Gå til innhold
Arkivverket

Christopher Johannesson Ottum - fødd kring 1686 - var 1711 i teneste i Kjelstraumen på Lindås (Austrheim) - kom aldri attende til Luster - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Christopher Johannesson, einaste kjende son etter husmann Johannes Christopherso i Mordøla under Ottum i Luster (1659-1725) (mor ukjend), var fødd i Luster kring 1686.

 

I eit skattemanntal frå Luster frå 1711 vert det sagt at Christopher då var i teneste i Kjelstraumen på Lindås - som vel ligg i noverande Austevold.

 

Eg kan ikkje sjå at han nokon gong kom attende til Luster, men er det mogeleg å finna ut noko om lagnaden hans?

 

Eg ser at ein «musketer» Christopher Johannessen gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 5.3.1713 med ei Karen Knutsdotter: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001007718

 

Ei dotter Else vart døypt i Krosskyrkja 18.4.1713: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006090505

 

Ei dotter Else Johanne vart døypt i Krosskyrkja 29.12.1715: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006090505

 

Aldersmessig kan han høva, men er det han??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for interessante innlegg om Christopher Johannesson.

 

Tja, den som visste.  Dette ligg nok diverre so langt attende i tid at det vert vanskeleg å prova noko som helst, med mindre me kan finna ut noko om fadrane til dei to borni og om dei eventuelt hadde tilknyytinbg til Austrheim eller Luster?

 

Eg har vore i kontakt med bygdebokskrivaren for Austrheim, men han skriv at han ikkje har finne noko om Christopher i Kilstraumer!  Då lyt me gå ut ifrå at han ikkje vart buande der, og då «siglar» jo kandidaten frå Bergen unekteleg opp som ein ganske so «god» ein..., i alle fall han som var soldat og fekk dei to døtrene og kanskje òg han som døydde i 1737?  Eg finn ikkje nokon ekteskap for døtrene i Bergen... (det var vel helst berre den yngste av dei som voks opp...)

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera denne ungdomen frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.