Gå til innhold
Arkivverket

Synneva Nilsdotter - fødd i Luster kring 1681 - var i 1716 busett i Gudbrandsdalen, rimelegvis i Lom eller kanskje i Vågå, men er det mogeleg å finna ho att?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordreing som eg jobba med alt på 1980-talet, men som med dåverande ressursar ikkje var mogeleg å finna ut av.  Kanskje er det lettare i dag?

 

Synneva Nilsdotter var fødd på garden Drevdal i Gaupne sokn i Luster kring 1681 som dotter av gardbrukar Nils Nilsson (1621-1692) og andre kona Judith Pedersdotter (1650-1710).  Ho hadde fleire fullsøsken og ogso halvsøsken, men dei budde alle i Luster.  Berre om Synneva får me greie på frå eit skifte at ho i 1716 var busett i Gudbrandsdalen.  Det står ikkje nokiom om ho var gift eller ikkje, men den gongen var dei ikkje alltid so nøye med å få med slike opplysningar, so i utgongspunktet vil eg tru ho var gift, og truleg hadde ho òg familie.

 

Kanskje, om ho kalla opp mor si, Judith, kunne det vera ein leietråd for å finna att ho Synneva?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.