Gå til innhold
Arkivverket

Kvar vart det av denne jenta fødd i Eid, Grytten 1845 med far frå Sunndal og mor frå Lom?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg syner til denne barnedåpen i Eid sokn av Gryttens prestegjeld:

 

Marit Olsdotter, fødd 26.6. og døypt 2.8.1845.

 

Foreldri var Marit Pedersdotter Glømstad(?) frå Lom og målar Ole Samuelson Vigen frå Sunndal: https://media.digitalarkivet.no/view/16030/40

 

Barnefaren fekk ogso eit «uekte» barn i Søndre Land i 1851, men flytte sidan til Jostedalen og gifte seg der før han i 1866 utvandra til Amerika.

 

Men kvar vart det av denne dotteri som han fekk i Eid, Grytten?

 

Kan det vera denne kona som ved FT1900 budde på Frøiset i Veøy? https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037396001675

 

Her er i so fall mann hennar i FT1910, ein heimvend norsk-amerikanar og enkjemann: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036776001910

 

NB: Det var òg ei anna Marit Olsdotter som var fødd på Hamre i Eid sokn i Grytten 28.8.1845: https://media.digitalarkivet.no/view/16030/41

Kanskje det var ho som gifte seg til Frøiset?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Det var òg ei anna Marit Olsdotter som var fødd på Hamre i Eid sokn i Grytten 28.8.1845

 

Det ser ut som det er denne Marit som er gift med Iver Frøyset - se nr. 8, død 18.09.1906:

Møre og Romsdal fylke, Holm i Veøy, Ministerialbok nr. 549A01 (1906-1927), Døde og begravede 1906-1907, Side 122
https://media.digitalarkivet.no/view/77516/97

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit kjempefint innlegg!

 

Eg er samd med deg.  Marit på Frøyset har oppgjeven fødestad Hamre i Eid, so då er ho definitivt ikkje den Marit me leiter etter...

 

So er spørsmålet, kvar i all verdi vart det av dotteri til Ole Samuelson?  Kanskje me kunne finna ho, om me først finn mori frå Lom?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hjarteleg takk til Carsten for eit interessant og etter mi meining nyttig innlegg!

 

Eg kan ikkje sjå at denne avlidne Marit Olsdotter Eidsvold kan vera nokon annan enn den Marit Olsdotter som eg etterlyser!  Og alderen høver jo òg ganske so perfekt!

 

Då kan me seia at dette problemet er løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand i so måte!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.