Gå til innhold
Arkivverket

Rannei Christensdotter Feigum (1857) og broren Christopher Christenson Feigum (1864) - vert borte for oss i Amerika - søsterson Arne Pederson Feigum (1877) gift med Annie Nelson Rudberg frå Sverige - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Husmannen Christen Christenson i Sagaviki under Feigum i Luster (1826-1913) hadde tre born og ein dotterson som utvandra til Amerika.

 

Eldste dotteri Gjertrud gifte seg i Luster før ho reiste i 1880.  Hoog mann hennar slo seg ned som farmarar i Naples township, Buffalo Co., WI.

 

Dei to yngre søskeni Rannei og Christopher forsvinn derimot heilt, med mindre det er Christopher som i 1900 dukkar opp som ugift «laborer» Christ Figgum i Minneapolis, MN:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6S83-82C

 

Dottersonen Arne Feigum utvandra i 1897.  Eg finn han ikkje i FT1900, men han gifte seg i Minneapolis, MN i 1905 med ei svensk jente som eg ikkje veit meir om opphavet til enn fødselsdatoen frå Sverige!

 

Eg har leitt etter Rannei og Christopher i mange år, men utan å lukkast. No vonar eg at nokon i Brukarforum kan hjelpe meg vidare...

 

Her følgjer eit manuskript som omfattar heile huslyden frå Feigum i Luster:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter kjempeflotte innlegg frå Grethe og Lars W. er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a.  Ruth Elvira Feigum, f. i Hennepin Co., Minn. 15.1.1906, d. i Redmond, Ore.

 

     ##### (place of her death to be verified!?)

 

     15.8.2007.  Ruth gifte seg i Seattle, Wash. 14.9.1942 med Guy Herbert Peterson,

 

Det ser ut som kan være en obituary etter Ruth:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QKRN-1CH5

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her fant jeg en god kandidat: Anna Leontina, f. 2.11.1875, med en far som het Nils og en bror som brukte navnet Rudberg. Hun utvandret til Nord-Amerika 6.10.1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QLPC-9TQ3

 

Dåpen hennes i 1875: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/A0007557_00091

 

Utflyttingen 6.10.1900: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/80008508_00062

 

Ankomsten til Ellis Island 24.10.1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:JX85-N4Z

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Grethe Flood skrev:

Det ser ut som kan være en obituary etter Ruth:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QKRN-1CH5

 

Her fant jeg en obituary: https://www.westsideseattle.com/robinson-papers/2007/09/25/ruth-feigum-peterson

 

FT1920, bosatt i Montana med moren og broren: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M8QS-4YQ

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Obituary for Clifford Feigum, 12.12.1995 i Arizona Republic: 

 

Clifford Feigum, 88, of Scottsdale, a retired DuPont employee, died Dec. 9, 1995. He was born in Minneapolis. Survivors include his sons, Gary, Lee and Glen; sister, Ruth Peterson; seven grandchildren; and 12 great-grandchildren. Services: 1 p.m. Wednesday, Messinger Mortuary Chapel, 7601 E. Indian School Road, Scottsdale.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

 4. Rannei Christensdotter, f. 27.8.1857,

Rannei Feigum utvandra til Amerika i 1882,

 

##### (what became of her in America??)

 

Jeg fant henne på Find-A-Grave, død i Minnesota i 1932: https://www.findagrave.com/memorial/6034804

 

Dødsfallsmeldingen bekrefter at dette er riktig Rannei. Foreldrenes navn var Christen Christensen og Anna Thorbjørnsdatter Feigum: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDX8-98V

 

Ektefellen på Find-A-Grave: https://www.findagrave.com/memorial/6034782/syvert-kvam

 

Dødsfallsmeldingen for Syver Kvam: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDWW-R28

 

Det ser ut til at Syver (Sjur) var født i Hafslo. Dåpen i 1856 viser at foreldrene var Anders Nilsen Qvam og Anne Sjursdatter: https://media.digitalarkivet.no/view/8393/39

 

Rannei og Syver giftet seg 6.7.1882 i Clay, Minnesota: (https://www.moms.mn.gov/Search?S=1)

 

1837475890_Skjermbilde2018-08-20kl_19_40_00.png.8a2c860a7b987a078d7a297ac31297ea.png

 

Endret av Lars Waaltorp
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Lars W. for kjempeflotte og interessante innlegg!  Eg er imponert!

 

Når det gjeld Rannei og lagnaden hennar, må eg få be om òrsaking!  Eg oppdaga dette sambandet med Kvam på Hafslo alt då eg jobba med den huslyden for fleire år sidan, men eg har rett og slett gløymt å gjera ein merknad om dette under Feigum!  Her er opplysningane som eg har om huslyden hennar:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

 2. Sjur Andersson {Kvam}, f. {i Hafslo} 31.1.1856,

Sever Kvam flytte likeins med faren og stemori i 1866 til Dvergedal i Sogndal, men utvandra derifrå til Amerika i 1873.  Han gifte seg i Clay Co., Minn. 6.7.1882 med Rannei Christensdotter frå Sagaviki under Feigum i Luster, i Amerika kjend som Ranni Feigum.  Ho var f. i Luster 27.8.1857, men utvandra til Amerika i 1882.  Sever og Ranni Kvam slo seg ned som farmarar i Eglon township, Clay Co., Minn., men flytte i 1909 til ein farm i Lake Park township, Becker Co., Minn. der Ranni d. 29.5.1932.  Sever Kvam flytte i 1937 til Hawley, Clay Co., Minn. der han d. 1.3.1944.  Dei fekk fem born i lag, som alle, med unntak av eldste dotteri, skreiv seg for Quam:

a. Anna Marie, kjend som Marie Kvam, f. i Clay Co., Minn. 1.6.1883, d. i Lake Park, Minn. 17.9.1964.  Marie var hushaldar og budde med foreldri so lenge dei levde, og sidan ulike stader i og kring Hawley, Clay Co., Minn. og Lake Park, Becker Co., Minn., ugift.

b. Emil Anton, kjend som Anton Quam, f. i Clay Co., Minn. 28.10.1884, d. i Lake Park, Minn. 25.1.1963.  Han gifte seg i Becker Co., Minn. 1.12.1918 med Ann Haugen, f. i Nobles Co., Minn. 17.4.1900.  Ho d. i Detroit Lakes, Minn. 25.5.1973.  Anton og Ann farma ei tid i Lake Park township, Becker Co., Minn., men flytte 1942 til Moorhead, Clay Co., Minn. der Ann arbeidde som hotellkokk (“hotel cook”).  Ho gifte seg att i Sisseton, S.D. kring 1968 med enkjemannen Osvald Carlson Ringstad, opphavleg frå Stubberud i Vardal, i Amerika kjend som Oswald C. Ringstad.  Han var son av cellulosefabrikkarbeidar Carl Johan Christianson Ringstad på Stubberud, opphavleg frå Brusveen, og kona Natalia Andreasdotter frå Dragerbakken på Vestre Toten og f. i Vardal 10.6.1907, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1911.  Han d. i Detroit Lakes, Minn. 8.8.1993.  Oswald var bilmekanikar og verkstadeigar (”auto mechanic and garage owner”), og han og Ann budde i Lake Park, Becker Co., Minn.  Ann fekk i alt seks born, som alle var frå første ekteskapet med Anton Quam, men Oswald hadde òg tre born frå første ekteskapet sitt.

c. Samuel Christian, kjend som Christ Quam, f. i Clay Co., Minn. 11.7.1886, d. i Detroit Lakes, Minn. 10.1.1958.  Christ farma for det meste i Eglon township, Clay Co., Minn., ugift.

d. Annetta Sophie Quam, f. i Clay Co., Minn. 25.1.1888, d. i Fargo, N.D. 22.4.1922.  Ho gifte seg i Lake Park, Minn. 29.6.1918 med med Edwin M. Grani.  Han var f. i Clay Co., Minn. 14.6.1885 og d. i Clay Co., Minn. 14.1.1970.  Annette og Edwin farma i Eglon township, Clay Co., Minn., men Edwin arbeidde òg som brønngravar (“well digger”).  Dei fekk tre born i lag.

e. Ervin Quam, f. i Clay Co., Minn. 12.5.1894, d. i Detroit Lakes, Minn. 24.6.1978.  Ervin farma ei tid i Eglon township, Clay Co., Minn., men flytte sidan til Hawley, Clay Co., Minn. der han livnærte seg som målar og tapetserar (“painter and interior decorator”).  Som pensjonist levde han siste åri i Lake Park, Becker Co., Minn.  Han var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Når me ser på utvandringstidspunktet til Rannei og vigselsdatoen hennar, kunne me tru at dette var eit «tinga» ekteskap frå Amerika, men det er sjølvsagt berre ein spekulasjon...

 

Eg er svært glad for at de har finne opphavet til Anna Leontine i Sverige og likeins obituariane til dei to borni hennar i Amerika!

 

Einaste utfordringane som no står att om denne huslyden, skulle soleis vera:

 

** Lagnaden til Christopher Christenson Feigum i Amerika?

 

** Detaljar om opphavi til Nils Johan Gustafsson og Matilda Johansdotter i Sverige?

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne husyden som erstattar manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Christenson Feigum, frå Tråi 1 under Feigum, var f. 24.3.1826 og d. som husmann på Feigum 27.4.1913.  Han gifte seg første gongen 10.7.1851 med Anna Torbjørnsdotter frå Dulsviki under Lingjerde.  Ho var f. 2.2.1823, men d. som husmannskone på Feigum 19.12.1869.  Christen gifte seg so att 12.7.1872 med enkja Gjertrud Iversdotter, opphavleg frå Utheim under Sørheim.  Ho vart døypt 21.9.1806 og hadde før vore gift med gardbrukar Lars Hermundson på Feigum (bnr. 4) (1796-1857).  Ho hadde kår av det bruket, men d. som husmannskone på Feigum (i Sagaviki) 1.10.1886.  Christen og første kona budde først som innerstfolk heime hjå mori hans i Tråi, men fekk kring 1860 hand om plassen her inst i Sagaviki då han vart ledig.  Christen hadde plassen like til kring 1905 og budde sidan her som kårmann til han i 1911 flytte inn hjå dotterdotteri i Storrhaug under Feigum.  Christen i Sagaviki fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet:

 1. Christina Christensdotter (1850-1927), dreiv ei tid plassen her i Sagaviki 2 under Feigum i lag med faren (sjå nedanfor).

 2. Gjertrud Christensdotter (1852-1896), vart gift med husmannssonen Ole Thoreson frå Haugen under Leirmo (1852-1903).­

 3. Christopher Christenson (1855-1855).

 4. Rannei Christensdotter (1857-1932),

Ranni Feigum utvandra til Amerika i 1882 og vart der borte gift med husmannssonen Sjur Andersson frå Maurehaugen under Dvergedal i Sogndal (1856-1944), opphavleg frå Moane under Kvam nedre i Hafslo (s.d.).

 5. Christopher Christenson, f. 30.3.1864,

Christopher Feigum utvandra til Amerika i 1882,

 

##### (what became of him in America??)

 

Christina Christensdotter Feigum, dotter av føregå­ande husmann og herifrå plassen, var f. 13.7.1850.  Ho tente kringom på gardane i nabolaget, men vart buande heime i Sagaviki og dreiv plassen i lag med faren då han byrja å dra på åri.  Kring 1905 kom det ein ny bygselsmann til plassen som i 1930 kjøpte han ut som Sagaviki, Feigum (bnr. 11) (s.d.).  Christina flytte på same tidi inn hjå dotteri si på Storrhaug under Feigum og flytte sidan med ho til Soldalen, Kroken der ho d. 16.2.1927.  Christina i Sagaviki var ikkje gift, men fekk tre born:

 1. Arne Pederson Feigum, son av Christina og husmannssonen Peder Sjurson frå Svåi under Nes (1853-1909), var f. 6.6.1877.

Arne P. Feigum utvandra til Amerika i 1897 og gifte seg i Minneapolis, Minn. 9.8.1905 med Anna Leontine Nilsdotter frå Urshult i Kronobergs län, Sverige, i Amerika kjend som Annie Rudberg.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Johan Gustafsson på Hunnamåla i Urshult, opphavleg frå

 

##### (same stad?)

 

og kona Matilda Johansdotter frå

 

##### (opphav? – gard i Bräkne-Hoby?)

 

i Blekinge län.  Annie var f. i Urshult, Kronobergs län i Sverige 2.11.1876, men utvandra til Amerika i 1900.  Arne og Annie busette seg i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Arne var trikkekonduktør («street car conductor»).  Han d. i Minneapolis, Minn. alt 15.9.1909, og som enkje flytte Annie Feigum først til Richland Co., Mont. og sidan til Everett, Snohomish Co., Wash., men hamna til sist i Seattle, King Co., Wash. der ho arbeidde som konditor («pastrycook»).  Ho d. i Seattle, Wash. 20.6.1975.  Arne og Annie fekk to born i lag:

a.  Ruth Elvira Feigum, f. i Hennepin Co., Minn. 15.1.1906, d. i Redmond, Ore. 15.8.2007.  Ruth gifte seg i Seattle, Wash. 14.9.1942 med Guy Herbert Peterson, f. i St. Louis Co., Minn. 4.12.1899.  Han d. i McMinville, Ore. 16.8.1974.  Ruth var kosmetolog («beautician»), medan Guy var fargehandlar («paint businessman»).  Han og Ruth budde i Ballard, Wash., men som enkje flytte Ruth til Scottsdale, Az.  Dei fekk to døtrer i lag.

b. Clifford Feigum, f. i Hennepin Co., Minn. 2.1.1907, d. i Scottsdale, Az. 9.12.1995.  Clifford gifte seg i Seattle, Wash. 12.11.1936 med Marguerite Smith, f. i Burleigh Co., N.D. 14.6.1915.  Ho d. i North Bend, Ore. 5.8.1975.  Clifford var elektrikar («electrician»), medan Margareta var kosmetolog («beautician»).  Dei vart buande i Seattle, King Co., Wash., men som pensjonist flytte Clifford til Scottsdale, Az.  Dei fekk tre søner i lag.

 2. Anna Eriksdotter Feigum (1884-1962), dotter av Christina og husmann Erik Olson i Uri under Sørheim (1866-1961), vart gift med gardbrukar Andreas Olson Feigum i Soldalen, Kroken (bnr. 6) (1883-1955).

 3. Kristoffer Olson Feigum, son av Chris­tina og seinare kusk Ole Erikson Feigum i Gartnarbustaden på Harastølen, Fuhr (bnr. 2) (1871-1950), var f. 11.8.1890.

Kristoffer Feigum flytte kring 1910 til Bergen og vart ei aktiv medlem av Frelsesarmérørsli.  Men han vart tidleg sjuk og d. ugift på ein pleieheim på Voss 4.9.1913.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.