Gå til innhold
Arkivverket

Kari Sjursdotter Dversdalen/Marifjøra, fødd Hafslo 1822 og son Sjur Jørgenson, fødd Hafslo 1858 - utvandra til Amerika i 1870 og forsvinn sporlaust - kvar kan det ha vorte av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei gåte som eg har kjempa med i mange år, men aldri greidd å finna ei løysing på.  Kanskje er no tidi kommi...?

 

Kari Sjursdotter (Dversdalen/Marifjøra), fødd i Hafslo 24.12.1822, budde i ei lita stova i Marifjøra frå kring 1853 til ho i 1870 utvandra til Amerika.

 

Ho hadde då med seg ein «uekte» son;

 

Sjur Jørgenson (Marifjøra), son av Kari og Jørgen Johannesson Sandvik, var fødd i Hafslo 21.1.1858.

 

Mor og son er sporlaust borte i Amerika, og no vonar eg at kanskje ein eller annan kan hjelpa meg finna dei att?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for innleggjing av dei konkrete opplysningane frå kyrkjebøkene.

 

So får me vona at ein eller annan greier å løysa denne kjempeutfordringi!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppspora mor og son i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #6:

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» i meir enn to år!

 

Eg har greidd å finna ein ny detalj om Kari Sjursdotter i Amerika - ho var i 1880 framleis ugift Kari SEAVERSON housekeeper busett i Pleasant Springs township, nær Stoughton, Dane Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBG-9CGY

 

Eg har so langt ikkje sett noko meir til son hennar..., men at dette må vera «vår» Kari, går fram av følgjande:

 

Kari Sjursdotter hadde to søstrer som var utvandra før:

 

* Bertha Sjursdotter, fødd 14.11.1825 - gifte seg med Christen Haagenson Hengesteg (1830-1914).  Dei utvandra til Amerika med tre born i 1861 og busette seg som farmarar i Deerfield nær Stoughton, WI der Bertha HAAKENSON døydde 7.5.1910.

 

* Guri Sjursdotter, døypt 23.7.1815 - utvandra i 1862 til Stoughton WI der ho i 1865 gifte seg med enkjemannen Iver Iverson Lad (1807-1883).  Dei budde nær Stoughton, WI der Julia EVERSON døydde 25.3.1883.

 

So alt tyder på at Kari og son hennar òg har busett seg i eller nær Stoughton, WI.

 

Kanskje kan ein liktale (obituary) finnast for søsteri Bertha frå 1910?

 

Eller kanskje det finst avisoppslag for Kari Severson?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp lagnaden til Kari og Sjur!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.