Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Y-DNA treff med Ole Sørenson Kjerpeset i Bremanger (1787-1844) - korleis kan eg vera i slekt med denne karen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Eg har motteke ei liste over dei næaste slektningane mine gjennom Y-DNA 111, og med «genetic distance» 3 finn eg denne personen:

 

Ole Sørenson Kjerpeset, gardbrukar og medhjelpar, døydde i Bremanger, Kinn 17.3.1844, 53 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/6895/17

 

Han gifte seg i Bremanger, Kinn 2.8.1812 med Olava Olsdotter Liseth: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000495114

 

FT1801 syner at Ole Sørenson då er 14 år gamal, son av gardbrukar Søren Olson på Kjerpeset (56) og Elen Berentsen (52): https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000495114

 

Og her er dåpen til Ole Sørenson Kjerpeset 19. d.p.T. 1787: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001837740

 

Søren Olson Nordahl, ungkar og skulehaldar, og Eli Berentsdotter Hovland gifte seg i Svanø sokn i Kinn 11.11.1773: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000493612

 

Men her ser ætterakkja ut til å stogga, i alle fall førebels!  Det var to personar om lag på same alder som hadde namnet Søren Olson Nordahl på den tidi, og medan hin Søren Olson ogso var fødd på Nordal og vart døypt i Kinn, ser skulehaldaren Søren Olson ut til å vera komen utante.  Og dersom han er so nær i slekt med meg som testen hevdar (med agnatisk samband på 1700-talet!?), må han vera tilflytt!  Min agnatiske linje held seg på 1700-talet på gardane Åberge og Leirdalen i Luster og før det på garden Bakken i Jostedalen der den første kjende av ætti, Lars Andersson, truleg var fødd i Nordfjord midt på 1600-talet!

 

Finst det ei bygdebok for Bremanger som omtaler ætti på Kjerpeset og kvar dei kjem ifrå?  Eller kanskje er det nokon med lokal kunnskap elles som kan hjelpa meg på veg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Eldar Skjeldestad Åsebø
Skrevet (endret)

Frå Bremanger bygdbok 1:

 

1774 tinglese bygslesetel med skuldbrev frå presen Lexau til Søren Olavson Nordalen, 1/2 våg i Kjerpeset, (mensaljord til Kjinn) som Joans Larsson hadde fyrr. Og bygslesetel på 1/2 våg (mensaljord til Kjinn), frå presten Lexau, same jord som Sakris Andersson hadde og let honom få.

 

1787 dpt. Olav, son til Søren Olavson og kona Eilin (Eli) Bærndotter.

 

Endret av Eldar Skjeldestad Åsebø

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håvard Moe

Eg meiner eg sjekka dette da namnet kom opp i ein tidlegare tråd, ettersom eg har slekt frå Kjerpeset, og om eg ikkje hugsar heilt feil var far til Ole, Søren, "innflytta frå Nordalen". Dette stemmer med det Eldar siterer over (frå Joleik si bok?). Eg er ikkje sikker på kor denne Norddalen er - etter det eg kan finne er det ikkje ein gard i Bremanger...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Eldar Skjeldestad Åsebø
6 minutter siden, Håvard Moe skrev:

Eg meiner eg sjekka dette da namnet kom opp i ein tidlegare tråd, ettersom eg har slekt frå Kjerpeset, og om eg ikkje hugsar heilt feil var far til Ole, Søren, "innflytta frå Nordalen". Dette stemmer med det Eldar siterer over (frå Joleik si bok?). Eg er ikkje sikker på kor denne Norddalen er - etter det eg kan finne er det ikkje ein gard i Bremanger...

 

Eg trur Nordalen må vera i nærleiken til Nordal Kyrkje. Den ligg i Florø, og har tidlegare høyrt til Kinn Prestegjeld: https://nn.wikipedia.org/wiki/Nordal_kyrkje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Hovland er vel Hovland i Eikefjorden, også det i Kinn/Flora.

 

Nordalsfjordområdet høyrde til Bru/Svanøy sokn. Om eg ikkje hugsar feil var Eikefjord sokn tidlegare ikkje eige kyrkjesokn, men ein del av Svanøy sokn. Eg har ikkje pc tilgjengeleg, så eg får ikkje sjekka soknehistorikken, men vigsla fann jo stad i Svanøy sokn i Flora.

 

Bygdebøker for området finst ikkje om ein ser vekk frå Joleik si Soga um Flora fram til 1801.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Eldar, Håvard og Torbjørn for nye interessante innlegg!

 

Det som eg tykkjer er so merkeleg, er at me på 1770-talet tydeleg har TO PERSONAR med namnet Søren Olson Nordahl, medan kyrkjeboki ifølgje FamilySearch berre har ein fødd på «rett» tid, og han er fødd på Solum i 1744: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005050806

 

Dei to vigslene er:

 

* Søren Olson Nordahl og Anna Rasmusdotter Nordahl vigde 16.11.1772: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000493584

 

og, som alt synt i innlegg #1:

 

* Søren Olson Nordahl, ungkar og skulehaldar, og Eli Berentsdotter Hovland vigde 11.11.1773: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000493612

 

FT1801 har ogso to personar:

 

* På Nordahl f. 1747 gift med Anna Rasmusdotter: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058405000848

 

* På Kjerpeset f. 1745 gift med Eli Berentsdotter: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058405002779

 

Dersom Søren Olson på Kjerpeset skal vera nær i slekt med meg, so lyt han vera komen frå ein annan stad, kan henda frå Eid?

 

Dette høyrest for meg ut som ei «vrien» gåte, men kanskje finst det likevel eit svar der ute ein eller annan stad?  Kanskje i eit skifte?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til oppklaring av denne skyldskapen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn
Skrevet (endret)

Kor langt bak i anene til Søren Olsson den eventuelle utflyttaren frå Eid er veit du vel ikkje, det kan vel hende at det er frå før kyrkjebøkene si tid?

 

Elles er det Solheim både i Nordalsfjorden og i Brandsøy, rett aust for Florø. Sistnemnde er i Kinn sokn. Det er då freistande å tru at det i dette tilfellet er snakk om fyrstnemnde Solheim, og at denne Søren er identisk med den eine av dei to som dukkar opp att i 1772/1773 og i 1801.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Torbjørn for siste meldingane om dette emnet!

 

Eg hadde ein prat med ein som har litt erfaring med DNA-testing og han påstod at med Y-DNA  111 treff i 3. generasjon skulle skyldskapen liggja godt innanfor den perioden som er dekt av kyrkjebøkene, og i alle fall på 1700-talet.  Difor er eg so «påståande» når det gjeld opphavet til Søren Olson på Kjerpeset!

 

Eg kan føra den agnatiske ætti mi attende til gardbrukar Lars Andersson på Bakken i Jostedalen (1645-1705), omskriven i band V av Gards- og Ættesoga for Luster:

 

~~~~~~~~~~~

 

Lars Andersson Bakken, som me trur må vera komen frå Nordfjord, var f. kring 1645 og d. i Bakken kring 1705.  Han gifte seg første gongen kring 1675 med Britha Larsdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå garden.  Ho var f. kring 1640, men d. i Bakken alt kring 1684.  Lars gifte seg so att kring 1686 med ei Martha Christensdotter, som me trur var frå Sterri i Hafslo.  Ho var f. kring 1663 og d. på Feigum i Luster kring 1722.  Som enkje etter Lars vart ho attgift med gardbrukar Erik Hermundson på Feigum i Luster (1674-1737) og flytte dit.  Lars og Britha tok visstnok over heimebruket hennar her i Bakken kring 1675, og Lars dreiv bruket so lenge han levde.  Han fekk i alt åtte born, eitt med første kona og sju med hi:

 1. Lars Larsson (1676-1729), vart gardbrukar i Leirdalen i Luster.

 2. Anders Larsson (1687-1762), vart husmann i Hagen under Sørheim i Luster.

 3. Gjeslaug Larsdotter (1689-1759), vart gift med husmann Johannes Tollefson i Fiskasete under Berge i Dale sokn, Luster (1683-1763).

 4. Britha Larsdotter (1692-1775), vart gift med husmann Peder Iverson i Mordøla under Heltne i Dale sokn, Luster (1707-1769).

 5. Martha Larsdotter (1694-1731), vart gift med husmann Elling Paulson på Sagi under Kroken i Hafslo (1662-1745).

 6. Siri Larsdotter (1697-1763), vart gift første gongen med gardbrukar Aamund Tørrisson på Feigum i Luster (1686-1753) og sidan attgift med husmann Halvor Pederson på Feigøyri under Feigum i Luster (1731-$4).

 7. Kari Larsdotter (1699-1781), vart gift med gardbrukar og enkjemann Hans Pederson på Nes i Luster (1670-1734).

 8. Anna Larsdotter (1702-1782), vart gift med gardbrukar og enkjemann Svend Olson på Lingjerde i Luster (1658-1734).

 

~~~~~~~~~~~

 

Av dei to sønene var Anders barnlaus, medan eg ættar frå Lars, og denne Lars Larsson tør eg påstå eg har fullt oversyn over den agnatiske etterslekti til!  Difor MÅ Søren Olson Kjerpeset vera svært nær i slekt med Lars Andersson Bakken frå Nordfjord!

 

Når det gjeld opphavet frå Nordfjord byggjer eg det på to indisiar:

 

* Me veit, mellom anna på bakgrunn av dialekten, at den alt overveiande delen av folket i Jostedalen på 1600-talet hadde røter frå Nordfjord, og

 

* Lars kalla eldste dotter si frå andre ekteskapet for Gjeslaug, som er eit namn me over hovudet ikkje finn i indre Sogn, medan det er utbreitt i delar av indre Nordfjord!

 

Nettopp når det gjeld dette Gjerlaug-namnet, vil eg gjerne få syna til følgjande tema som var oppe til drøfting for eit par år sidan...: https://forum.arkivverket.no/topic/196275-kvinnenamnet-gjeslaug-er-det-mogeleg-å-finna-ei-felles-stammor-i-stryn/?tab=comments#comment-1659448

 

Kanskje lykkjelen ligg her ein stad?

 

Eg takkar å ny for alle gode tips i denne saki!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

I den nye utgaven av bygdeboken fro Bremanger står det stort sett det samme som tidligere nevnt.

Søren Oleson f. omlag 1745 i Nordalen d 1811 gift med Elen Berntsdtr. f kr. 1749.

Barn.

Brita f.kr.1775 d 1841 gift 1802 med Hans Johannesson Nordbotten3

 

Gunni f.kr. 1779 gift med Per Person Sørgulen 1

 

Katrine f.kr.1784. Tjenestejente i Sørgulen 1801.

 

Ole f.1787 d 1844 neste brukar

 

Johanne f. 1791 d 1831. Gift 1821 med Mikal Person Nordbotten1

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

I følge FT1801 heitte Søren sin far Ole Nielsen. Han var busett på Kjerpeset som enkemann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Inge og Rune for nye spennande innlegg!

 

Eg lyt tilstå, eg hadde ikkje lagt merke til at far hans Søren Olson budde på Kjerpeseter i lag dei i 1801.  No finn eg ikkje noki databaseregistrering for avlidne i Kinn 1801-1815, men eg bladde litt i kyrkebøkene og fann denne:

 

* Ole Nilsson Nordal, død av alderdom, 88 år gl, gravlagd i Bremanger 31.3.1805: https://media.digitalarkivet.no/view/11533/180

 

Men kven var so Ole Nilsson??  Var han kan henda far til BÅE dei Søren Olson Nordahl som gifte seg i Bremanger 1772 og 1773??  Ei skikkeleg utfordring!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

I de gamle databasene for Kinn, finner jeg 11 barn døpt i Nordalen mellom 1729 og 1785 med en far som heter Ole. Men der er ingen Ole Nilsen blandt dem.

 

I den samme perioden finner jeg 4 gutter døpt Søren med en far Ole. Den eneste som passer tidsmessig (konfirmert 1759) er Ole Solum søm døper en sønn Søren første søndag i advent 1744.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp14371729&gardpostnr=822&personpostnr=1662&merk=1662#ovre

 

Ole Solum døper en datter Ingeborg 27.06.1741, ny Ingeborg 07.10.1742, sønn Peder samme dato som Søren i 1744 (tvilling). Så er der et sprang til 1752 da Ole Solum døper en sønn Annanias. Deretter går Ole Andersen og Ole Rognaldsen om hverandre.

 

Hvorvidt denne Ole Solum het Nielsen til etternavn vet jeg ikke.

 

Om jeg ser i databasen over vigde med brudgom Ol- Ni finner jeg 13 kandidater i perioden 1689-1815. Mest interessant her er Ole Nielsen Indre botn som først gifter seg 1734 med Orlaug Olsdtr. og deretter som enkemann i 1738 med Marthe Michelsdtr.

Det er også en Ole Nielsen Midbøen som gifter seg i 1737 med Synneve Hansdtr. I den grad noen av disse skulle være rett så er ikke Norddalen nevnt som bosted på noen av dem.

 

I basen over trolovede  1729-1750 er det de samme tre kandidatene som dukker opp. Ole Nielsen Midbøen og Ole Nielsen Indre botn x2

 

Jeg vil anta at  gården Solum er det samme som Solem eller Solheim.

I bygdebok for Bremanger bind I på gården Solheim er der ikke nevnt noen Ole, verken Nielsen, Andersen eller Rognaldsen idet aktuelle tidsrommet, så jeg vil tro det er snakk om Kinn og ikke Bremanger.

Der er en Ole Larsson og Ole Pålson på Solheim i Bremanger, men det er i 1760 og 1780 åra.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn og Rune for nye interessante innlegg!

 

Det skal tydlelegvis ikkje vera so enkelt å komma vidare med denne ætti, men eg har no teke ein titt på skifteprotokollane og finn mellom anna eit skifte etter:

 

* Ole Rognaldson Soleim, dagsett 19.9.1769: https://media.digitalarkivet.no/view/24202/244?indexing=

Han let etter seg enkja Kari Nilsdotter og ymse born:

** Annanias Olson, myndig

** Peder Olson 22 år

** Nils Olson 14 år

** Søren Olson 12 år

** Janiche Olsdotter 30 år

** Synneva Olsdotter 13 år

og som verge for den siste er nemnd Ole Nilsson Nordahlen!!

 

Kanskje var Kari Nilsdotter ei søster hans??

 

Eg ser at Ole Degrenes i Førde døypte ein son Annanias 22.5.1740

Ole Angedal i Førde døypte ei dotter Janniche 18.7.1745 og ein son Peder 12.10.1746

Ole Rognaldson døypte ei dotter Synneva i Svanø sokn 12.12.1752: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005051465

Ole Rognaldson døypte ein son Søren i Svanø sokn 21.2.1756: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005052000

Bortsett ifrå dei to siste, kan eg ikkje sjå at nokon av desse borni er døypte i Svanø eller Kinn!

 

Eg veit ikkje om nokon vert noko klokare av dette, men interessant var det i alle fall å finna Ole Nilsson Nordahlen som verge for ei av jentene!!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn
På 14.7.2018 den 10.48, Rune Thorstensen skrev:

Det er også en Ole Nielsen Midbøen som gifter seg i 1737 med Synneve Hansdtr.

 

Eg vil berre nemne at Midtbø også er i Nordalsfjorden, og kjem etter Nordal og Solheim i matrikkelutkastet 1950 for Bru kommune.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen
1 minutt siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

 

Eg vil berre nemne at Midtbø også er i Nordalsfjorden, og kjem etter Nordal og Solheim i matrikkelutkastet 1950 for Bru kommune.

Ja, det var jeg klar over, og jeg synes det styrker troen på at en av de to kandidatene, Midbøen eller Indre botn kan være rett mann. Jeg prøvde å se litt i den gamle boka om Kinn før 1801, men ble ikke noe klokere av det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Ikkje så mykje hjelp i, men det er antagelegvis "vår" Ole Rognaldson Solheim som er nemnd her:

https://www.geni.com/people/Ole-Solheim/6000000026844635929

 

I så fall er det kanskje også "vår" Peder Solheim som blir døypt på Svanøy i 1744:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp14371729&gardpostnr=819&personpostnr=1656&merk=1656#ovre

 

Nederst på høgre side:

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 2 (1729-1785), Kronologisk liste 1744, Side 192
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610253
 

NB! Det er feil i databasen, og han som blir døypt heiter ikkje Peder!

Døbt Ole Solums Søn N. Søren.

Fadrar: Morten(?) Nordal, Ole ibid, Lars ibid, Sara Olsdatter, Ahles Hansdatter

 

Ikkje feil i databasen likevel.

4. siste dåpen på sida:

Døbt Ole Solums Søn N. Peder. Fadrar: Anders Soleim, Peder ibm, Lars ibm, Karen ibm og Johanne ibm

 

Så er spørsmålet om Peder og Søren er tvillingar, eller om det er to ulike Ole Solum. Ein legg iallefall merke til at ein Ole Nordal er fadder på Søren.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen
33 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Ikkje så mykje hjelp i, men det er antagelegvis "vår" Ole Solheim som er nemnd her:

https://www.geni.com/people/Ole-Solheim/6000000026844635929

 

I så fall er det kanskje også "vår" Peder Solheim som blir døypt på Svanøy i 1744:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp14371729&gardpostnr=819&personpostnr=1656&merk=1656#ovre

 

Nederst på høgre side:

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 2 (1729-1785), Kronologisk liste 1744, Side 192
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610253
 

NB! Det er feil i databasen, og han som blir døypt heiter ikkje Peder!

Døbt Ole Solums Søn N. Søren.

Fadrar: Morten(?) Nordal, Ole ibid, Lars ibid, Sara Olsdatter, Ahles Hansdatter

 

Ikkje feil i databasen likevel.

4. siste dåpen på sida:

Døbt Ole Solums Søn N. Peder. Fadrar: Anders Soleim, Peder ibm, Lars ibm, Karen ibm og Johanne ibm

 

Så er spørsmålet om Peder og Søren er tvillingar, eller om det er to ulike Ole Solum. Ein legg iallefall merke til at ein Ole Nordal er fadder på Søren.

Det står i databasen at Søren og Peder er tvillinger begge døpt første søndag i advent med far Ole Solum.Se innlegg 16. Det er den eneste Søren Olsen som er døpt i Kinn som passer aldersmessig. Jeg tror at han er identisk med Søren Olsen Nordalen som ble konfirmert i 1759. Spørsmålet er om Ole Solum er identisk med Ole Nielsen Nordalen. Om neste spørsmål er om enten Ole Nielsen Midbøen eller Ole Nielsen Indrebotn senere flytter via Solum til Nordalen.

 

Kan man bli noe klokere av konfirmantlisten?. Ingen Peder Olsen der, kanskje han døde før konfirmasjonsalder.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=kf14371742

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Det kan bli litt forvirrande av og til, denne gongen var det Peder som er nemnd i skiftet etter Ole Rognaldson Solheim eg eigentleg var ute etter, og så ser eg at eg har snubla over den Søren som ein tidlegare har vore inne på som kandidat for Søren Olsson Kjerpeset.

 

Det står vel eigentleg ikkje at Søren og Peder er tvillingar, og det er nokre linjer mellom dei i kyrkjeboka (som eg tykkjer er merkeleg). Om dei er tvillingar er spørsmålet om faren er Ole Nilsson Nordal eller Ole Rognaldson Solheim.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn
22 minutter siden, Rune Thorstensen skrev:

Kan man bli noe klokere av konfirmantlisten?. Ingen Peder Olsen der, kanskje han døde før konfirmasjonsalder.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=kf14371742

 

Det er ein Peder Olsson i 1760, men der står det ikkje bustad på konfirmantane. I 1764 er det konfirmert ein Peder Olsson Soleim:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=kf14371742&gardpostnr=866&personpostnr=866&merk=866#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen
15 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Det kan bli litt forvirrande av og til, denne gongen var det Peder som er nemnd i skiftet etter Ole Rognaldson Solheim eg eigentleg var ute etter, og så ser eg at eg har snubla over den Søren som ein tidlegare har vore inne på som kandidat for Søren Olsson Kjerpeset.

 

Det står vel eigentleg ikkje at Søren og Peder er tvillingar, og det er nokre linjer mellom dei i kyrkjeboka (som eg tykkjer er merkeleg). Om dei er tvillingar er spørsmålet om faren er Ole Nilsson Nordal eller Ole Rognaldson Midtbø.

Ole Rognaldsen er nevnt ved etternavn først 1752 og Ole Andersen fra 1753.Ole Solem 1741, Ole Solem 1742, Ole Solum 1 søndag i advent 1744 to ganger Peder og Søren er barna. Så er det et sprang til 1752, 15 søndag med Ole Solem som far. Samme år 15.12.1752 Ole Rognaldsen.

 

Det er skifte etter Ole Nilsen Midbøen 16.10.1758. Jeg klarer ikke å lese stort av det.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=kf14371742

 

Det er også et skifte etter Ole Nilsen Øvrebotn 13.06.1763. Enken heter Marthe Michelsdtr.

Jeg ser to sønner men ingen Søren.

SAB, Sunnfjord Sorenskrivararkiv - IV Skifte, Ab, 1761-1763, s. 478b-479a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126660184

 

Om det stemmer kan vi utelukke Ole Nilsen Øvrebotn som far til Søren.
 

 

 

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Eg skreiv feil, den eg tenkte på var Ole Rognaldson Solheim og skiftet hans nemnd i #17.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.