Gå til innhold
Arkivverket

Christen Østensen (1785-1840) - frå Luster til Bergen - med forgreiningar til Kongsberg, Vik/Leikanger, Ibestad og Opdal - ei utfordrande huslyd?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

So har eg motteke svar frå Statsarkivet i Bergen, og det syner seg at vigsli til Bertel Olai Næss og Oline Olsen fann stad i Metodistkyrkja i Bergen 11.9.1892.

 

Etter dette kan me setja opp følgjande reviderte manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Christen Østenson, døypt 27.2.1785,

Christen Østensen, som stundom òg nytta ættenamnet Bolstad, flytte til Bergen og gifte seg i Krosskyrkja 13.7.1834 med enkja Ingeborg Marie Baltzersdotter f. Ruud, opphavleg frå Kongsberg.  Ho var dotter av sjømann

 

##### (sjekka yrket? – sjømann på Kongsberg??)

 

Johan Baltzer, kjend som Baltzer Pederson Ruud på Kongsberg og første kona Maria Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – f. 1758? – d. 1797 – vigde Kongsberg 20.3.1790?)

 

og vart døypt på Kongsberg 16.5.1795.  Ingeborg gifte seg første gongen i Domkyrkja i Bergen 27.6.1824 med Bottolf Baardson frå Nes i Sogndal, i Bergen kjend som Bottolf Næss.  Han var son av innerst Baard Erikson på Nes, opphavleg frå Gotevik i Vik, og andre kona Kari Bottolfsdotter frå Nes i Sogndal og vart døypt i Sogndal 18.1.1801.  Bottolf var snikkarsvein, og han og Ingeborg budde i Bergen, men Bottolf vart spedalsk og flytte i 1827 inn på St. Jørgen hospital der han d. 25.9.1830.  Christen Østensen var dagarbeidar, og han og Ingeborg budde fleire stader i Bergen, for det meste i Krosskyrkjesokni, mellom anna i Bredenbechsmuget der Christen d. 10.7.1840.  Ingeborg flytte sidan til Bæversmuget der ho d. som enkje 23.3.1864.  Ingeborg fekk i alt fire born, eitt frå første ekteskapet og tre frå det andre:

a. Bertel Olai Bottolfson Næss, f. i Bergen 25.7.1824, d. som torghandlar i Bergen 31.7.1907.  Bertel voks opp på Fjærvoll i Bø i Vesterålen og gifte seg første gongen i Ibestad 13.10.1846 med Ingeborg Cathrine Jeremiasdotter frå Grov i Skånland, Ibestad, f. i Ibestad 5.9.1820.  Ho d. i Bergen 9.5.1891, og Bertel gifte seg so 11.9.1892 att i Metodistkyrkja i Bergen med Olina Olsdotter frå Amland store på Tysnes, f. på Tysnes 10.5.1845.  Ho hadde i mange år vore kokkejente og reingjeringsassistent i Bergen og d. som enkje i Bergen 3.10.1908.  Bertel og Ingeborg var i mange år gardbrukarar på Skjelnesplassen i Lavangen, Ibestad, men flytte kring 1864 til Bergen der Bertel ei tid arbeidde som butikkmann i melforretningi til halvbroren Andreas.  Bertel Næss tok 18.5.1866 borgarskap i Bergen, truleg som handelsmann, men borgarskapen var oppsagd alt 4.9.1868, og Bertel livnærte seg sidan som butikkmann og var elles lausarbeidar og torghandlar i Bergen.  Huslyden budde mange stadar i Bergen, mellom anna i Vossegaarden ved Strandgaten, i Øvre Blekevei, i Klaus Frimannsgate og i Nøstegaten, men siste bustaden var i Tyskesmuget.  Bertel Næss fekk i alt åtte born, som alle var frå første ekteskapet.

b. Andreas Johan Christensen, f. i Bergen 29.3.1835, d. på ein gamleheim i Kalfarveien i Bergen 17.7.1924.  Han gifte seg i Domkyrkja i Bergen 17.5.1860 med Cathrine Eleonora Jørgensdotter Jørgensen frå Bergen, f. i Bergen 14.6.1835.  Ho d. i Bergern 22.5.1911.  Andreas Christensen dreiv melforretning, og han og Cathrine budde frå kring 1864 på Østre Muralmenning i Bergen.  Dei fekk ti born i lag.

c. Marie Christine Christensen, f. i Bergen 26.2.1837, d. i Bergen 7.5.1838.

d. Johan Christian Christensen, f. i Bergen 3.3.1840, d. i Bergen 8.3.1841.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Då er det berre detaljane frå Kongsberg om Ingeborg Marie Ruud som manglar...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan Baltzer Pedersen Rue (ikke Ruud)

 

Viet 1790 med Maren Olsdatter
SAKO, Kongsberg kirkebøker, F/Fa/L0006: Ministerialbok nr. I 6, 1783-1797, s. 386
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070316630232

 

Barn Ole 20.11.1790
SAKO, Kongsberg kirkebøker, F/Fa/L0006: Ministerialbok nr. I 6, 1783-1797, s. 125
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070316620695

 

Ingebor Marie 16.05.1795
SAKO, Kongsberg kirkebøker, F/Fa/L0006: Ministerialbok nr. I 6, 1783-1797, s. 198
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070316630040

 

Viet på nytt  10.11.1798 med Sigri Christophersdatter
SAKO, Kongsberg kirkebøker, F/Fa/L0007: Ministerialbok nr. I 7, 1795-1816, s. 360
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070316630611

 

Får ett uekte dødt barn 22.12.1798 som gift mann.
SAKO, Kongsberg kirkebøker, F/Fa/L0007: Ministerialbok nr. I 7, 1795-1816, s. 215
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070316630466

 

Interesant dåp 12.03.1747.
Johan Balzer døpt Uekte 12.05.1747  øverst på venstre side.   
SAKO, Kongsberg kirkebøker, F/Fa/L0003: Ministerialbok nr. I 3, 1744-1755, s. 151
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070316610449
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Jeg har prøvd å finne  Marie Olsdatters begravelse uten resultat. 

Men det er sikker noen som har bedre øyne enn meg.

I og med Jon Baltzer Pedersen Rue ble gift i 1797 som enkemann (se #27) må hun ha død i perioden 1795-1797.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hjarteleg takk til Leif for siste innleggi om denne huslyden på/frå Kongsberg.

 

Eg seier meg lei for seint svar, men eg har vore på ferie og har samstundes venta på ei attendemelding frå Dag Thorsdalen, ein som vel kjenner Kongsberg-ætter betre enn dei fleste andre.  No har eg fått ei melding frå Dag, som òg har vore på ferie, og han skriv mellom anna følgjande:

 

«Du spør om jeg har noen formening om hvordan faren hennes kunne være sjømann på Kongsberg? Det er vel kirkebokens vielsesprotokoll ved Ingeborg Maries andre bryllup i 1834 som gir denne opplysningen. Kongsberg er som kjent en innlandsby, men det er ikke mer enn ca. 4 mil til Drammen – og det ble regnet som en dagsmarsj. Heller ikke til byene i Vestfold og Grenland var avstanden uoverkommelig. Både kirkebøkene og skifteprotokollene for Kongsberg rapporterer om noen sjøfolk på 1700-tallet, men de fleste av disse var utenbys folk. Dog var det også noen fra Kongsberg som dro til sjøs, og da helst med skuter fra Drammen. Det var jo ikke alle som kunne tenke seg et langt liv som sølvverksarbeider!»

 

Når det gjeld opphavet til Maren/Mari Olsdotter skriv han:

 

«Jeg har ikke klart å få brakt på det rene Mari/Maren Olsdatters opphav eller når hun var født. Hun ble gravlagt 22/4 1797 med oppgitt alder 39 år, noe som peker på 1758 som hennes mest sannsynlige fødselsår. Dessuten opplyses det at hun døde i barselseng, dog uten at det på denne tiden er registrert noen dåp eller dødfødsel som kan gjelde denne familien. Dermed dreier det seg mest sannsynlig om et uforløst barn. Navnekombinasjonen hennes er såpass alminnelig at det fins et par dusin mulige kandidater på Kongsberg innenfor et naturlig slingringsmonn fra 1758. Dessuten kan hun jo ha vært utenbys fra.»

 

Det ser ut til at me ikkje kjem noko nærare ein konklusjon når det gjeld opphavet til Maren/Mari Olsdotter, men er me heldige, dukkar hom kan henda opp i eit skifte ein eller annan stad i distriktet?  Under har skjedd før...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.