Jump to content
Arkivverket

Fødselsår dersom det berre er oppgitt alder i kjelda


Torbjørn Igelkjøn

Recommended Posts

Torbjørn Igelkjøn

Eg har ein tanke om å bidra med å transkribere kyrkjebøker ein gong i framtida, og har lese litt om Kyrre-standarden. Mykje av det som står der virkar fornuftig i forhold til den erfaringa ein har som brukar av databasane i Digitalarkivet, men eg stussar litt over at det står utrykkjeleg at fødselsår ikkje skal registrerast dersom det berre er oppgitt alder i kjeldene. Når ein søkjer i Digitalarkivet sine databasar er fødselsåret ofte av det mest grunnleggjande å søkje på, og etter mi meining burde såleis eit konstruert fødselsår (gjerne markert med stjerne) difor på ein eller annan måte vere med i alle databasane der alder er oppgitt.

 

Eksempel: Folketeljing 1801 inneheld berekna fødselsår: https://www.digitalarkivet.no/census/search/1801/58401?fornavn=Hans&etternavn=Knu*&kjonn=&familiestilling=&sivilstand=&yrke=&fodselsaar=&alder=&ny_husholdning=&merknader=&bosted=&bydel=&gaardsnummer=

 

Eksempel: Folketeljing 1815 for Fjaler: Ingen berekna fødselsår. (Her må ein evt. søkje på alder): https://www.digitalarkivet.no/census/search/1815/70683?fornavn=Hans&etternavn=Knu*&kjonn=&familiestilling=&sivilstand=&yrke=&fodselsaar=&alder=&ny_husholdning=&merknader=&bosted=&bydel=&gaardsnummer=

 

Dødsfall i ministerialbok for Ytre Holmedal/Fjaler 1801-1814: Her er fødselsåra eigentleg konstruerte ut frå alderen, men dette går ikkje fram av transkripsjonen som inneheld både fødselsår og alder.: https://www.digitalarkivet.no/search/79/8829?forenamn=&etternamn=&kjonn=&rolle=&stilling_stand=&bustad=&fodestad=&fodselsdato=&fodselsaar=&dodsaar=&dodsdato=&aarsak=&aar=&grdato=&jfdato=&sokn_kyrkje=&merknader=&laekjar=&meldt=&meldar=

 

Eigentleg burde det vel ha vore slik at ein berre registrerte alderen, og at det ved utlegging i Digitalarkivet automatisk blei rekna ut og lagt til eit konstruert fødselsår, og då markert med stjerne. Men er det slik dette går føre seg? I kyrkjeboksamanheng er vel dette fyrst og fremst aktuelt ved dødsfall, og evt. oppgitt alder ved vigsler.

 

Er det nokon som har synspunkt på dette?

Link to post
Share on other sites
Renathe-Johanne Wågenes - Arkivverket

Hei

Det fungerer slik at du skal registrere alder, hvis det er alder som er oppgitt. Er det fødselsår som er oppgitt, så skriver du dette

 

Når databasen legges ut på Digitalarkivet, så gjøres det en beregning, slik at fødselsår legges inn. Fødselsår får da teksten (beregnet) bak seg. På denne måten kan man se hva som er oppgitt fødselsår og hva som er maskinelt beregnet. 

Det er slik det fungerer i dag. 

 

Vi har ikke ønske om at man selv skal gjøre denne beregningen, da det ikke vil bli en kildetro avskrift + farene med at man selv begynner å gjøre feil i beregningen. Maskinell beregning er bedre og dermed blir den også markert korrekt på DA

  • Like 2
Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn

Flott! Då fungerer det akkurat slik som eg meiner det bør gjere. Men kvifor er det ikkje berekna fødselsår i folketeljinga for Fjaler frå 1815 (eksempelet mitt ovanfor)?

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to post
Share on other sites
Renathe-Johanne Wågenes - Arkivverket
31 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Flott! Då fungerer det akkurat slik som eg meiner det bør gjere. Men kvifor er det ikkje berekna fødselsår i folketeljinga for Fjaler frå 1815 (eksempelet mitt ovanfor)?

Det vet jeg faktisk ikke. 

Kan du sende en mail om dette til DA, slik at en av de som jobber med dette kan se på det

Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn

Epost til Digitalarkivet er vel ikkje så heilt enkelt lenger etter alle omleggingane. Sidan du jobbar i Digitalarkivet trudde eg at du evt. kunne sende spørsmålet vidare til rette vedkommande.

 

Eg kan jo evt. stille spørsmålet i forumet for transkriberte kjelder.

 

Og då er det gjort: 

 

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to post
Share on other sites
  • 1 month later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.