Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Johannes Pederson, fødd i Luster 1846 - utflytt 1864 til Kvæfjord i Troms - kvar i all verdi vart det av denne unge mannen? - kan henda vidare til Amerika?


Recommended Posts

Johannes Pederson, son av Peder Pederson (1809-1885) og Christenca Torbjørnsdotter (1813-1883), husmannsfolk på Teigen i Dversdalen under garden Sandvik i Luster, var fødd i Luster 8.8.1846 og fekk 4.9.1865 presteattest i Hafslo for utflytting til «Qvædfjord i Finnmarken» «hvorhen han reiste for omtrent 1 Aar siden»

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6870/52

 

Johannes hadde tre morbrør som før var flytte til Lenvik og som alle busette seg på Strømmen i Lenvik

 

* Johannes Torbjørnson (1820-1905)

 

* Ole Torbjørnson (1823-1910)

 

* Torkild Torbjørnson (1830-1919)

 

Dei var alle gifte og hadde store huslydar, men eg kan ikkje sjå noko til søstersonen Johannes Pederson i Lenvik!

 

Det hadde vore svært so kjekt om Johannes Pederson kunne attfinnast, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

6 minutter siden, Sven Hjortland skrev:

 

The Canadian Passenger Lists, 1865-1935
Name:    Johannes Pedersen Krogen
Gender:    Male
Arrival Age:    20
Birth Year:    abt 1848
Arrival date:    Jun 1868
Arrival Port:    Canada
Vessel:    Claus Heftige

Hjarteleg takk til Sven og Egil for nye innlegg!

 

Diverre, so er dette ein annan person.  Eg saksar frå manuskriptet mitt for gnr. 69 Kroken:

 

~~~~~~~~~

 

3. Johannes Pederson {Krogen}, f. {i Luster} 17.8.1847,

John P. Krogen utvandra til Amerika i 1868 og farma i Cherry Grove township, Goodhue Co., Minn. der han d. ugift 22.6.1884.

 

~~~~~~~~~

 

So leitingi lyt nok halda fram...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.