Jump to content
Arkivverket

Christopher Hermansen frå Luster (1764-1800) - er han registrert som sjømann nokon stad?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

For mange år sidan noterte eg meg følgjande om ein husmannsson frå garden Skår i Luster:

 

~~~~~~~~~~~

 

Christopher Hermundson {Skaar}, døypt i Luster 27.3.1764,

Christopher Hermansen vart sjømann og budde visstnok i Bergen, men d. ugift alt i 1800, truleg ved forlis.  Skiftet etter han vart halde i Bergen 16.10.1800; mori og dei fire attlevande søskeni var ervingane hans.

 

~~~~~~~~~~~

 

Når eg no gjer eit «detaljert personsøk» i det nye Digitalarkivet, finn eg INGEN referansar til denne sjømannen frå Luster, og eg lurer på følgjande:

 

* Finst det dokumentasjon på kva «meritter» Christopher hadde som sjømann?  Kvar siglde han og kva tid?  Nærare om forliset?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Eg tillet meg i dag å henta fram att denne utfordringi som har lege «i dvale» i snart to veker og som eg er redd skal gå i den berømte «gløymeboki».

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

 

Bergens Adressecontoirs Efterretninger  13.09.1800:

 

image.png.81c775615dcf576971985a1bfc8d33ef.png

https://www.nb.no/items/f727ab04e6c7ae7fc5158f123241fcd1?page=1&searchText=christopher

 

og Bergens Adressecontoirs Efterretninger  25.10.1800

image.png.c8e307ddd716482f9df6445acfe4cc1b.png

https://www.nb.no/items/edf9a2c73f00c641e0bc1cee27b41c62?page=1&searchText=christopher

Edited by Richard Johan Natvig
Link to comment
Share on other sites

På 28.5.2018 den 21.03, Lars E. Øyane skrev:

Skiftet etter han vart halde i Bergen 16.10.1800

 

Misforstår eg, vart ikkje skiftet slutta 14.mai 1801?:

SAB, Byfogd og Byskriver i Bergen, 06/06C/L0007a: Skifteprotokoller, 1796-1826, s. 92b-93a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111680095
 

 

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Richard for nye spennande innlegg!

 

Det stemmer nok at skiftet etter Christopher Hermansen ikkje vart slutta før på våren i 1801, men som du ser, vart det òpna 16.10.1800, og det som i første rekke var òrsaki til at tok opp dette emnet, var å finna bakgrunnen for dødsfallet, noko eg tykkjer kjem godt fram av den første «Efterretningen» frå «Bergens Adressecontoir» frå 13.9.1800 der me får vita at han døydde som matros «under Reisen med Capitaine Henrich Schlühting af Flensborg».

 

Sidan Christopher ikkje er nemnd i lista over sjøfolk frå Bergen 1754-1800:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=matr1754&spraak=n&metanr=97

 

skulle me neste tru at han må ha butt ein annan stad, og kven veit; kanskje var han flytt til Flensburg?

 

Er det mogeleg å forfølgja denne linja?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempeutfordringi!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.