Gå til innhold
Arkivverket

Lars M(ikkelson) Nordness (1865) og Martha Thomasdotter Melheim (1871) - gifte seg kring 1895 i eller nær Stoughton, WI - men eg greier ikkje finna denne vigsli nokon stad - kanskje andre har betre auge enn meg?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har nettopp gjort ei spennande nyoppdaging av fleire søsken frå Luster som utvandra til Amerika via Årdal, mellom anna denne yngste av dei:

 

Marit, kjend som Martha Thomasdotter, fødd på Steig i Luster 18.4.1871: https://media.digitalarkivet.no/view/6916/11

flytte med foreldri sine til Melheim i Årdal, vart konfirmert der i 1886: https://media.digitalarkivet.no/view/6949/203

og utvandra so til Amerika i 1887: https://media.digitalarkivet.no/view/6950/9

 

Eg kan ikkje sjå at Martha over hovudet er nemnd i bygdeboki for Årdal!

 

Kring 1895 gifte Martha seg med Lars Mikkelson Nordness, fødd i Dane Co., WI 16.9.1865 av foreldre utvandra frå Nornes i Sogndal, og de busette seg på ein farm nær Stoughton, Dane Co., WI - sjå FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DBGW-HTG

 

Parfolket hadde vore gift i fem år (FT1910 oppgjev dei hadde vore gifte i 15 år!)

 

Er det nokon som greier å finna den nøyaktige datoen og staden for denne vigsli?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No fann eg att in gamal database eg har frå Stoughton Public Library over «lokale hendingar», og der står det at Lars M. Nordsness ogv Marttha Melheim feira bryllap, anten 11.7.1895 eller 19.7.1895, men det står ikkje KVAR!

 

Sjølv med eit konkret søk etter brudgom Lars/Lewis og vigsel i Dane Co., WI 1895, får eg ingen «treff».

 

Eg vonar at ein eller annan kan løysa denne gåta og takkar på ny so mykje for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner en Lars Mikkelson som gifter seg i Oconto, Wisconsin 14. juli 1895; men vet ikke om det er rett mann... Finner ikke ut brudens navn.

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=4997&h=893304&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=Yzf730&_phstart=successSource

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget!

 

Tidspunktet høver jo bra, men diverre høver ikkje resten...:

 

Name Lars Mikkelson
Event Type Marriage
Event Date 14 Jul 1895
Event Place , Oconto, Wisconsin, United States
Gender Male
Race White
Birthplace Sweden
Father's Name Mikkel Larson
Mother's Name Anna L. Olsen
Spouse's Name Caroline Johnson
Spouse's Gender Female
Spouse's Race White
Spouse's Father's Name August Johnson
Spouse's Mother's Name Martha

 

Men ofte lyt ein berre prøva og sjå...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.