Jump to content
Arkivverket

Ekteskapsbevilling for Bergen stift 1717-1804 - Manglar i databasen.


Torbjørn Igelkjøn

Recommended Posts

Dersom ein samanliknar "gamle" Digitalarkivet med "nye" Digitalarkivet ser ein at etternamnet Amundsen har ramla ut. Når det gjeld årsaka,i dette tilfellet EF (Slektskap i etterfølgjande ledd) står dette som merknad på mannen, men ikkje på kona.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=ektebevi&gardpostnr=4112&merk=4112#ovre

https://www.digitalarkivet.no/view/131/pc00000000184091

 

Tilsvarande ser ut til å gjelde personane før og etter.

 

Håpar at dette er mogeleg å fikse.

Link to comment
Share on other sites

  • 11 months later...

Eg kan for øvrig ikkje sjå at det er eit einaste etternamn blant mennene i denne databasen. Ved søk på Ras* i etternamnsfeltet får ein 81 treff, alle kvinner.

Ved søk etter Rasmus i fornamnsfeltet får ein 94 treff, men det står ikkje eit einaste etternamn på desse treffa. Etter mi meining held ikkje dette mål kvalitetsmessig.

 

 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Det er snart eit år sidan eg starta denne tråden, og framleis har Digitalarkivet verken svart på meldinga eller retta databasen. I mellomtida er "gamle" Digitalarkivet stengt, slik at det heller ikkje finst alternativ.

 

Eg håpar difor at nokon no kan ta tak i dette.

Link to comment
Share on other sites

Takk for at du løftet denne saken opp. Det ser ut at for at alle mennene mangler etternavn. Det må vi jo få ordnet, jeg har satt saken på min liste over saker til fiksing.

  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

Da skal dette være ordnet. Etternavnene på plass også for alle mennene.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Takk for at databasen vart ordna.

 

Då gjenstår berre sjølve slektsskapsforholdet, som står oppført på mennene men ikkje på konene. Men dette er uansett ein bagatell så lenge det står oppført ein av stadene.

 

(For dei som les dette, så kan ein nemne at sjølve kongebreva finst i serien "Danske kanselli, norske registre", som er skanna og lagt ut hos Digitalarkivet. Der får ein også vite meir detaljert kor nær slektskapen var).

Link to comment
Share on other sites

I enkelte tilfelle var det andre årsaker enn slektskap som gjorde at ein måtte søkje kongen om å få gifte seg på nytt. Eit eksempel er Åmund Olsson Eiken, som hadde ei kone (Anne Olsdtr.) som vart spedalsk og innlagd på St. Jørgens Hospital i Bergen. Åmund ville gifte seg på nytt medan kona framleis levde, og måtte då søkje kongen om dette.

https://www.digitalarkivet.no/view/131/pc00000000181057

 

Eg vil tru at forkortinga EO står for EkteskapsOppløysing. Det vart deretter halde skifte mellom Åmund og kona, slik at han kunne gifte seg på nytt.

 

(I "gamle" Digitalarkivet var det så greit med det at ein berre kunne trykkje "Dokumentasjon", og så fekk ein opp info om databasen inkludert forkortingane).

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

  • 4 weeks later...

Finnes det en lenke til der hvor det skal stå hvordan folk er i slekt, jeg har sett på det nye systemet, men det er tungvindt i forhold til det som var før, og hvordan folk er i slekt har jeg aldri funnet innpå her, står det en eller annen plass altså?

Link to comment
Share on other sites

Fant det nå, det med kongebrev (det som er skannet), men kommer visst ikke gjennom det materialet på en dag :-) Der som det er søkbart, er det vel ingen lenke videre for å se hvordan folk er i slekt. 

 

Link to comment
Share on other sites

https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=&from=&to=&format=all&archive_key=&st[]=NORE

 

Registeret over kongebreva er ført kronologisk, så dersom ein har funne datoen i databasen skal det ikkje vere så vanskeleg å bla seg fram i det skanna registeret.

(Når det gjeld gjenpartane av kongebreva og korrespondansen rundt las eg i ein annan tråd at alt som hadde med ekteskapsløyve å gjere vart kassert i Danmark på 1800-talet, og dermed går ein glipp av ein slektshistorisk godbit. Men sjølve kongebreva er vel å finne i bispearkiva rundt om i landet, slik som nemnt i dokumentasjonen.)

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.