Gå til innhold
Arkivverket

Betsey (1814) og Susan (1840) Solfestson - frå Luster via Bergen og Iowa til Nebraska - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring frå sist på 1970-talet som eg aldri har greidd å løysa.  Kanskje er no tidi kommi?

 

Nils Sølfestson Fuglesteg, døypt i Luster 3.2.1805, gifte seg i Luster 26.6.1838 med Bertha Kirstine Christophersdotter Optun, døypt i Luster 27.6.1814.  Dei var i mange år gardbrukarar på Fuglesteg i Luster, men flytte i 1855 til Bergen (eller Haus?) og utvandra derifrå til Amerika i 1858.

 

Dei hadde åtte born, mellom anna desse:

 

* Susanna Nilsdotter, fødd i Luster 7.10.1840

 

* Sølfest Nilsson, fødd i Luster 17.2.1843

 

* Bertha Kirstine Nilsdotter, fødd i Luster 6.7.1846

 

Her er huslyden i FT1860 for Glenwood township, Winneshiek Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GB9J-9J5R

 

Nils Solfestson døydde i Winneshiek Co., IA 17.10.1868, og

 

Ved FT1870 er Betsey enkje i Ludlow township, Winneshiek Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-635S-RGG

 

I 1873 flytte Betsey med fleire borni sine til Dixon Co., NE, og

 

Ved FT1880 er Betsey enkje i Summerhill precinct, Dixon Co., NE: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBH-43F

 

Ved FT1885 er B. C. Solfestson som enkje busett hjå sonen Solfest og med dotteri Susan same stad:  https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939N-8HF3-P

 

** Bertha Solfestson må vera avlidi ein gong mellom 1885 og 1900 - truleg i Dixon Co., NE!

 

Broren Solfest Solfestson budde i 1900 hjå ei yngre søster Emma i Lyon Co., MN, men kom attende til Nebraska og døydde i Galena, Dixon Co., NE 23.12.1908

 

Søsteri Susan var i 1900 innflytt hjå søsteri Bertha Johnson i Swan township, Holt Co., NE: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-69YW-MYP

 

Kring 1905 flytte Bertha Johnson med huslyden sin til Howard, Clay Co., NE der mannen Nelson døydde 2.2.1907.

 

Bertha budde framleis der hjå dotteri Nettie Smith i 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNR-S23

 

Siste gongen me ser Susan Solfestson nemnd, er i samband med desse landtransaksjonane i Holt Co., NE i 1908:

 

Name: Susanna Solfestson
Issue Date: 19 Oct 1908
Place: Holt, Nebraska, USA
Meridian: 6th PM
Township: 025n
Range: 016W
Aliquots: S½NE¼
Section: 27
Accession Number: 23134
Document Number: 6580
Household Members: 9229327

 

Name: Susanna Solfestson
Issue Date: 19 Oct 1908
Place: Holt, Nebraska, USA
Township: 025n
Range: 016W
Aliquots: S½NW¼
Section: 27
Accession Number: 23134
Document Number: 6580
Household Members: 9229328

 

** Susan Solfestson må vera avlidi ein gong etter 1908, uvisst kvar!

 

Utfordringane mine i denne huslyden er følgjande:

 

** Dato og stad for dødsfallet til Bertha Kirstine Solfestson?

 

** Dato og stad for dødsfallet til Susanna Solfestson?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.