Gå til innhold
Arkivverket

Ole Knutson Haugen - f. i Luster 1848 - til Amerika og sidan til Edmonton, AB - døydde etter spark i hovudet av ein hest - er det mogeleg å finna fleire detaljar om han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg jobba med for ganske nøyaktig 30 år sidan, men med den dårlege kjeldetilgongen som var den gongen, greidde eg ikkje samla fleire opplysningar enn dei eg fekk hjå dei tre døtrene etter halvbroren Andrew I. Haugen (1863-1942), luthersk prest i Amerika.  Dei tre døtrene fødde mellom 1903 og 1907 gav meg opplysningane som eg har innfelt i følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ole Knutson {Haugen}, f. {i Luster} 24.8.1848.

Ole K. Haugen utvandra til Amerika i

 

##### (year of his emigration? - 1870’s?)

 

##### (early history in America?)

 

men kring hundreårsskiftet tok Ole Haugen «homestead»

 

##### (where exactly? – near Edmonton, AB!)

 

og der vart han buande levetidi ut.  Han d.

 

##### (date and place of his death? – about 1915?)

 

etter at han hadde vorte sparka i hovudet av ein hest.  Ole var ugift.

 

~~~~~~~~~~~

 

No lurar eg på, er det i det heile mogeleg å finna ut noko meir om Ole i dag?  Kanskje han likevel skreiv seg for Knutson?  Brordøtrene hugsa han berre som «uncle Ole»!

 

Kanskje det er mogeleg å komma på sporet etter utvandringi hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

dei tre døtrene etter halvbroren Andrew I. Haugen (1863-1942), luthersk prest i Amerika. 

 

???

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MPX8-X73

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9TXC-3RP?cc=1727033

Clergyman i henhold til originaldokumentet. 

Andrew I Hougen

United States Census, 1910
Name Andrew I Hougen
Event Type Census
Event Date 1910
Event Place Victor, Roberts, South Dakota, United States
Gender Male
Age 46
Marital Status Married
Race White
Race (Original) White
Relationship to Head of Household Head
Relationship to Head of Household (Original) Head
Birth Year (Estimated) 1864
Birthplace Norway
Immigration Year 1888
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway
Sheet Letter A
Sheet Number 8
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Andrew I Hougen Head M 46 Norway
Marie Hougen Wife F 29 Norway
Ida Hougen Daughter F 7 South Dakota
Joeletta Hougen Daughter F 4 Washington
Alice Hougen Daughter F 2 South Dakota
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #3:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Grethe for innlegget frå 2018 som diverre er vorte liggjande!

 

Det er den rette halvbroren du har oppdaga som i 1910 budde i Roberts Co., ND, og det var døtrene hans som på 1980-talet fortalte meg at «onkel Ole» hadde teke «homestead» nær Edmonton, AB og der miste livet etter han vart sparka av ein hest!

 

No har eg finne eit nytt spor etter Ole Knutson Haugen i Amerika.  Eg trur nemlig det må vera han som i mai 1910 utvandra over North Portal til Battleford, SK under namnet:

 

O. K. Haugen - 59 år - fødd i Noreg, då busett som farmar i North Dakota:

 

https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1344/images/30928_0000395828-01069?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx24010&_phstart=successSource&pId=2223184

 

Eg ser at ein K. Olson, 26 år, likeins farmar og fødd i Noreg, flytte på same tid til same stad, Battleford, SK.  Truleg reiste dei i lag?

 

Elles er det fra,leis eit stort «mysterium» kvar i USA Ole budde før den tid, FT1880/FT1900?

 

Og utvandringi hans greier eg ikkje finna!

 

I 1865 tente han på Haugen i Luster: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261004439

 

I 1875 ser eg ikkje noko til han...!

 

Det hadde vore kjempebra å finna ut noko meir om lagnaden til Ole, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.