersdtr. - kvar var ho frÅ

Så var han gift med Johanne Iversdtr Sætre i 1847 og dei fekk ei dotter (Kari).

Mulig det står meir om desse i Gulen-bøkene, men har dei godt nedpakka nett no :-)

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for siste innlegget frå i aftes!

 

Avsporing er ikkje noko problem.  Me skal nok få «pensa» dette inn att på rett spor...

 

Eg ser av Québec-lista at Rasmus Torstenson Nordgulen med kona Marie og sonen Torsten utvandra i 1868, so dette årstalet stemmer,

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Quebec65&gardpostnr=8899&merk=8899#ovre

 

men eg tvilar framleis sterkt på om desse folki har noko med Gjersheim å gjera, med mindre, som før nemnt, Gjersheim skulle ha vore eit plassnamn under Nordgulen...  Her er huslyden i FT1865:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1411&kenr=002&bnr=0023&lnr=000

 

Eg har forresten motteke ein kommentar om denne saki i ei direkte melding, som mellom anna seier følgjande:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Gjersheim ligger i dag i Kvinnherad under Hamarhaug Nedre i Ølve som tidligere var futegård.
Mens futen herjet i område lå Gjersheim under Tysnes fram til begynnelsen av 1900.
Da ble alle gårder på østsiden av Lokksundet overført fra Tysnes til Kvinnherad.
Derfor eier Tysnessinger enda jord på østsiden av Lokksundet i Kvinnherad.
 
Jeg har sett litt på Torstein og Brita Gjersheim men kan ikke finne dem i Kvinnherrad bygdebok.

Det som sannsynligvis er et problem her er at futen hadde et stort tjenerskap som bodde på husmannsplasser.
Disse som var bosatt på husmannsplassen kom fra andre plasser og var Torstein og Brita gift andre steder enn i Ølve eller på Tysnes kan det bli vanskelig å spore dem. De var kanskje bare en kort tid på Gjersheim før de utvandret til Amerika.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Noko som elles òg kan vera ein «kompliserande faktor», er det faktum at namni som folk nytta i kyrkjeboksamanhang i Amerika, ofte var heilt andre enn dei me finn i dei offisielle kjeldene.  Eg er fleire gongar vorten «lurt» av dette, til dømes der folk tydeleg har butt på ein viss stad og fått born der, men som ikkje er å finna i dei offisielle folketeljingane!  Berre etter nærare analyse av borni og namni deira har eg greidd å lokalisera dei...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera dette parfolket i Amerika!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no sjekka bygdeboki for Gulen, og den plassen som Rasmus Torstenson og huslyden hans utvandra ifrå i 1868, vart bortfest til far hans alt i 1826 og vart då kalla «Krokane», so ikkje noko Gjersheim der, so vidt eg kan sjå...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om kven Torstein Gjersheim kan ha vore...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.