Gå til innhold
Arkivverket

Carl Theodor Torgersen - fødd i Bergen 1852 - lettmatros i 1875 - kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne «vesle» huslyden frå Luster budde i Bergen, og medan dotteri før er gjort greie for som fosterdotter hjå ei anna utflyttar frå Luster og sidan hotelleigar på Nesttun i Fana, er det for meg eit stort «mysterium» kvar det vart av bror hennar, Carl Theodor.

 

Her følgjer eit manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Torger Torgerson {Sandvig}, f. {i Luster} 5.4.1821,

Torger Torgersen flytte i 1844 til Lavik der han tente til han i 1847 fór vidare til Bergen.  Han gifte seg i Bergen 11.7.1852 med Anna Marie Torgersdotter frå Nes.  Ho var f. i Luster 2.11.1828 og flytte òg til Bergen i ung alder.  Torger Torgersen var ølbryggjar og vart sidan ølhandlar i Bergen.  Han og Anna busette seg på Nykirkealmendingen i Bergen der Anna d. alt 31.12.1858.  Torger flytte kort etter til Pundersmuget, men det gjekk sidan ut med han, og han d. som almisselem (legdelem) i Strandgaten i Bergen 18.2.1880.  Torger og Anna fekk to born i lag:

a. Carl Theodor Torgerson Torgersen, f. i Bergen 10.10.1852, voks opp hjå far sin,

 

     ##### (n. 1865 hjå faren i Pundersmuget – 1875: lettmatros på «Alfen» - seinare lagnad? – truleg avliden før 1888!?)

 

b. Rakel Marie Torgersdotter Torgersen (Hjemdal), f. i Bergen 26.12.1855, miste mor si då ho var tre år gamal og voks opp som fosterdotter hjå husmannsdotteri Gurina Larsdotter frå Langeteigen under Heltne i Dale (1822-1904), gift med hotelleigar Lars Hjemdal (1831-1899).  Rakel, som alltid skreiv seg for Hjemdal, tok over Solhaug Hotell på Storemidtun i Fana etter fosterforeldri sine, og der d. ho ugift 25.4.1923.  Ho lét etter seg ei dotter.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Her er siste kjende innførsel for Carl Theodor i 1875 som lettmatros på «Alfen»: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295042852

 

Carl Theodor er IKKJE nemnd i skiftet etter farbroren Christen Torgerson Sandvik som døydde ugift i Luster i 1888, so truleg var han då avliden utan å etterlata seg born(?)...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden hans!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar, Ann-Mary og Lars W. for kjempespennande og nyttige innlegg!

 

Han var nok svært so ung, Carl Theodor, då han laut i fengsel første gongen, berre 15 år gamal, men det var vel ingi «kjære mor» og heller ikkje noko barnevern den gongen som kunne hjelpa...

 

Elles er det klart at Carl Theodor døydde i New Orleans, LA, men kva tid skjedde dette?  Ein skulle nesten tru det var 1.5.1881, men han er då nemnd etter den tid!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
På 23.7.2018 den 12.57, Lars E. Øyane skrev:

Denne «vesle» huslyden frå Luster budde i Bergen, og medan dotteri før er gjort greie for som fosterdotter hjå ei anna utflyttar frå Luster og sidan hotelleigar på Nesttun i Fana, er det for meg eit stort «mysterium» kvar det vart av bror hennar, Carl Theodor.

 

Her følgjer eit manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Torger Torgerson {Sandvig}, f. {i Luster} 5.4.1821,

Torger Torgersen flytte i 1844 til Lavik der han tente til han i 1847 fór vidare til Bergen.  Han gifte seg i Bergen 11.7.1852 med Anna Marie Torgersdotter frå Nes.  Ho var f. i Luster 2.11.1828 og flytte òg til Bergen i ung alder.  Torger Torgersen var ølbryggjar og vart sidan ølhandlar i Bergen.  Han og Anna busette seg på Nykirkealmendingen i Bergen der Anna d. alt 31.12.1858.  Torger flytte kort etter til Pundersmuget, men det gjekk sidan ut med han, og han d. som almisselem (legdelem) i Strandgaten i Bergen 18.2.1880.  Torger og Anna fekk to born i lag:

a. Carl Theodor Torgerson Torgersen, f. i Bergen 10.10.1852, voks opp hjå far sin,

 

     ##### (n. 1865 hjå faren i Pundersmuget – 1875: lettmatros på «Alfen» - seinare lagnad? – truleg avliden før 1888!?)

 

b. Rakel Marie Torgersdotter Torgersen (Hjemdal), f. i Bergen 26.12.1855, miste mor si då ho var tre år gamal og voks opp som fosterdotter hjå husmannsdotteri Gurina Larsdotter frå Langeteigen under Heltne i Dale (1822-1904), gift med hotelleigar Lars Hjemdal (1831-1899).  Rakel, som alltid skreiv seg for Hjemdal, tok over Solhaug Hotell på Storemidtun i Fana etter fosterforeldri sine, og der d. ho ugift 25.4.1923.  Ho lét etter seg ei dotter.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Her er siste kjende innførsel for Carl Theodor i 1875 som lettmatros på «Alfen»: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295042852

 

Carl Theodor er IKKJE nemnd i skiftet etter farbroren Christen Torgerson Sandvik som døydde ugift i Luster i 1888, so truleg var han då avliden utan å etterlata seg born(?)...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden hans!

 

Lars L. Hjemdal (1831 - 1899) var i frå garden Hjemdal i Os, Hrdl. Før hotelldrifta på Midttun i Fana hadde han òg borgarskap i Bergen. Lars Hjemdal dreiv nemleg i mange år krambu og handelsverksemd i Strandgaten i Bergen.

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Berre so det er nemnt. (Vedk. omtalte hotelleigar på store Midttun i Fana,  Lars L. Hjemdal).

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.