Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Jens (1831) og Monsine (1836) Monsen i Chicago, IL - kvar vart dei av etter 1880? - dotter Mary May Monsen - fødd i Chicago, IL 1879 - gift 1906 med John Edward O'Brien - lagnaden hennar FØR 1906 og ETTER 1948? - ei amerikansk kjempeutfordring!


Recommended Posts

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet etter at eg no har undersøkt dødsregisteri for Cottonwood Co., MN og Milwaukee Co., WI.

 

Jens Andreas alias Andrew Munson er IKKJE ført som avliden i Cottonwood Co.. MN mellom 1895 og 1900, so anten manglar innførsli i dei offisielle registeri (føringi av dødsfall på County-nivå vart ikkje obligatorisk før i 1907!), eller han døydde ein annan stad!  Kanskje hadde han eitt eller anna handverksyrke (snikkar som faren?) og var borte på arbeid då han døydde?  Eg veit ikkje...  Einaste ek kan tenkja meg ville vera ein OBITUARY for Kjersti «Christine» Munson som døydde nær Walnut Grove, MN 17.4.1921?

 

Korkje John Edward eller Mary Mae O'Brien fins i dødsregisteri for Milwaukee, WI mellom 1942 og 1960, so dei er truleg flytte derifrå etter dei vart pensjonistar!?  Eg har absolutt ingi aning om kvar dei kan ha vorte av (= kvar leitingi skal ta til)...!?

 

Manuskriptet for desse søskeni er soleis uendra i høve manuskritet i innlegg #25 på føregåande side.

 

Om nokon har tips om korleis me kan finna ut av desse manglande dødsfalli, ville eg setja stor på det!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.