Gå til innhold
Arkivverket

Mons Hermandsen (1838-1908) - frå Sande i Luster til Bø i Vesterålen - huslyden hans med spreiing til Tysnes, Amerika og Haugesund?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som Ivar Moe er komen inn på i eit anna tema med spørsmål om dei har tilknytting til Luster.

 

Jau, det må dei ha, og sidan eg manglar ein del detaljar om dei, vil eg her leggja han ut som eige tema!

 

Grunnopplysningane mine om denne Hermandsen-ætti har eg frå 1980-talet, men med dei mangelfulle kjeldene som me hadde den gongen, greidde eg ikkje finna svar på alt.  No vonar eg at det skal vera mogeleg å greia meir?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #16 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips, og takk til Ivar for at du henta fram denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Bø Bygdebok – Rolf Straume – bind 2 – utgitt Tromsø 1963 //  https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014032808142

står det på side 278 under Fjærvoll:

Enok Johan Mortensen, f. 1790, d. 1833, s. til M. Andersen, Øyjord. G. 1814 med Ingeborg Margrete Jakobsdtr, f. I Brønnøy 1791. I 1834-37 var ho g. m. Andreas Paulsen Fjærvoll, og i 1842-66 med Mads Kristensen Fjærvoll. Barn: 1. Jakobia. 2. Morten 3. John 4. Johan. 5. Jens

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jostein og Ivar for nye spennande innlegg!

 

Her har me vigsli til Fridtjof og Josefine i Haugesund 19.12.1919 - med prov for at me har den «rette» Fridtjof: https://media.digitalarkivet.no/view/5175/123

 

Elles går det vel ikkje fram av bygdeboki for Bø kva for ein plass under Fjærvoll John Andreas Enokson budde på, men eg tolkar bygdeboki slik at foreldri hans budde på sjølve garden?  (Eg får ikkje fram sjølve boki...).

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

John Andreas Enoksen var f. 20. april 1823 på Kleppelva, Bø. Se dåp nr. 4: https://www.digitalarkivet.no/kb20071108610315.

Han var sønn av Enok Johan Mortensen. f. på Øyjord. Bø og Ingeborg Margrethe Jakobsdtr., f. Halsen, Brønnøy.

Johanna Margrethe Andersdtr. var f. 3. aug. 1829 på Malnes, Bø. Se dåp nr. 12: https://www.digitalarkivet.no/kb20071108610340

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Charlotte Marie Monsdtr. Hermansen, f. ved Straumsjøen under Søberg, Bø og døde 6. feb. 1959, iflg. Geni i Hesthagen under Føre, Bø. Gravlagt på Duken kirkeg., Vinje, Bø.

Mannen Olaf var f. på Tunstad i Øksnes. Se dåp 17: https://www.digitalarkivet.no/kb20070216620103 Han døde 18. nov. 1950 i Hestagen, Føre, Bø. Gravlagt på Duken kirkeg., Vinje, Bø. Ser ikke ut som de hadde barn.

Endret av Pål Martinussen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

f. Fridtjof Bang Monsson Hermandsen, sidan kjend som Fridtjof Bang, var f. i Bø 8.6.1897 og d.

 

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfsllet hans? – Haugesund?)

Dødsfallet må i alle fall vera etter 22.12.1969 då han og Josefina feira gullbryllupsdag:

image.png.ce9bdde7e4d5aa51707ffa7ba3857549.png

 

Før dei flytta til Haugesund budde dei på Myge:

image.thumb.png.9c54ea916285eb7d0bcc83e1c50d788c.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Pål, Ivar, Richard og Lars J. for nye spennande og nyttige innlegg om denne huslyden!

 

So vidt eg kan sjå, har eg fått svar på det meste.  Ogso fann eg plassnamnet under Fjærvoll i Bø der John Andreas Enokson budde, for i 1875 var enkja hans framleis busett på plassen, som då var namngjeven som Fjærvollstrand!

 

Eit par mindre detaljar står framleis att, og det er vel truleg berre kontakt med prestekontori i Bø og i Haugesund som kan skaffa oss/stadfesta dei nøyaktige dødsstadane til Charlotte og Olaf Jakobsen og til Fridtjof og Josefine Bang, med mindre dødsannonser kan finnast?

 

Eg fann forresten passasjerlistene for Fridtjof og Josefine på ancestry.com, og dei syner ingen born fødde før 1930, men dei kan jo ha fått born etter den tid?  Her er Josefine Bang-Hermansen frå 1930: https://www.ancestry.com/interactive/7488/NYT715_4698-0697?pid=2011975851&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D7488%26h%3D2011975851%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx11561%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11561&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=NYT715_4698-0697

 

Her følgjer et oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye flotte opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #16 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Matrikkelutkastet av 1950

Nordland

Bø herad

29 Føre  
1 Leitet 0 mark 01 øre  Odmund Arntsen  
2 Føre 0 mark 80 øre  Petter Hansen m. fl  
3 Breivoll 0 mark 22 øre  Birger Kristiansen  
4 Mellemgården 0 mark 76 øre  Edvard Pedersen  
5 Øvregården 0 mark 40 øre  Jacob Arntsen  
6 Simonsborg 0 mark 22 øre  Birger Kristiansen  
7 Vikan Nordre 0 mark 30 øre  Søren Torbergsen  
8 Sjøbakken 0 mark 25 øre  Håkon Hansen  
9 Steinbakken 0 mark 07 øre  Olaf Reiertsen  
10 Solbakken 0 mark 14 øre  Johan Lauritsen  
11 Vesleheimen 0 mark 18 øre  Knut Arntsen  
12 Haugen 0 mark 15 øre  Martinius Martinussen  
13 Bakkejord 0 mark 20 øre  Alfred Olsen  
14 Elvebakken 0 mark 16 øre  Alfred Lauritsen  
15 Fagerbakken 0 mark 16 øre  Anton Leonhardsen  
16 Heimgård 0 mark 12 øre  Georg Jensen  
17 Elvebakken 0 mark 15 øre  Julius Jacobsen  
18 Nyvoll 0 mark 44 øre  Henrik Mevold  
19 Sjøvoll 0 mark 10 øre  Frithjof Johnsen  
20 Hammersborg 0 mark 20 øre  Oluf Nikolaisen  
21 Myrvold 0 mark 16 øre     
22 Førran 0 mark 16 øre  Petter Hansen m. fl.  
23 Kjønbogen 0 mark 15 øre  Joakim Martinussen  
24 Hesthagen 0 mark 20 øre  Erling Larsen  
25 Solheim 0 mark 43 øre  Ditlev Pedersen  
26 Utsikten 0 mark 10 øre  Karolius Rathe  
27 Solbakken 0 mark 10 øre  Egil Sørensen  
28 Solvang 0 mark 15 øre  Kristian Pedersen  
29 Nyheim 0 mark 04 øre  Martin Ellingsen  
30 Fagereng 0 mark 07 øre  John Fagereng  
31 Nerheim 0 mark 12 øre  Johan H. Arntzen  
32 Fredriksborg 0 mark 12 øre  Knut Arntzen  
33 Rate 0 mark 14 øre  Karolius Rathe  
34 Nystad 0 mark 27 øre  Lars Arntsen  
35 Uthaug 0 mark 05 øre  Karl Arntsen  
36 Sollundbakken 0 mark 07 øre  Reidar Pedersen  
37 Fjærvold 0 mark 03 øre  Arthur Fjærvold  
38 Engen 0 mark 30 øre  Martinus Torbergsen  
39 Dalen 0 mark 05 øre  Birger Kristiansen  
40 Augestad 0 mark 02 øre  Malvin Ness  
41 Sollid 0 mark 10 øre  Peder Hansen  
42 Sjøvold 0 mark 10 øre  Kaurin Martinussen  
43 Heimen 0 mark 07 øre  Sigvard Martinussen  
44 Nyheim 0 mark 14 øre  Paul Ditlevsen  
45 Midtstad 0 mark 01 øre  Sigsten Karlsen  
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Lars W. for nye interessante og nyttige innlegg!

 

Eg tolkar dødsannonsene frå Haugesund slik at båe døydde i Haugesund, og dei hadde faktisk ei dotter, som må vera fødd etter dei kom attende frå Amerika(?)!  (Det var vel ikkje ei adoptivdotter??)

 

Eg har på ny oppdatert manuskriptet mitt, som erstattar manuskriptet frå innlegg #11 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Mons Hermundson {Sande}, likeins son av Ingeborg og husmannssonen Hermund Sjurson frå Berteigen under Flahammar (1794-1880), var f. {i Luster} 25.10.1838.

Mons Hermandsen flytte alt i 1853 til Nordland og gifte seg i Bø 20.10.1871 med Nikoline Christine Marie Johnsdotter frå Fjærvoll i Bø.  Ho var dotter av husmann John Andreas Enokson på Fjærvollstranda under Fjærvoll, opphavleg frå Strømsjøen, og kona Johanna Margrethe Andersdotter frå Malnes og f. i Bø 19.11.1853.  Mons Hermandsen var ei tid fiskar og gardbrukar på Straume i Bø, men vart sidan handelsmann på Straum­sjøen i Bø der han d. 10.10.1908.  Nikoline d. som enkje i Bø 11.11.1928.  Dei fekk seks born i lag:

a. John Andreas Monsson Hermandsen, f. i Bø 7.6.1873, var sjuk og d. ugift på Straume i Bø 16.5.1952.

b. Eline Johanna Monsdotter Hermandsen, f. i Bø 25.2.1875, d. ugift i Bø 14.9.1936.  Eline var sydame og budde òg på Straume i Bø.

c. Ida Matea Monsdotter Hermandsen, f. i Bø 17.4.1877, d. på Straume i Bø 25.11.1948.  Ida var hushaldar og budde likeins på Straume i Bø.  Ho var ugift, men fekk ein son.

d. Charlotte Marie Monsdotter Hermandsen, f. i Bø 26.3.1881, d. i Hesthagen under Føre i Bø 6.2.1959.  Charlotte gifte seg i Bø 3.11.1907 med Olaf Edvard Jakobsen frå Langøya i Øksnes, f. på Tunstad i Øksnes 18.2.1880.  Han d. i Hesthagen under Føre i Bø 18.11.1950. 

 

     ##### (sjekka at dei båe verkeleg døydde i Hesthagen?)

 

     Olaf Jakobsen var fiskar, og han og Charlotte budde i Hesthagen, Føre i Bø.  Dei var barnlause.

e. Henning Margrenius Monsson Hermandsen, f. i Bø 10.6.1883, var trygdeagent og budde på Straume i Bø der han d. ugift 2.2.1965.

f. Fridtjof Bang Monsson Hermandsen, sidan kjend som Fridtjof Bang, var f. i Bø 8.6.1897 og d. i Haugesund 4.9.1979.  Fridtjof flytte i ung alder til Tysnes, men gifte seg i Haugesund 19.12.1919 med Josefine Marie Jensdotter Nesse frå Nesse på Tysnes, f. på Tysnes 24.9.1898.  Ho d. i Haugesund 6.1.1993.  Fridtjof og Josefine budde ei tid i Neshamn på Tysnes der Fridtjof var bygningssnikkar til han i 1927 utvandra til Amerika med reisemål Brooklyn, N.Y.  Kona Josefine følgde han i 1930, men alt i 1932 kom dei heim att og busette seg då på Myge i Avaldsnes der dei dreiv revefarm, samstundes som Fridtjof heldt fram som bygningsanikkar.  Sistpå flytte dei til sjølve Haugesund.  Fridtjof og Josefine fekk ei dotter i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Då er det berre dødsstadane frå Bø som står att...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner ingen dødsannonser for Olaf og Charlotte Jakobsen. De er bare kort omtalt i bygdeboken for Bø:

 

Bø bygdebok. 2

1645718069_Skjermbilde2018-07-03kl_20_17_31.png.198211598efe5286ba7eef570e8f5a47.png

566772847_Skjermbilde2018-07-03kl_20_18_07.png.1ab864e114f8e35589de568a0bf188d9.png

1177437861_Skjermbilde2018-07-03kl_20.18_20.png.6813c6242a42ac036bd8a5caf2ee2a85.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Pål og Lars W. for siste innleggi!

 

Eg ville tykkja det var underleg at John Andreas verkeleg budde på Kleppelva då han vart konfirmert.  Fleire òrsaker til dette:

 

* Eg gjekk igjennom barnedåpane til Enok og kona hans og oppdaga at dei hadde flytt eit par gongar etter Kleppelva.  Siste bustaden var tydeleg på Strømsjøen, og der budde dei òg då Enok døydde i 1833.  Enkja gifte seg so att til Fjærvoll, skal me tru utsegni frå innlegg #2...  Difor ville bustad på Kleppelva vera heller «ulogisk», med mindre han var der som tenestedreng...?

 

* Eg har frå fleire bygder erfaring med at gardsnamnet oppgjeve ved konfirmasjonen svært ofte gjev uttrykk for garden vedkommande var FØDD på og ikkje der vedkommande BUDDE på konfirmasjonstidspunktet.  Kva praksis presten nytta i Bø, veit eg ikkje...

 

Med omsyn til dødsstadane til Charlotte og Olaf trur eg som før nemnt me lyt spørja på prestekontoret kva som står i kyrkjeboki som dødsstad, me det faktum at eigedomen skifte eigar alt i 1948, før dei gamle døydde, KAN tyda på at dei flytte bort, kan henda til ein gamleheim?  Kanskje ein kunne freista ein telefon til eitt av borni til Erling Larsen, om me greier å finna dei, då...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.