Jump to content
Arkivverket
Magne-Kjetil Aske

Slektsnamnet Bred i Gloppen

Recommended Posts

Magne-Kjetil Aske

Eg har sett i Geni at ein far og ein son brukar etternamnet Bred og at desse to må ha levd på 1500 og 1600 talet. Eg har sett igjennom gardsregister for Sogn og Fjordane og finn ikkje namnet eller noko som liknar på dette. Har også prøvd med frisøk på nettet utan resultat. Er dette eit resultat av feilavskriving eller er det eit namn som har eksistert? Viss det har eksistert kva er opphavet til namnet? For ordens skuld kan nemnast at dei to det er snakk om er Jon Olufson og sonen Elling Jonson. Elling skal ha fått dottera Sigrid, som skal vere fødd rundt 1580. 

Edited by Magne-Kjetil Aske

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar S. Ertesvåg

Det mest nærliggande er vel å sjå etter kjeldetilvising i "Geni";

eller kontakte den som har lagt ut desse opplysningane.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Jon Bred er ein person som står ute i historiens halvmørke utan at ein har klart å kaste særleg godt lys over han. Han har eigd ein part av Eikenes på slutten av 1500-talet. Av eit dokument i 1595 framgår det at han har ei dotter som er gift med Pål Austrheim, og at han også har borna Elling og Marte. I 1597 får ein vite at Marte sin mann heitte Jens Mikkelson; begge desse borna hadde bruk i Hope. Eg har ikkje sett dokumenta, berre J.Aaland si tilvising til dei. Kvar JB kom frå, trur eg ikkje nokon veit.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.