Gå til innhold
Arkivverket

Ole Larsson frå Marifjøra (1728-1768) - husmann på Røysum på Leikanger - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg har vore merksam på i mange år, men som eg har hatt vanskar med å komplettera manuskriptet til.  Ole Larsson frå Høgi ved Marifjøra i Hafslo vioks oppn butan far og flytte tidleg til Leikanger.  Han gifte seg og fekk sju born før han døydde i 1768.  Det skòrtar hjå meg på lokal kunnskap på Leikanger - kva namn dei hadde dei ulike plassane som desse folki budde på og kvar nokre av desse ektemakane kom ifrå.  Dette ligg langt attende i tid, men kanskje det likevel er mogeleg å få lite vetta hjelp?

 

Her er forresten skiftet etter husmann Torbjørn Olson på Husabø frå 1805 som gjev oss eit bra oversyn over huslyden: https://media.digitalarkivet.no/view/24172/453?indexing=

 

Manuskriptet mitt ser pr. i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Larsson {Høgi}, f. {i Hafslo} kring 1729,

Ole Larsson flytte i ung alder til Leikanger der han 20.10.1753 gifte seg med Gjetlaug Baardsdotter frå Henjum på Leikanger.  Ho var dotter av husmann Baard Lasseson på Henjesanden under Henjum og kona Martha Hansdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og var f. på Leikanger kring 1728.  Ole og Gjetlaug var husmannsfolk på Kòlabakken under Røysum på Leikanger, og derifrå vart Ole gravlagd 1.1.1768.  Gjetlaug d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – e. 1805!)

 

Dei fekk sju born i lag, men Gjetlaug fekk òg ei dotter etter ho vart enkje:

a. Lars Olson, døypt på Leikanger 3.12.1753, d. som husmann på Skarestad i Balestrand 4.9.1828.  Lars gifte seg i Balestrand 4.6.1792 med Randi Olsdotter frå

 

      ##### (opphavet hennar? - innflyttar?)

 

     Ho var f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? - kring 1753)

 

      og d. som legdelem på Skarestad 7.12.1836.  Lars og Randi budde ei tid på Tufte i Fjærland, men vart sidan husmannsfolk på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Skarestad i Fjærland, Balestrand.  Dei fekk fire born i lag.

b. Hans Olson, døypt på Leikanger 14.9.1755, vart gravlagd frå Røysum 4.1.1756.

c. Hans Olson, døypt på Leikanger 29.10.1756, vart gravlagd frå Haukåsen på Kaupangr, Sogndal 25.71802.  Han gifte seg i Sogndal 6.5.1786 med enkja Gjertrud Sølfestsdotter, opphavleg frå Åberge i Sogndal,  døypt i Sogndal 25.12.1761.  Ho d. som innerstenkje på Haukåsen 28.1.1848.  Ho gifte seg første gongen i Sogndal 26.10.1784 med Ingebrigt Ingebrigtson på Bjørk på Kaupanger, døypt i Sogndal 11.11.1759, men han vart gravlagd frå Haukåsen 27.11.1785.  Ingebrigt og Hans var gardbrukarar på Haukåsen på Kaupanger i Sogndal, ein etter hin, og Gjertrud fekk i alt fem born; fire av dei var frå andre ekteskapt med Hans Olson.

d. Synneva Olsdotter, døypt på Leikanger 25.6.1759, d. som kårkone på Husabø på Leikanger 24.5.1825.  Synneva gifte seg første gongen på Leikanger 20.1.1784 med enkjemannen Aamund Knutson, opphavleg frå Nagletun i Norum, Sogndal.  Han vart døypt i Sogndal 7.12.1749 og vart gravlagd frå Husabø 20.2.1803.  Synneva gifte seg so 22.11.1808 att på Leikanger med enkjemannen Lars Larsson, opphavleg frå Lidal i Balestrand.  Han vart døypt i Balestrand, Leikanger 16.3.1764 og d. som husmann på Husabø 11.12.1833.  Aamund var gardbrukar på Husabø på Leikanger, medan Lars, som før hadde vore husmann på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Huke på Leikanger, vart husmann på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Husabø.  Synneva fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet.

e. Baard Olson, døypt på Leikanger 7.8.1762, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? - før 1805 – truleg ugift – i alle fall barnlaus!)

 

f. Anna Olsdotter (1764-    ), vart gift med husmann og enkjemann Ole Carlson på Verken under Grinde på Leikanger (1753-1838), som før mellom anna hadde vore gift med strandsitjardotteri Kari Christensdotter frå Kvalsøyri under Kvale i Luster (1744-1789) (s.d.).

g. Torbjørn Olson, døypt på Leikanger 13.4.1767, d. på Husabø våren 1805.  Han gifte seg på Leikanger 3.4.1800 med Britha Pedersdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? – Husabø? - eller innflyttar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? - kring 1760?)

 

     Ho d. som som husmannskone på Husabø 19.12.1844.  Som enkje vart ho attgift to gongar.  Torbjørn og Britha var husmannsfolk på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Husabø på Leikanger og fekk ein son i lag.

h. Martha Bottolfsdotter, dotter av Gjetlaug og

 

     ##### (Bottolf Olson Dalen – kven var han?)

 

     vart døypt på Leikanger 1.6.1771 og d. som legdelem på Njøs 28.1.1847.  Ho gifte seg på Leikanger 10.11.1800 med Hans Mikkelson frå Ladberget under Njøs, døypt på Leikanger 1.10.1772.  Han d. som husmann på Njøs 25.8.1833.  Hans og Martha var husmannsfolk på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Njøs på Leikanger og fekk fem born i lag, men fostra òg opp ei dotter som Hans hadde frå før.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I skiftet etter Torbjørn Olsen Husabø i mai 1805 sies det at han døde "for noen tid siden". Finner ham ikke begravet i Leikanger, men en Torbjørn Olsen f. ca. 1767 døde på sykehuset i Bergen og ble begravet 8.6.1804, 37 år gammel. Kan det være den samme? https://media.digitalarkivet.no/view/8639/62

 

Far til Marta Botolvsdatter døpt i 1771 var gift mann Botolv Olsen Dalen. Han må derfor være den samme som er nevnt i bygdeboka side 332 under Njøs: Botolv Olsen Dalen, fra Njøs (1742- ), gift første gang 1764 med Synneva Torbjørnsdatter Valeberg som døde i 1789. Og så står det: Huslyden hadde plass i Dalen (Riverdalen) under Njøs.

 

Hans Mikkelsen og kona Marta Botolvsdatter sies i bygdeboka å være gardfolk på Gjerde, men må seinere ha blitt husfolk under garden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit interessant og nyttig innlegg!

 

Dg las òg denne merknaden om at Torbjørn var avliden «for noen tid siden» og tenkte meg han kansklje døydde ein annan stad...  Det er nok utan tvil han som du fann avliden i Bergen i 1804.  Faktisk so har eg observert fleire personar busette både i Sogn og på Sunnmøre som døydde, medan dei var på sjukehus eller til lækjar i Bergen!

 

Og farskapen til Martha Bottlfsdotter er det jo heller ikkje noko å stussa på...

 

Men er det mogeleg å identifisera Randi Olsdotter, kona til eldste sonen Lars, og Britha Pedersdotter, kona til Torbjørn?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Et forsøk på å finne Brita Pedersdatter og Randi Olsdatter, men uten å lykkes.

 

Brita er etter alder i 1772, 1801, 1815 og 1844 født i 1755. Brita Pedersdatter Husabø ble konfirmert i 1772, 17 år gammel. Da hun giftet seg for 3. gang i 1825 står det at hun er 67 år, fødested og oppholdssted: Husabø, far: Peder Husabø. Etter bygdeboka er det bare en Peder på Husabø i denne tida, og det er Peder Rasmussen Husabø (1721-1803) gift 1748 med Gjertrud Larsdatter Henjum (1718-1795). Disse er det ikke skifte etter. Men de hadde bare en sønn Rasmus f. 1748 som kom til Bøen under Meland i Balestrand.

 

Så ser jeg at da det ble holdt skifte etter Rasmus Pedersens kone Siri Trulsdatter på Meland i 1800 var det gjeld til Torbjørn Husabø. Og da Brita giftet seg for 2. gang i 1805 var en av forloverne Rasmus Pedersen Meland. Så det er antagelig en forbindelse mellom Rasmus og Brita. Kanskje de var søsken? Og mor til Gjertrud Larsdatter Henjum het Brita. Men jeg finner ingen Peder Husabø i kirkeboka med barn døpt eller kone introdusert omkring 1755. Jeg finner heller ingen Brita Pedersdatter døpt i Sogndal, Aurland eller Vik i denne perioden som kan passe.

 

Randi Olsdatter kan være en av disse to , hvis hun var fra Balestrand.

 

1. Randi Olsdatter Romøren (Rømøyri) døpt 16.12.1753. Etter fadderne må hun  være datter av Ole Iversen Mjell fra Gaular og Siri Pedersdatter Tenningen som giftet seg i Balestrand 1751. De var bosatt Dale 1767 og under Torsnes 1772. Hun ble trolig konfirmert 1773 som Randi Olsdatter Ulvestad, 20 år.

 

2. Randi Olsdatter under Berge døpt 8.5.1755. Hun var datter av Ole Torgersen og Kari Nilsdatter som giftet seg i Balestrand 1754. Randi var 8 år i skiftet etter faren https://media.digitalarkivet.no/view/24165/122 og ble trolig konfirmert 1772 som Randi Olsdatter Skreen, 17 år.

 

Lars Olsen og Randi Olsdatter hadde to døtre, den eldste het Siri og den andre Gitlaug, etter farmora. Mor til Randi  bør da hete Siri.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste inlegget frå i aftes!

 

Eg er svært glad for at du freistar finna ut av opphavi til desse jentene og vonar at me kan lukkastvtetta desse siste hòli i denne ættetavla.

 

Med omsyn til Britha Pedersdotter, har eg god tru på ho verkeleg er frå Husabø og ei søster av Rasmus Pederson Meland.  Du har jo fleire gode «indisiar» på dette.  Dessutan veit me at kyrkjeboki for Leikanger på den tidi ikkje er 100% komplett, og det var vel heller ikkje alle mødrene som vart introduserte...  Men me hadde nok følt oss tryggare om me i det minste fann ein introduksjon...  Me får vel tyggja litt på denne, eventuelt «bokføra» ho som ein «kan henda» kandidat...

 

So var det Randi Olsdotter.  Eg er so absolutt samd i at mor hennar bør heitra Siri, men me har ei anna utfordring her, og det er alderen hennar.  Rett nok er ho i 1801 oppgjevi vera 48 år, men det er ogso mann hennar.  Og i so fall var ho ganske seint ute med å få borni sine, mellom 1795 og 1801.  Dette er ikkje umogeleg, men ser me på gravferdi hennar frå Skareskad 7.12.1836, so var ho legdelem på 60 år: https://media.digitalarkivet.no/view/11569/330

 

Kan dei ha «bomma» so mykje som 23 år på alderen då ho døydde?

 

Kva meiner du, Terje?  No finst det vel ingen andre Randi Olsdotter fødde i Leikanger/Balestrand på den tidi med mor Siri...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Terje !

 

Ang dette skiftet i 1763 du kom med i innlegg # 4, så klarar ikkje eg å lesa denne «grise-skritta». 

 

Har Randi ei syster ved navn Synneva Olsdtr f ca 1756 ?

Og dersom ho har ei syster med det navnet: Kven er verge for henne ?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Eg er samd med deg, det er ikkje lett å lesa skrifti, men so vidt eg kan sjå, var Randi det einaste barnet som er nemnt i skitet...  So Synneva høyrer nok ikkje til den huslyden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I folketellinga for Leikanger 1815 var Lars Olsen og Randi Olsdatter husfolk under Skarestad. Lars var da 65 år og Randi var 61 år (f. ca. 1754). Så alderen i 1801 er nok omtrent riktig. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051239000361

 

Jeg har også sett at alderen ved begravelsen i 1836 er helt feil, men kanskje dette ikke er vår Randi? I 1815 var det ei Randi Olsdatter til på Skarestad som var tjener, men hun var bare 20 år så det kan ikke være henne. Men i 1801 finner jeg Randi Olsdatter f. ca.1776 som tjente på Distad, og Randi Olsdatter f. ca. 1768 som tjente på Tufte.

 

Kan også nevne at Peder Rasmussen Husabø står foran Torbjørn Olsen og Brita Pedersdatter i 1801-tellinga, men han hørte kanskje til en annen familie: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393000344

Endret av Terje Tandsether
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegget!

 

Eg tenkte ikkje på å sjekka FT1815 for Leikanger, men der har du jo eit godt argument for at det likevel er «vår» Randi du har finne fødd på Romøyri i 1753, so kanskje har presten prestert å skriva ein alder ved dødsfsllet som var «riv ruskande» gal!?  Og umogeleg er det jo ikkje at ho fekk fire born etter ho hadde runda 40 år!

 

Eg har vel førebels ingen fleire kommentarar å komma med når det gjeld Britha Pedersdotter, men naboskap kan jo sjølvsagt òg spela ei rolle...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.