Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Larsson (1806-1840) og kona Synne Johannesdotter (1808-??) - frå Harseim og Mallaug i Skjåk - til Hesjevoil i Jostedalen - attende til Skjåk og som enkje vidare til Nordland - kvar vart det av ho og borni hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ole Johannessen flytte med mori til Skjåk kring 1841 og var òg med då mori i 1850 flytte vidare til Skjerstad i Nordland.  Han gifte seg første gongen i Sørfjord i Lyngen 6.8.1871 med Maren Johanne Cathrine Hansdotter frå Skognes i Lyngen.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Juul Hansson på Skognes, opphavleg frå

##### (kvar fødd og oppvaksen?)

og kona Else Marie Hansdotter frå

##### (kvar fødd og oppvaksi?)

og f. i Karlsøy, Lyngen 2.4.1844. 

 

Dåpen til Maren Johanne Cathrine

http://www.rhd.uit.no/kirkebok/kbliste.aspx?kb=d&RR=114082


Søsken:

 

Malena, 1829

http://www.rhd.uit.no/kirkebok/kbliste.aspx?kb=d&RR=113282

 

Morten, 1831

http://www.rhd.uit.no/kirkebok/kbliste.aspx?kb=d&RR=113453

 

Hans Carolus, 1833

http://www.rhd.uit.no/kirkebok/kbliste.aspx?kb=d&RR=113540

 

Eilert Marthin, 1836

http://www.rhd.uit.no/kirkebok/kbliste.aspx?kb=d&RR=113760

 

Hansine Marie, 1839

http://www.rhd.uit.no/kirkebok/kbliste.aspx?kb=d&RR=113843

 

Nille Cæcilia, 1841

http://www.rhd.uit.no/kirkebok/kbliste.aspx?kb=d&RR=113979

 

Else Marie Hansdatter Skognes døde i 1870, 68 år gammel:

http://www.rhd.uit.no/kirkebok/kbliste.aspx?kb=b&RR=117494

 

Hans Juul Hansen døde på Skognes i 1879, 77 år gammel:

http://www.rhd.uit.no/kirkebok/kbliste.aspx?kb=b&RR=117675

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1936&kenr=003&bnr=0050&lnr=00

 

  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Karlsøy
  • Kommunenummer: 1936
  • Navn på bosted: Skognæs

Antall personer registrert på bostedet: 7. .


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Hans Jul Hansen hf g Gaardbruger og leilendæng 1806 Karlsøy  
  Else Maria Hansdatter Hans kone g   1801 Tromsøsundet Præstegjeld  
  Morten Hansen Deres søn ug   1831 Karlsøy  
  Eilert Martin Hansen Deres søn ug   1837 Karlsøy  
  Nille Cicilia Hansdatter Deres datter ug   1842 Karlsøy  
  Elen Kirstina Johanna Johnsdatter   ug Tjenestepige 1848 Karlsøy  
  Maria Kirstina Baardsdatter Hans pleiedatter ug   1862 Karlsøy

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1938&kenr=006&bnr=0072&lnr=00

 

  • Tellingsår: 1875
  • Kommune: Lyngen
  • Kommunenummer: 1938
  • Navn på bosted: Skognæs

Antall personer registrert på bostedet: 7. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Eilert Martin Hansen hf g Fisker Gaardbruger Selveier 1835 Sørfjordens S. & P. n n
  Jakobine Hansdatter hans Kone g   1848 Balsfjordens P. n n
  Hans Teodor Eilertsen s ug   1872 Sørfjordens S. & P. n n
  Hansine Emelie Eilertsdatter d ug   1869 Sørfjordens S. & P. n n
  Marie Hendrigjette Eilertsdatter d ug   1875 Sørfjordens S. & P. n n
  Hans Jul Hansen   e Fisker 1806 Karlsø P. n n
  Hanna Tobine Mosesdatter Tjenestepige ug   1855 Balsfjordens P. n n

 

https://www.geni.com/people/Hans-Jul-Hansen-Skognes/6000000008903515885

https://www.geni.com/people/Else-Maria-Hansdatter/6000000008903705419

 

Dåpen til Hans Juul, 1804:

http://www.rhd.uit.no/kirkebok/kbliste.aspx?kb=d&RR=195504

 

Foreldrene ble gift i 1792:

Troms fylke, Lyngen i Lyngen, Ministerialbok nr. 2 (1785-1840), Viede 1791-1793, Side 200
https://media.digitalarkivet.no/view/9715/46283/1

 

Dåpen til Else Maria i 1802: 

http://www.rhd.uit.no/kirkebok/kbliste.aspx?kb=d&RR=219824

 

Antakelig en eldre bror av Else Maria - Ole Andreas:

http://www.rhd.uit.no/kirkebok/kbliste.aspx?kb=d&RR=220463

 

Her er foreldrene til Else Maria på Lavolden i 1801 - begge gift for andre gang:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058491000348

 

Jeg lurer på når og hvor Else Maria og Hans Jul ble viet. På geni står det (Glad) på Elsa Marie. 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante og utfyllande innlegg!

 

Endå ein gong har eg med stor glede kunna oppdatera manuskriptet mitt til erstatning for manuskriptet i innlegg #50 på føregåande side:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter korrigerte opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #56 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Berit Anna Haagensdotter frå Malme i Fræna.  Ho var dotter av gardbrukar Haagen Ingebrigtson på Malme og kona Anna Marie Pedersdotter frå

##### (kvar fødd og oppvaksi?)

og f. i Vågøy, Fræna 20.2.1819. 

 

Haagen Ingebrigtsen i folketellingen 1801:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058425002333

 

Haagen og Ane Maria hadde ei datter Beretana, født 01.06.1821, døpt 01.07.1821 i Vågøy sokn i Aukra prestegjeld:

https://media.digitalarkivet.no/view/16067/30

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Johan Albert, kjend som Albert Johannesson Harsem, f. på Buholmstranda i Borgund 19.5.1865, d. som salmakar i Ålesund 2.6.1932.

 

Da sønnen Johan Arthur ble døpt i Ålesund i 1908, står faren Johan Albert innført i kirkeboka som tapetserer

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013594503

 

Legg merke til at både Johan Albert Harsem, tapetserer, og Johan Harsem, tapetserer, er faddere på Johan Arthur samt guttens mor pluss Severine Tilseth. 

 

Man når sønnen Johan Arthur konfirmeres i Ålesund i 1924, står far Johan Albert Harsem som sadelmaker. Og i folketellingen 1910 er Johan Harsem, f. 19.05.1865, sadelmakermester av yrke: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036746008931.  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for dei siste inleggi.

 

Eg ser at eg hadde «plukka ut» feil dotter av Haagen Malme som kone til Johannes Harsem i Ålesund, men no er dette retta opp.  Elles ser det ut til at Haagen og Anna Marie må ha gift seg i den perioden kyrkjebøkene for Aukra manglar, so då vert det kanskje verre å finna ut kven Anna Marie var?  Eller kanskje har bygdebokskrivaren der oppe finne ut av dette?

 

Når det gjeld barnedåpen i Ålesund i 1908, so ser eg at foreldri er oppgjevne som dei siste fadrane utan yrkestitel: https://media.digitalarkivet.no/view/39476/60O

og i klokkarboki står det på liknande måte: https://media.digitalarkivet.no/view/6491/296

Eg trur ett og slett at både presten og klokkaren har skrive feil yrkestitel på barnefaren (den eine har vel skrive av etter hin!?), medan søskenbarnet Johan Edvard, som var tapetserar, òg var faddar.  Han budde jo i Herøy i 1910!

 

Eg trur meir og meir på at tapetseraren må ha vorte skild frå Karoline kring 1906 for so å gifte seg med Inga Olivia frå Herøy, men at dette ekteskapet ikkje vart so altfor lenge før Johan Edvard fann attende til Karoline...  Kanskje finst det ei borgarleg vigsle for Johan Edvard Harsem og Inga Olivia i Ålesund kring 1907???

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #53 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Larsson Hesjevold, son av husmann Lars Johannesson i Harseimlia under Harseim i Skjåk (1774-1850), som opphavleg var husmannsson frå Rønneisøyri under Rønnei i Luster, vart døypt i Jostedalen 28.10.1806, men gifte seg i Skjåk 31.5.1831 med Synne Johannesdotter frå Mallaug i Skjåk.  Synne var dotter av gardbrukar Johannes Johnson på Mallaug og første kona Rønnaug Olsdotter frå Brandsar

 

     ##### (stemmer det at ho voks opp der? – fødd «uekte» - far frå Lund og mor frå Brandsar!)

 

     og f. i Skjåk 5.1.1808.

Johannes flytte alt i 1807 med foreldri sine til Harseimlia under Harseim i Skjåk og voks opp der.  Etter at han og Synne vart gifte i 1831, budde dei nokre år som husmannsfolk på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Forberg.

Men kring 1837 flytte Johannes og Synne (her kalt Synneva) hit til Hesjevollen under Bakken i Jostedalen.  Dei var innerstfolk på Hesjevollen, truleg hjå sjølveigaren som då hadde busett seg på plassen (sjå Hesjevoll, Bakken, bnr. 2), og her d. Johannes som innerst ?.11.1840.

Synne flytte truleg kring 1841 som enkje attende til Skjåk og budde visstnok ei tid på Harseim, men sumaren 1850 flytte ho med dei to yngste borni sine til Skjerstad i Nordland der ho då busette seg på garden Rødås.  Ho flytte sidan med dotteri Ragnhild til Aspenes i Sørfold der ho d. som enkje 14.5.1882.

Johannes og Synne(va) fekk fire born i lag:

 1. Lars Johannesson, f. i Skjåk 24.9.1831, flytte til Jostedalen med foreldri sine kring 1837.

Lars Johannesson Harsem flytte med mori attende til Skjåk kring 1841 og vart konfirmert der i 1849, men flytte snart etter til Ålesund der han gfte seg første gongen 2.1.1859 med Eli Paulsdotter frå Hen i Grytten.  Ho var dotter av husmann Paul Børreson på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Hen, opphavleg frå Torvik, og kona Eli Olsdotter frå Rånå på Lesja og f. på Grøvdal i Grytten 28.1.1813.  Men Eli d. som kone i Ålesund 21.2.1863,  So gifte han seg att i Ålesund 21.1.1864 med Gjertrud Petrine, kjend som Petrine Olsdotter frå Vestre i Ørskog.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Sivertson på Vaksvik og jenta Anna Pedersdotter frå Vestre og f. i Ørskog 4.12.1820.  Lars Harsem var steinarbeidar og sidan kòlbærar og budde i Ålesund levetidi ut.  Petrine d. på gamleheimen i Ålesund 2.4.1908, medan Lars Harsem d. som arbeidar og enkjemann i Ålesund 24.4.1912.  Lars fekk to søner, som var frå andre ekteskapet:

a. Johan Edvard Larsson Harsem, tvilling, f. i Ålesund 7.2.1864, d. i Oslo 4.3.1929.  Johan flytte i ung alder til Christiania og gifte seg i Pauluskyrkja i Christiania 13.2.1893 med Karoline Thoresdotter Andersen frå Christiania, f. i Christiania 26.10.1864.  Ho d. i Oslo 4.4.1935. 

 

     ##### (kven er «kona hans» nemnd i Trondheim 1910: Inga Olivia Iversen Harsem, fødd Herøy Sunnmøre 5.11.1877 som dotter av husmann Iver Østenson og Pauline Paulsdotter på ein plass under Kleppe? - var Johan kan henda skild frå Karoline og sidan attgift med ho??)

 

     Johan Harsem var tapetserar, og han og Karoline budde i Christiania/Oslo levetidi ut.  Dei fekk fire born i lag.

b. Andreas Larsson Harsem, likeins tvilling, f. i Ålesund 7.2.1864, d. i Ålesund 11.2.1864.

 2. Johannes Johannesson, f. i Skjåk 20.5.1834, flytte òg med foreldri til Jostedalen kring 1837.

Johannes Johannesson Harsem flytte òg attende til Skjåk med mori kring 1841 og vart konfirmert der i 1849, men flytte snart vidare til Ålesund.  Han gifte seg i Borgund 5.3.1865 med Beret Anna Haagensdotter frå Malme i Fræna.  Ho var dotter av gardbrukar Haagen Ingebrigtson på Malme og kona Anna Marie Pedersdotter frå

 

##### (kvar fødd og oppvaksi?)

 

og f. i Vågøy, Fræna 1.6.1821.  Johannes Harsem var steinarbeidar og sidan kòlbærar og vedmålar, og han og Beret Anna budde òg i Ålesund der Beret Anna d. 1.6.1913.  Johannes Harsem d. som enkjemann og vedmålar i Ålesund 21.3.1917.  Dei fekk ein son i lag:

a. Johan Albert, kjend som Albert Johannesson Harsem, f. på Buholmstranda i Borgund 19.5.1865, d. som salmakar i Ålesund 2.6.1932.  Han gifte seg i Volda 29.9.1907 med Anna Petrine Andersdotter Tilseth frå Tilset i Volda, f. i Volda 14.6.1878.  Ho d.

 

     ##### (dødsstaden hennar?)

 

     22.8.1958.  Johan Harsem var salmakarmeistar, og han og Anna budde i Ålesund levetidi ut.  Dei fekk ein son i lag.

 

     ##### (stemmer det at dette var einaste barnet?

            * Johan Arthur, f. Ålesund 31.5.1908 – n. 1910 – konf. 1924)

 

  3. Ragnhild Johannesdotter, f. i Skjåk 3.12.1836, flytte med foreldri sine til Jostedalen kring 1837.

Ragnhild Johannesdotter flytte kring 1841 attende til Skjåk med mori, og i 1850 flytte ho vidare med mori til Skjerstad i Nordland der ho 16.10.1862 gifte seg med morbroren Ole Johannesson frå Mallaug i Skjåk.  Han var son av gardbrukar Johannes Johnson på Mallaug og andre kona Ragnhild Olsdotter frå Mosensletten under Mosenden på Lesja og f. i Skjåk 11.9.1825.  Ole og Ragnhild flytte i 1863 til Folda der dei slo seg som plassfolk på Aspenes indre under Aspenes nordre i Sørfold.  Ole d. på Aspenes 14.5.1897, medan Ragnhild d. på Storeidet i Sørfold 16.2.1921.  Dei fekk seks born i lag:

a. Anna Sofie Olsdotter, f. i Skjerstad 23.5.1863, d. som enkje på Kalvik i Sørfold 1.1.1934.  Anna gifte seg i Sørfold 9.11.1891 med Arnt Nilsen frå Leirfjordgård i Sørfold, f. i Sørfold 6.6.1849.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1934!)

 

     Anna og Arnt busette seg som husmannsfolk på Storvik under Kalvik og fekk fem born i lag.

b. Johannes Samuel Olson, f. i Sørfold 21.5.1865,

 

     ##### (n. 1875 – konfirmert 1881 – lagnaden hans? – døydde han kan henda i ung alder?)

 

c. Johanna Bergitte Olsdotter, f. i Sørfold 17.12.1867, d. på Aspenes i Sørfold 26.9.1961.  Johanna gifte seg i Sørfold 6.11.1893 med Johan Knut Østenson Rudi, f. i Nesseby i Finnmark 14.9.1861.  Han d. på Aspenes 10.4.1953.  Johanna og Johan Rudi tok over heimeplassen hennar på Aspenes indre under Aspenes nordre i Sørfold og budde der levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag.

d. Udøypt Olson, f. i Sørfold 20.6.1871, d. på veg til kyrkja i Sørfold 6.8.1871.

e. Lovisa Kristine Olsdotter, f. i Sørfold 2.10.1872, d. på Storeidet i Sørfold 11.5.1956.  Lovisa gifte seg i Sørfold 30.6.1901 med Lars Berteus Pedersen frå Salhus i Sørfold.  Han var f. i Sørfold 25.12.1870 og d. på Storeidet 6.5.1938.  Lovisa og Lars busette seg på Storeidet i Sørfold der Lars var gardbrukar.  Dei fekk fem born i lag.

f. Olina Marie Olsdotter, f. i Sørfold 21.5.1877, d. ugift på Aspenes 19.8.1952.  Olina var tenestejente og budde stort sett på Aspenes i Sørfold.  Ho var ugift.

 4. Ole Johannesson, f. i Jostedalen 28.12.1839,

Ole Johannessen flytte med mori til Skjåk kring 1841 og var òg med då mori i 1850 flytte vidare til Skjerstad i Nordland.  Han gifte seg første gongen i Sørfjord i Lyngen 6.8.1871 med Maren Johanne Cathrine Hansdotter frå Skognes i Lyngen.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Juul Hansson på Skognes, opphavleg frå Berg, og kona Else Marie Hansdotter frå Lavolden i Tromsøsundet og f. i Lyngen 2.4.1844.  Ole og Maren busette seg på Lotternes i Lavangen der Maren d. i barselseng 17.3.1873.  Ole gifte seg so 15.7.1883 att i Trondheim med Rosa Nikoline Marie, kjend som Nikoline Aagesdotter Vangberg frå Trondheim.  Ho var dotter av blokkmakar Aage Otteson Vangberg i Trondheim, opphavleg frå Frosta, og kona Christine Ottilie Larsdotter Solberg frå Trondheim og f. i Trondheim 30.6.1860.  Men Nikoline d. på Sandnes i Gratangen 22.3.1894, og Ole gifte seg tredje gongen i Tromsø 15.4.1896 med Hanna Mathea Fredriksdotter frå Rød i Lavangen.  Ho var dotter av gardbrukar Fredrik Hansson på Rød, opphavleg frå Pajala i Sverige, og kona Christianna Jensine Sørensdotter frå Ånstad i Ibestad og f. i Lavangen 25.3.1868, men d. på Røkenes i Lavangen alt 31.1.1898.  Ole gifte seg so fjerde gongen i Tromsø 28.5.1900 med Simonette Kristine Hansdotter frå Hesjevik i Lavangen.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Elias Mikkelson på Hesjevik og kona Ingeborg Christine Johannesdotter frå Tennevoll i Lavangen og f. i Lavangen 31.8.1862.  Ole Johannessen var skulelærar i mange år og budde då som innerst på Lotternes i Lavangen og sidan som husmann på Sandnes i Gratangen, men flytte sist i 1890-åri til Røkenes i Lavangen der han tok til som landhandlar, ei verksemd som kring 1900 vart flytt til Soløy i Lavangen.  Ole d. på Soløy 20.11.1915, medan fjerde kona Simonette d. på Hesjevik i Lavangen 12.12.1924.  Ole Johannessen fekk i alt ni born, eitt frå første ekteskapet, seks frå det andre og to frå det tredje:

a. Hans Laurits Olson, f. i Lavangen 17.3.1873, d. i Lavangen 1.4.1873.

b. Johan Alfred, kjend som Alfred Olson, f. i Gratangen 21.5.1884, var ei tid handelsbetjent hjå far sin på Soløy i Lavangen, men utvandra til Amerika i 1905 med reisemål Boston, Mass.  Han kom sidan attende, men utvandra på ny i 1913, då til Vancouver, B.C.   

 

     ##### (lagnad i Amerika? – naturalized Seattle, WA som Alfred Johannessen 1917 – WW1 draft Seattle, WA 1918 Johan Alfred Johanson– fisherman – nearest relative uncle August Swanberg  in Sioux City, IA )

 

c. Sofie Kristine Olsdotter, f. i Gratangen 16.9.1885, d. i Harstad 28.12.1956.  Sofie gifte seg i Tromsøysund 5.9.1916 med Kristian Erling Johanson Klæboe frå Søberg i Bø, f. i Bø 15.9.1889.  Han d. i Harstad 25.2.1954.  Kristian var i mange år handelsmann på Kistrand i Magerøy – sidan kjøpmann i Harstad!)

 

     Dei fekk tre born i lag.

d. Emil Laurits Olson, f. i Gratangen 3.2.1887, utvandra til Amerika i lag med broren Alfred i 1905 med reisemål Boston, Mass.,

 

     ##### (lagnad i Amerika? – d. Vancouver, BC 7.1.1913?)

 

e. Sverre Fridtjof Olson, f. i Gratangen 5.10.1888, d. i Lavangen 13.9.1897.

f. Olav Ragnvald Olson, f. i Gratangen 10.1.1891, d. i Gratangen 6.1.1892.

g. Olav Ragnvald Olson, f. i Gratangen 17.12.1892, d. i Lavangen 11.1.1907.

h. Aagot Olsdotter, f. i Lavangen 18.2.1896, d. i Lavangen 16.7.1896.

i. Kristian Fredrik Olson, f. i Lavangen 4.6.1897, d. i Lavangen 15.10.1897.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1900 finner jeg Inga Iversen Kleppe i Askøy!

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037323000417

 

En Inga Olivia Iversdatter Kleppe fikk en sønn utenfor ekteskap i 1903 - Georg Ingvald:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000392155

Møre og Romsdal fylke, Ålesund i Ålesund, Ministerialbok nr. 529A06 (1894-1906), Fødte og døpte 1903, Side 217
https://media.digitalarkivet.no/view/2682/221

 

F.t. 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036746013414

 

Georg Ingvald ble konfirmert i Ålesund i 1918:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001356209

 

Så finner jeg denne dåpen:

Ingvald Martin, født og død 1902 - mor: Inga Olivia Iversdatter Kleppestrand

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006675956

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001332595

 

Foreldrene til Inga Olivia bor på Kleppestrand i Herøy i 1910:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036752004441

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I den kommunale folketellingen 1923 bodde Johan Harsem og familien i Schleppegrellsgate 24 i Kristiania. I adresseboka for Kristiania 1913 finner jeg en Joh. Harsem, mek. arb. på denne adressen: https://media.digitalarkivet.no/view/43441/543

 

1914 - tapetserersvenn Joh. Harsem på samme adresse: https://media.digitalarkivet.no/view/49247/1562

1915: ingen Joh. Harsem i adresseboka...!

1916: ingen Joh. Harsem i adresseboka...!

1918: Da dukker tapetserer Joh. E. Harsem opp igjen i Schleppegrellsgate 24

https://media.digitalarkivet.no/view/39919/708

 

Dette er et lite mysterium! Løsningen kan muligens ligge i de kommunale folketellingene, for å se på hvilke adresser han har hatt....! 😮 

 

I adresseboka for Trondheim 1913 finner jeg en tjenestepike Inga Iversen med adresse Prinsensgate 1C, men vet jo ikke om dette er din Inga:

http://www.tfb.no/db/adresseboktrondheim/1913/3_7_20040429_134024.pdf

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.