Gå til innhold
Arkivverket

Y-DNA treff med Ole Sørenson Kjerpeset i Bremanger (1787-1844) - korleis kan eg vera i slekt med denne karen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

1 time siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Eg skreiv feil, den eg tenkte på var Ole Rognaldson Solheim og skiftet hans nemnd i #17.

Jeg så at han hadde en sønn Søren, men han var 12 år i 1769, og dermed født i 1757. Det er vel lite trolig at han giftet seg i 1773. I 1801 tellingen er han 56 år. Og den Søren Olsen Nordal som ble konfirmert i 1759 må være født 1744 eller før

Endret av Rune Thorstensen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men Peder frå 1744 kan vere identisk med Peder som er "22 år" i 1769. (Skiftet etter Ole Rognaldson Solheim, innlegg #17) Om det er han som var konfirmert i 1764 var han 20 år gammal. Det er mykje, men fullt mogeleg.

 

I følgje Geni-slektstreet skal Ole (Rognaldson?) Solheim ha hatt sonen Peder Olsson Solheim f. 1743. Kva som er kjeldene her kan ein jo berre spekulere i. Årsaka til at eg trur at Geni-profilen gjeld "vår" Ole Rognaldson Solheim er (i tillegg til at kona heiter Kari N. og sonen Peder) at eg ser Havikbotn dukke opp som etternamn på kona til barnebarnet. Og det er på Brandsøya i Florø.

 

Her er ei vigsle som passar til Geni-slektstreet: Uk. Peder Olsson Solheim og P. Anne Andersdtr. Solheim, gifte i Svanøy i 1777:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vi14371689&gardpostnr=1331&personpostnr=2661&merk=2661#ovre

 

Men dette hjelper oss vel lite i forhold til den opprinnelege utfordringa, opphavet til Søren Olsson Kjerpeset ...

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du kan nok ha rett vedr Peder, i alle fall giftet Ole Rognaldsen Solem seg 30.06.1738 med Kari Nielsdtr. Hatlesæt.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vi14371689&gardpostnr=643&personpostnr=1285&merk=1285#ovre

 

Klarer du å tyde noe fra skiftet etter Ole Nielsen Midbøen 1758 i innlegg 24?

 

 

Kari Nielsdtr. ble døpt på Hatlesæt 03.12.1710

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp14371689&gardpostnr=593&personpostnr=1777&merk=1777#ovre

 

Og en ny Kari døpt 20.05.1713. Dessuten en sønn Joseph i 1704 og en sønn Ole 1708.

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kari Nilsdtr. Solheim var i live i 1801, og var då 82 år gammal. Sonen, Peder var 58, dvs. fødd kring 1743.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058405000883

 

Skiftet etter Ole Nilsson Midtbø er vanskeleg å tyde. Enkja heiter Synneve Hansdtr.  ... mands nærværende arvinger, 1 broder og 2 søstre navnl. 1 broderen Jeppe Nielsen, myndig og bor paa gaardsbruget(?) ... 2. Søsteren Cicilia Nilsdatter gift med Johanes ... 3. Kari ?Niels?datter gift med ?Olle? ...

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg spekulerer på om det står Olle Rognaldsen Solheim, men det er rein gjetting. Og så står det eitt eller anna om Svanøe Sogn.

 

I så fall har ein funne syskena til Kari Nilsdtr. Solheim  ovanfor.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om det stemmer kan vi også utelukke Ole Nielsen Midtbøen som kandidat til Ole Nielsen Solum/Nordal/Kjerpeset. Da må det være en annen Ole Nielsen som var far til Søren Olsen og vi er tilbake til start.

Hvem var far til den Søren Olsen som ble døpt første søndag i advent 1744 på Solum og som trolig er identisk med den Søren Olsson som sto konfirmant på Nordal i 1759? I følge 1801 tellingen het han Ole Nielsen og var 96 år (født rundt 1705).

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er det komme mykje informasjon her, så eg er usikker på om den informasjonen eg kjem med allereie er nemnd.

 

Her i ministerialboka finn eg namnet Ole Nordalen og Hellene Jørgensdatter i samme setning ifbm. med dåpen første søndag i advent. (På høgre side i boka, nesten heilt oppe) Mi tolking av gotisk skrift er fråværande, så eg er usikker på kva meir som står her: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610254 Er det relevant?

 

 

Endret av Eldar Skjeldestad Åsebø
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forlovarar: Stephen Botnen, Rasmus ibid

 

Dette paret trur eg ikkje ein har vore borti, og det ser interessant ut. Skal tru kva for ein "botn" forlovarane kjem frå? Indrebotten, Øvrebotten eller noko heilt anna?

 

Sidan trulovinga er i Bremanger er vel kona derifrå?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole Nordal døper en sønn Lars 18.04.1743.

De øvrige fedrene ved navn Ole som døper barn på Nordal er Ole Hansson i 1730, 1734 og tvillinger i 1738, samt Ole Simonsson som døper barn 1731, 33, 35, 53, 55  og 1758. Trolig er der mangler i kirkebøkene, det er jo merkelig at Ole Simensson ikke får barn på Nordal mellom 1735 og  1753.

 

Det døpes forøvrig kun en Helene Jørgensdtr. i Kinn 1689-1729 og det er hun som ble døpt 01.05.1693 på Høidal. Hun må vel være for gammel til å kunne bli mor til Søren i 1744?

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er iallefall ikkje hjelp i å sjå etter introduserte i kyrkjebøkene rundt 1744/45, det står berre f. eks. "introdusert 4 koner". Ingen namn.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Eldar Skjeldestad Åsebø skrev:

No er det komme mykje informasjon her, så eg er usikker på om den informasjonen eg kjem med allereie er nemnd.

 

Her i ministerialboka finn eg namnet Ole Nordalen og Hellene Jørgensdatter i samme setning ifbm. med dåpen første søndag i advent. (På høgre side i boka, nesten heilt oppe) Mi tolking av gotisk skrift er fråværande, så eg er usikker på kva meir som står her: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610254 Er det relevant?

 

 

 

1 time siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Forlovarar: Stephen Botnen, Rasmus ibid

 

Dette paret trur eg ikkje ein har vore borti, og det ser interessant ut. Skal tru kva for ein "botn" forlovarane kjem frå? Indrebotten, Øvrebotten eller noko heilt anna?

 

Sidan trulovinga er i Bremanger er vel kona derifrå?

 

Dette paret kan ein nok sjå vekk frå.

 

Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 13a (1742-1763), Skifteprotokollside, Side 278b-279a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126700743
 

... paa den gaard Nordbotten i Bremanger Sogn ... afgt Helena Jørgensdatter ... imellem Enchemanden, Ole Olsen paa den ene og den sal. quinde uid første agteskab avlede børn ... som er ein son og to døtre med etternamn Sakariassen.

 

Medan ein i vårt tilfelle er ute etter ein Ole Nilsson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn, Rune og Eldar for framifrå innsats for å freista finna «jokeren» i denne kjempeutfordringi!

 

Det heile går jo ut på å identifisera den Ole Nilsson som i 1801 budde hjå sonen Søren Olson og som døydde kort tid etter, men Kinn prestegjeld er geografisk eit omfattande område og me kan ikkje vera trygge på at Ole verkeleg var barnefødd der heller...  Hadde me berre kunna identifisert mori...

 

Eg er imponert over innsatsen og kan berre takka og bukka på det djupaste for fantastisk hjelp!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Søren Olsson Kjerpeset, omkr. 1745-1811, er truleg sonen til Ole Nilsson Nordal (i Nordalsfjorden, Kinn) og Brithe Ingvaldsdotter Nordal, 1713-1789. Brithe var frå Sundal inst i  Nordalsfjorden. Dette ekteskapet framgår av skiftet 11.10.1751 etter faren til Brithe.

 

Ole Nilsson Nordal, 1720-1805, var sonen til Nils Steffenson Nordal, omkr 1665-omkr 1730) og Synneve Andersdotter Nordal, omkr 1685 – omkr 1730).  Nils Steffenson var etter det som står i Florasoga av Joleik, truleg frå garden Hope i Hyen. Synneve var frå garden Midtbø i Nordalsfjorden.

 

På Hope må Nils Steffenson ha vore sonen til Steffen Antoniusson, 1626-1601, på bnr. 7 og Sigrid Jonsdatter, 1625-1703.

 

Steffen Antoniusson må ha vor sonen til Antonius Andersson Hope, død før 1660, og Alheid Steffensdatter, nemnd i 1646.

 

Antonius Andersson var truleg sonen til Anders Lauritsson Hope som var brukar i 1597.

 

Dette kan lesast på side 132 i bygdebok for Gloppen og Breim.  Boka ligg på Nasjonalbiblioteket og kan lesast på nett.

 

Kan Hope ut frå dette knyttast til Bakken i Jostedalen?

 

Kona til Søren Olsson Kjerpeset, Eli Berentsdotter Kjerpeset, 1747 – etter 1811, var ho dotter til Berent Hansson Eikefjord, 1723-1753, og Guni Andersdotter Eikefjord, omkr 1724-1755. Guni var frå garden Øren (i dag Øyra) som ligg i nærleiken til garden Eikefjord.

 

Mora til Søren Olsson Kjerpeset, Brithe Ingvaldsdotter Nordal var dotter til  Ingvald Nilssson Sundal i Nordalsfjorden, 1668-1751 og  Synneve Andersdatter Sundal, 1673-1720. Synneve var frå Løkkebø (no Lykkjebøen) nabogard til Øren.  Far til Synneve var truleg lensmann Anders Larsson som var frå Furebø i Førde. Her er det ei stor etterslekt med stor spreiing.

 

Mora til Ingvald Nilsson Sundal var Ingeborg Ingvaldsdotter, omkr 1640 - ?.  Ho var frå Helle i Naustdal, og også her er det stor etterslekt med stor spreiing.

 

Når det gjeld Kari Nilsdotter g.m. Ole Rognaldson Solheim (i Nordalsfjorden, Kinn) hadde ho ein bror som heitte Ole Nilsson Midtbø, 1708-1758, (i Nordalsfjorden, Kinn). I fylgje skiftet 16.10.1758 døydde han utan barn. Så han er uaktuell som far til Søren Olson.

 

 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var flott Leif. 

Jeg har inne en forspørsel i forum for skannede kilder vedr skiftet etter Marthe Ingvaldsdtr. Eikefjorden  ca 1695-1766. Hun var gift med Hans Hansson Eikefjord ca. 1690-1750.

De er trolig foreldrene til Berent Hansson.

 

Jeg har problemer med å tyde alle navnene, men ser i alle fall Eli Berentsdtr. nevnt der som sønnedatter.

 

Om dette stemmer var Marthe datter av Ingvald Larsson Langedal ca 1657 - d trolig etter 1721 i hans andre ekteskap. Hva kone nr. 2 het vet jeg ikke. Men han var først gift med Dordi Olavsdtr. som det er skifte etter 24.04.1685.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif og Ŕune for nye kjempespennande innlegg!

 

Jau, her var det jamen mykje å «fordøya», men først av alt vil eg gjerne nok ein gong få gripa tak i dei to Søren Olson'ane me har vigde i Kinn 1772/1773, som båe heitte Nordal:

 

* Søren Olson Nordal gift med Anna Rasmusdotter Nordal 16.11.1772: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000493584

Desse (mannen 54 år) budde i 1801 på Nordal og hadde 4 born: Rachel (28), Carsten (20), Anna (16) og Rasmus (12)

 

* Søren Olson Nordal gift med Eli Berentsdotter Hofland 11.11.1773: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000493612

Desse (mannen 56 år) budde i 1801 på Kjerpeset og hadde 3 born: Berte (24), Ole (14) og Johanna (7)

 

Ser me so på databasen for døypte i Kinn, ser me følgjande born av Søren Olson:

 

* Rachel, døypt Nordal 28.11.1771: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005054167

 

* Gunie Marie, døypt Nordal 15.12.1773: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005054417

 

* Ole, døypt Nordal 3.4.1774: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005054449

 

* Brite, døypt Kjerpeset 2.6.1776: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005054822

 

* Anna Maria, døypt Nordal 2.12.1777: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005055024

 

* Anna Oline, døypt Nordal 11.9.1785: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001837278

 

* Ole, døypt Kjerpeset 9.p.T.1787: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001837740

 

* Rasmus, døypt Nordal 6.10.1788: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001837995

 

* Johanna, døypt Kjerpeset 4.12.1791: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001838762

 

Det ser for meg ut som om det manglar innførsler mellom kring 1778 og 1784, men poenget mitt var å syna OPPKALLINGAR.  Og når me veit at Eli Berentsdotter hadde Guni Andersdotter til mor, harmonerer det svært so bra med at Gunie Marie (1773) høyrer til Søren og Eli, samstundes som me får Brite/Berte som ei oppkalling etter mor hans, Britha Ingvaldsdotter.

 

Eg finn forresten Britha Ingvaldsdotter Nordahl som gravlagd 1. søndag i advent 1789, 87 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/11533/37

 

Skiftet etter Ingvald Nilsson Sundal frå 1751 syner, som Leif òg seier, at dotteri Britha var gift med Ole Nilsson Nordal: https://media.digitalarkivet.no/view/24190/214?indexing=

 

Soleis kan me 100% sikkert slå fast at me har finne foreldri til Søren Olson Kjerpeset, sjølv om vigsli deira ikkje synest vera innført nokon stad i fylket det eg kan sjå, og kva for ein av dei to Søren Olson'ane som var fødd på Soleim, kan me vel heller ikkje seia noko sikkert om!?

 

So hevdar altso Joleik at Ole Nilsson skal vera son av Nils Steffenson på Nordal og kona Synneva Andersdotter, men der er det at eg etterlyser handfaste prov?  EG trur at både Ole Nilsson og kona Britha Ingvaldsdotter må vera fødde kring 1710 eller kanskje endå nokre år før og at Søren har vore om ikkje yngste barnet deira, so i alle fall eitt av dei yngste!?

 

Eg ville nok venta at Søren hadde eldre brør med namn Nils og Ingvald og lurer på om denne Ingvald Olson som gifte seg i Svanøy i 1751, kan vera ein eldre bror: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000492662

 

Eller kva med denne Nils Olson gift i 1750: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000492634

 

Eg har ei kjensle av å røra meg i eit område der eg er ganske so ukjend, men eg freistar leggja fram fakta, og me veit jo av erfaring at me ikkje alltid kan stola på alt som «gamlekara» hevda...?

 

Men eg vil gjerne på ny få takke for framifrå bistand i freistnadane på å oppklara denne ætti på Kjerpeset og vonar på fleire oppdagingar i kjeldene våre...

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er skiftet etter Søren Olsson Kjerpeset:

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 11 (1798-1811), Skifteprotokollside, Side 497b-498a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126690502
 

I farten ser eg at dottera, Guni er nemnd. Ho er gift med Peder Pederson Sørgulen.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for siste meldingi!

 

Då stadfester skiftet det som me fosovidt alt har gått ut ifrå, at Guni høyrer til denne huslyden.  Eg ser forresten at Søren og Eli òg hadde ei dotter Cathrine som var gift og budde i Bergen.  Ho må vel då vera fødd i den perioden der protokollar manglar, kring 1780 og fell utanfor det som eg ville kalla «førstelinjeoppkalling»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til freistnadane på å finna ei løysing på denne skyldskapsutfordringi!

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.