Gå til innhold
Arkivverket

Gjertrud Olsdotter Tandle/Sandvik - fødd i Luster 1839 - konfirmert 1856 - so forsvinn ho frå bygdi - kvar i all verdi kan ho ha teke vegen? - Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det er fleire ungdomar som berre «forsvinn» frå heimbygdi Luster ved midten av 1800-talet utan at me kan finna noki forklaring på dette.  Ei av dei er:

 

Gjertrud Olsdotter Sandvik eller Tandle, fødd i Luster 10.11.1839: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/64

 

Foreldri var Ole Nilsson (1804-1862) og Mari Eriksdotter (1814-1862), plassfolk på Sandvikøyri under garden Tandle i Luster.

 

Gjertrud vart konfirmert i Luster i 1856 etter to års førebuingar(?): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/131

 

Men det er det siste me ser til ho!  Gjertrud hadde berre to søsken som voks opp:

 

* Elsa Olsdotter (1836-1922) utvandra til Amerika i 1861 i lag med Dyre Dyreson Prestegard (1831-1903), og dei dukkar opp i Buffalo Co., WI alt hausten same år då sonen Arne var fødd 1.11.1861.  Vigsli deira har eg aldri finne...

 

* Hans Olson (1856-1939), drøfta i Brukarforum under dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/223214-hans-olson-sandvik-1856-frå-luster-og-andrea-berentine-einum-1869-frå-vardø-gifte-kring-1890-men-kvar-budde-kvar-til-amerika-i-1907-eit-underleg-parfolk/

 

Båe foreldri døydde i 1862, og me finn yngstemann Hans att i FT1865 som legdelem hjå ein nabo i Gaupne: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1426&kenr=010&bnr=0071&lnr=000

 

Alle gode tips om kvar det kan ha vorte av Gjertrud Olsdotter, vert mottekne med òpne armar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg har sete i kveld og spekulert på kven denne Gjertrud Nygårdsvoll frå FT1910 for Fræna lunne vera, og endeleg fann eg ut av det!  Det berre må vera Gjertrud Jacobsdotter, fødd i Luster 11.1.1839 som ein del av huslyden til Jacob Lasseson som eg no i kveld har lagt ut som ny utfordring i Brukarforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/223270-jacob-lasseson-1804-1873-og-anna-olsdotter-1815-1884-frå-luster-til-hol-i-fræna-fekk-17-born-men-kvar-vart-det-av-alle-desse-borni/

 

So lagnaden til «vår» Gjertrud Olsdotter er framleis eit «mysterium»...  Kan ho likevel ha følgt søster si til Amerika?  Eller er ho avlidi i Noreg før 1865?  Kan henda i Bergen?  Ikkje godt å seia...  Eg har leitt mange stadar etter eit eventuelt dødsfall...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #4:

 

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi frå 2018.  Kor mykje eg leiter etter Gjertrud, er ho ikkje å finna att nokon stad.  Ho kan ha utvandra til Amerika, men ho kan òg ha vorte buande i Noreg.  Kanskje flytte ho til Nordland der yngste broren Hans sidan òg budde (Ankenes) før han utvandra til Amerika i 1906?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne jenta frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.