Gå til innhold
Arkivverket

Torger Olson (1805-1860) - frå Luster til Høyvik i Kinn - borni hans i Kinn, på Askøy og i Nordland (Bodø og Herøy) - hjelp til fleire detaljar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dødsfallet til Anne Arnesen?

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001862130 

 

Sør-Trøndelag fylke, Lade (Strinda, Moholt) i Strinda, Ministerialbok nr. 607A04 (1907-1915), Døde og begravede 1915, Side 683-684
https://media.digitalarkivet.no/view/3123/316

Endret av Grethe Flood
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Lars W. for nye kjempefine og imponerande innlegg!

 

Jau, eg er òg storligen imponert over kva Lars W. finn, men du er no neiggu ikkje so verst du heller, Grethe!  Dødsfallet til Anna Arnesen var òg imponerande!  De har båe denne «teften» som er so verdifull...!

 

Det er tydeleg at Sara ville vera heime med mor si so lenge mori levde, men so bar det av stad til Amerika.  Men eg ser at Sara Klokkervold døydde kort etter ho vart bortkommi, for alt i 1920 er Thorvald enkjemann i Everett, WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXK-XN5

 

Utfordringslista mi frå innlegg #20 er no redusert til:

 

** Dødsfallet til Maren Susanna Mikkelsdotter i Kinn etter 1918?

 

** Presisjon av bustaden i Herøy til Salomon og Anna Oline Christine?

 

** Sjekka at me har fått rett tal på born etter Johannes Olai «Hans» i Bodø og Salomon i Herøy?  (at dei ikkje hadde fleire som døydde som barn...?)

 

Og her er eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #20:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Torger Olson {Bringe}, døypt {i Luster} 14.12.1805.

Torger Olson flytte i ung alder som tenestedreng til Kinn i Sunnfjord, og der gifte han seg 21.6.1834 med Anna Cathrine Johannesdotter frå Høyvik i Kinn.  Ho var dotter av gardbrukar Johannes Jetmundson på Høyvik og kona Malena Ananiasdotter frå Merkesvik og vart døypt i Kinn 20.3.1809.  Torger og Anna slo seg ned som plassfolk i Tjæreviki under Høyvik i Kinn der Torger d. 9.6.1860.  Anna d. som kårenkje på Høyvik 9.6.1895.  Dei fekk seks born i lag:

a. Martinus Torgerson, f. i Kinn 6.9.1834, d. som husmann på Høyvik 4.7.1918.  Han gifte seg i Kinn 11.6.1867 med Maren Susanna Mikkelsdotter frå Mikkelsplassen under Steinhovden i Kinn, f. i Kinn 5.4.1846.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1918!)

 

     Martinus var fiskar, og han og Maren vart buande i Tjæreviki under Høyvik i Kinn.  Dei fekk ikkje born i lag, men tok til seg ei fosterdotter.

b. Gurina Torgersdotter, f. i Kinn 25.3.1838, d. som enkje på Myren, Laksevåg 26.4.1929.  Gurina flytte i ung alder som tenestejente til Bergen og gifte seg i Nykyrkja i Bergen 13.10.1881 med enkjemannen Iver Olson frå Lyngsnes under Heimvik i Hosanger, i Bergen kjend som Ivar Olsen.  Han var f. i Hosanger 9.3.1839 og d. på Myren, Laksevåg 23.6.1916.  Han gifte seg første gongen i Årstad, Bergen 21.4.1862 med Guriane Torkildsdotter frå Stavanger, f. i Stavanger 19.5.1840.  Ho d. i Bergen 21.11.1879.  Ivar var ei tid maskinarbeidar og budde med første kona si på Krohnsminde i Årstad, Bergen, men vart sidan dampskipsmaskinist.  Han og Gurina vart buande i Bergen til dei på 1890-talet flytte til Myren ved Alvøen på Laksevåg, Askøy der dei òg var gardbrukarar.  Ivar Olsen fekk ein son, som var frå andre ekteskapet med Gurina Torgersdotter, men Gurina hadde òg to døtrer frå før, som d. kort etter fødsli.

 

     ##### (borni:

            * Udøypt dotter, f. DK, Bergen 17.11.1867, d. 17.11.1867 – far skreddar (gift mann) Fredrik Skjelderup

            * Gina Andrea, f. DK, Bergen 9.9.1871, d. 10.9.1871 – far bøkkarsvein Hans Andreas Olsen

            * Ivar Gunerius Olsen, f. Bergen 8.4.1881 – d. 27.5.1965 (Loddefjord) – gift Askøy 24.11.1912 med Julia Sofia Paulson – f. Alvøen 8.8.1880 – d. 7.7.1957 (Loddefjord))

 

c. Johannes Olai, kjend som Hans Torgersen, f. i Kinn 1.2.1841, d. som husmann på Valvik i Bodin 1.9.1915.  Hans gifte seg i Bodø 9.7.1874 med Hanna Cecilie Marie Hansdotter frå Skaug i Bodø, f. i Bodø 27.1.1844.  Ho d. som husmannsenkje på Valvik i Bodin 12.2.1917.  Hans var fiskar, og han og Hanna busette seg som husmannsfolk på Jersosen under Valvik i Bodin.  Dei fekk tre born i lag, men Hanna hadde òg ei dotter frå før.

 

     ##### (sjekka at alle er medkomne:

            * Hilda Karoline Christine Thorjul, hennar dotter – f. Bodø 15.11.1870 – n. 1875

            * Harald Theodor Hansen, f. Bodin 16.11.1874 – n. 1875/1900/1910 Theodor Hansen

            * Alberta Mathea Hansen, f. Bodin 9.6.1877 – n. 1900/1910 – d. Bodin 28.9.1959

            * Karl Hakon Martin Hansen, f. Bodin 7.6.1880 – n. 1900/1910)

 

d. Salomon Torgerson, f. i Kinn 31.10.1844, d. som husmann på Løvøy i Herøy 3.4.1888.  Salomon gifte seg i Herøy, Nordland 9.6.1882 med Anna Oline Christine Arnesdotter frå Hagavik i Selje, f. i Selje 3.4.1850.  Ho d. som fiskarenkje på Tronstad i Strinda 2.9.1915.  Salomon var fiskar, og han og Anna busette seg som plassfolk på Løvøy i Herøy

 

     ##### (plass under Løvøy?)

 

     men som enkje flytte Anna sidan med yngste dotter si til Tronvold i Strinda.  Salomon og Anna fekk tre døtrer i lag, men Anna fekk dessutan ei dotter etter ho vart enkje.

 

     ##### (sjekka at alle er medkomne:

            * Sofie Anna, kjend som Anna, f. Herøy 29.8.1879 – utv. 1896 – gift med Carl Landberg i Tacoma, WA

            * Ingrid Annette Malene, f. Herøy 25.7.1882 – utv. 1905 Tacoma, WA

            * Selma Amalia, f. Herøy 28.2.1885 – fekk 1908 ei dotter Solveig Agnete i Trondheim! – Selma utv. 1910

            * Sara Mathilde Nilsdotter, dotter hennar, f. Herøy 3.6.1889 – gift med Thorvald Klokkervold – utv 1916)

 

e. Nils Torgerson, f. i Kinn 25.5.1848, d. på Høyvik 4.4.1857.

f. Henrik Torgerson, f. i Kinn 27.5.1851, d. ugift på Høyvik 22.12.1872.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Eg har no studert FT1900 for gnr. 57 og gnr. 58 i Herøy og kan slå fast at det under båe matrikkelnummeri var fleire mindre heimar der Salomon og Anna kan ha butt.  Men ingen av desse heimane har eigne namn, so med mindre det finst ei detaljert bygdebokstudie på dette, vert det truleg so å seia umogeleg å finna ut kva heim Salomon og Anna hadde i...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.