Gå til innhold
Arkivverket
Knut Flem

Jordskifteprotokollar

Recommended Posts

Knut Flem

Eg går ut frå at gamle jordskifteprokollar er tilgjengeleg ditalt ein eller annan stad. Eg har ikkje funne den staden, så no håper eg på hjelp.

Konkret leitar eg etter slike protokollar frå utskifting av klyngetun som gjekk føre seg på 1860-talet her i Haram kommune, M&R.

Det eg har funne, er ei kjelde til utskiftingskart frå denne tida: https://wcarkiv.domstol.no/wcarkiv/kommunelist.wc?ID=

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
AnitaRiise (Statsarkivet Bergen)

Dei same jordskiftekarta kan også finnast i ein meir høgoppløyseleg versjon ved å gå inn på Digitalarkivet, vel "finn kilde" og ta deretter eit fritekstsøk på "jordskifte". (Men domstolen sitt kartarkiv som du lenka til er lettare å finne fram i)

Vi har ikkje lagt ut dei gamle forhandlingsprotokollane til jordskifteverket. Men desse utskiftingane kan du også finne i det tinglyste eigedomsmaterialet som er lagt ut fram til 1950. Nedanfor følgjer ei kort forklaring til korleis du finn fram i dette materialet som også inneheld ei rad med andre tinglyste dokument.

 

MANUELL/GAMAL GRUNNBOK (REGISTER)

Dette er eit register over kva som er tinglyst på den enkelte eigedom og er oppdatert til ca 1991. Du gjer oppslag i registeret via lenka under:

https://media.digitalarkivet.no/self-service/grbb

Øvst på grunnboksbladet ser du om eigedommen har høyrt til i ei anna kommune tidlegare. På høgre side ser du referansen til kvar du skal finne det enkelte dokument.(For eksempel 14-182 betyr i protokoll 14 på side 182).

FINNE DOKUMENT FØR 1936

Bruk lenka nedanfor og skriv inn kommune og årstal og trykk søk. Då får du opp oversikt over protokollar som kan innehalde det aktuelle dokumentet. Vel protokoll og bla fram til riktig side. Ofte er det ført inn fleire dokument på kvar side i panteboka. Då må ein gjerne bruke gardsnamn eller gardsnummer for å identifisere dokumentet:

https://media.digitalarkivet.no/tl/pbok/browse

FINNE DOKUMENT 1936 - 1950

Dokument tinglyst 1936-1950 finn du ved hjelp av dagboknummer(står heilt til venstre på grunnboksbladet) og tinglysingsdato. Skriv inn kommune og aktuell periode i skjemaet på lenka og trykk på søkeknappen: https://media.digitalarkivet.no/tl/pbok/browse

Du får opp ei liste med pantebøker som passer søket ditt. Til høgre i lista finn du ei lenke som peikar direkte til innhaldslista for kvar pantebok. Der vil du igjen finne snarveg/lenke til det aktuelle dokumentet, eller lenke til tinglysingsdato (du må då bruke blafunksjonen).

 

 

 

For meir utfyllande rettleiing til eigedomsmaterialet: https://digitalarkivet.no/content/3/informasjon-om-eiendom-og-tinglysing

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Flem

Takk for hjelp!

Då har eg funne fram til aktuelle pantebøker. Så vidt eg forstår, må ein bla seg gjennom sidene for å finne det ein leitar etter. Eller er det noko enklare (raskare) metode?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
AnitaRiise (Statsarkivet Bergen)

Ved å slå opp i grunnboka først ( https://media.digitalarkivet.no/self-service/grbb ), så får du referanse til datoen utskiftinga er tinglyst på og referanse til nr på protokoll og kva sidetal i protokollen forretninga startar -" På høgre side ser du referansen til kvar du skal finne det enkelte dokument.(For eksempel 14-182 betyr i protokoll 14 på side 182). "

 

Når du finn sjølve utskiftninga, så vil denne, som regel, starte med kven som er tilstades og bakgrunnen for utskiftinga, deretter går ein opp grenselinjene og kven som eig kvar. Til slutt kjem vegrettar, gjerdeplikt og andre rettar og plikter, og rekneskapet i samband med huseflytting som er naudsynt pga den nye oppdelinga.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Flem

Dette var god hjelp - tusen takk!

I den aktuelle utskiftinga eg nettopp slo opp var det vanskeleg å finne sluttdatoen for utskiftingsforretninga. Til slutt i protokollen står det berre "Overudskiftningen træder i Kraft fra idag." pluss namn på medlemene i retten og stadfesting på rett utskrift. Ved å bla tilbake frå siste side fann eg omsider ein dato retten var sett, som eg går ut frå var den "idag" det var referert til. Det er vel ikkje nokon annan måte å finne sluttdatoen på i slike tilfelle. Dette var ei "Overudskiftning" tinglyst i 1868.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.