Gå til innhold
Arkivverket

Thomas Larmo, fødd 1874 - norskamerikansk offiser på Filippinane - kvar vart det av denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Egil og Åsbjørg for nye interessante innlegg!

 

Eg har i kveld hatt ny kontakt med California, og det syner seg at eitt av listemedlemmene bur i nærleiken av Martinez, CA.  Ho fann eit telefonnummer og ringte for nokre timer sidan.  Då fekk ho berre ein telefonsvarar.  I kveld fekk eg følgjande melding:

 

«Haven't heard from her but she may visit around on Sunday after Mass.  At least one of the Mosley cousins died in Pittsburg when Shirley's brothers were dying in Bay Point and Vacaville.  Pittsburg is only about 10 minutes from Martinez.  Bay Point is maybe 30 minutes and Vacaville is 45 minutes to an hour.  So at least some of them were close.»

 

So, førebels ikkje noko meir å melda, men eg krossar fingrer og tær og vonar og trur at me no endeleg kan komma «til botn» med denne Larmo-slekti!  Det hadde vore kjempebra!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne Larmo-biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag motteke kopiar av dødsattestane til dei to døtrene som døydde unge i Spokane, WA, og likeins for adoptivfaren William Eittson, samt vigselsattesten for søsteri Elizabeth.  Det er interessant å sjå korleis dei har gjort Thomas Larmo til spanjol!!  Elles er det jo merkeleg at Flora var kommi dit somtidleg som i 1925...  Merkeleg var det òg at dei brått passa i format utan redigeringshjelp frå Egil!!!

 

Eg sendte forresten kopi til California av FOLD3 dokumentet som synte dødsfallet til Thomas Larmo og fekk følgjande kommentar attende:

 

«Lars, this is one document I'd follow up on.  I think both files will have valuable information.  I don't know how much the files cost now.  Some are on Fold3, but more of them just hold the index cards.  I sent for my great grandfather's pension file and got tons of information, including the birthdate of all his children, even the ones who died with those dates too.  When I got that nothing was on Ancestry except the index cards with the pension numbers, like below.  Each file cost $35 and it was worth every penny.  For one thing I found where they went to get married...they were first cousins so they had to go where no one knew both families.  I expect that his pension file will have the full name of his wife and the DATE and PLACE of their marriage, whether Temotea was dead or alive in 1927...and will be repeated for the children's claim on the death of Thomas.»

 

Det høyrest ut som det kan vera vel verdt å investera i desse filene, men først vil eg gjerne høyra kva dotterdotteri i Martinez, CA har å fortelja når kontakten min i California får ho i tale...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Mortenson marriage.JPG

Ettison death3.JPG

Ettison death.JPG

Ettison death2.JPG

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

41 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Det er interessant å sjå korleis dei har gjort Thomas Larmo til spanjol

I tellingane både 1910 og 1920 blir det vel sagt at han har skotsk far og canadisk mor, så han er jo ganske så internasjonal allerede...

  • Haha 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Åsbjørg for siste kommentar!

 

Jau, det er ein ganske so «internasjonal» huslyd me her har med å gjera...

 

Eg har forresten motteke obituaries for adoptivforeldri Leona og William Eittson i Spokane, WA, men som ein vil sjå, dei fortel ikkje stort som hjelper oss...

 

Framleis har ikkje kontaktpersonen min i California meldt seg med nye opplysningar, men derimot har eg fått ein e-post frå ein annan etterkomar, og han skriv mellom anna´følgjande;

 

«My mother is Mary Lew Mosley the second child of Helen Dolores Larmo Mosley Johnson, my grandmother.  Who was indeed born in Rizal, Philippines to Timiteo Dolores Martinez Larmo according to our family records, but her name may differ on other records, including yours.  She was of Spanish Catalonian descent.»

 

So kanskje nærmar me oss eit «korrekt namn» på kona til Thomas Larmo?  Eg vil sjølvsagt skriva attende og be om fleire detaljar...

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordrande huslyden!

EittsonL.pdf

EittsonW.pdf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg òg motteke ein obituary for Dorothy Larmo Ettison frå 1934 som mellom anna syner at ho hadde butt hjå William og Leona i 6 år, som høver bra med at ho kom dit hausten 1928.

 

Men endå meir spennande er at eg no har fått fleire opplysningar frå etterkomarane etter denne Larmo-ætti, og ein del nye detaljar er komne på plass.

 

Sonen Clemens Larmo er dukka opp som avliden i Seatte, WA i 1936, med ein ny namnevariant:

 

Name Clem Larmore
Event Date 19 Feb 1936
Event Place Seattle, King, Washington
Gender Male
Age (Formatted) 27 years 2 months 26 days
Birth Year (Estimated) 1909
Father's Name Thomas Larmore
Mother's Name Tomotea Evangilista

 

Her er so noko av det som etterkomarane skriv:

 

«Thomas enlisted during the Spanish American War and was initially sent to army camp and then Puerto Rico, became very ill and hospitalized.  When recovered, he was shipped to the Philippines.  His enlistment records say that he was 5'6 3/4", blue eyes, brown hair.  Once there he decided to stay.  He met a woman who was either Filipino or Filipino/Spanish mestiza and had 11 children!  I imagine he preferred life there then to the cold, strict existence of Wisconsin.  He never returned there.

 

He remained at Ft McKinley in the Philippines.  His wife, Timotea Evangelista, died of tuberculosis in 1922. Thomas was also already sick (and had a new partner) and made the decision to bring his young children to the US to be cared for by his best friend, William Eittson and his wife in Spokane, WA.  Records show he made 2 trips, the first one in 1924.  Unfortunately, they all suffered from TB and two daughters died shortly after moving to Spokane. Of the whole lot of them, one daughter survived and went on to marry and live her life in Spokane. Leona (what a piece of work) and Helen survived and married multiple times.  Of the boys, Clem lived in Seattle, Paul lived in California and Texas.  The youngest, William Thomas Larmo Eittson had a sad story.

 

By the time, I tracked down all these people, they had all died.  I found William in Florida.  I called and his daughters said that he had died two months prior and that he had always looked for his family.  He was always sad that he didn't know any of his family.  The irony: he lived in Orlando--just a mile or two from all of you.  What a heartache.

 

Thomas Larmo died in 1929 of tuberculosis.  He is buried near Timotea in the Clark Veterans Cemetery in Angeles, Pampanga, PI.»

 

Her er so gravstøtta til mori, Timotea som døydde 16.5.1922: https://www.findagrave.com/memorial/search?firstname=Timotea&middlename=&lastname=Evangelista&birthyear=&birthyearfilter=&deathyear=&deathyearfilter=&location=&locationId=&memorialid=&datefilter=&orderby=

 

Og her er litt meir om denne Timotea:

 

«Timotea Evangelista was born in Spain or Philippines in the year 1884.  Her parents are Evangelista and Martines.  In 1903, she married Thomas Andrew Larmo (JUL 1874) in Manila, Philippines.  She had 11 children with Thomas Andrew Larmo (JUL 1874): Mary Agnes Larmo (1906), Flora Larmo (1907), Leona Elaine Larmo (28 MAY 1908), Pershing Larmo (1909), Clemens Larmo (1909), Helen Dolores Larmo (18 DEC 1910), Paul Andrew Larmo (18 Mar 1913), Stillborn Larmo (5 Sep 1913)1, Elizabeth Patricia Larmo (4 Aug 1914), Dorothy Larmo (1919) and Thomas William Larmo Eittson (26 NOV 1921).  On 16 May 1922, Timotea Evangelista died at age 37. She was buried on 16 May 1922 in Angeles, Pampanga, Luzon,
Philippines.»

 

Etter dette børjar biografien for Trond «Thomas» Larmo og kona etter kvart å verta bra.  Om ikkje eg hugsar heilt feil, so nyttar spanjolane doble ættenamn, der andre namnet er jentenamnet til mori.  Etter dette vert det «korrekte» namnet til Timotea altso Timotea Evangelista Martinez!?

 

Det hadde vore interessant om me kunne finna passasjerlista frå 1924 då Thomas brakte dei første borni til Amerika, inkl. Flora.  Elles manglar no berre følgjande «hovudutfordringar»:

 

** Dato og stad for fødsli til Timotea Evangelista?

 

** Dato og stad for vigsli til Thomas Larmo og Timotea Evangelista?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordrande huslyden!

TXT.rtf

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no motteke ein kopi av dødsattesten til Clem Larmore, utan at den fortel oss so mykje meir, kanskje bortsett ifrå at han var av «brown race», kva no enn det kan ha vore...  Han var ugift og hadde butt i Seattle, WA i 5 år og i USA i 9 år!

 

Elles driv etterkomarane framleis og leiter etter den militære fila etter Thomas Larmo, som dei påstår dei har, men som ligg nedpakka i eit flyttelass...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å komplettera denne biografien!

Clem Larmore death.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.