Jump to content
Arkivverket

Lars Erikson - fødd 1856 - gardbrukar på Nes i Kvinnherad - kan etterkomarar sporast opp?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

For fleire år sidan samla eg følgjande opplysningar om Kristian Andersson Valaker frå Hafslo som sidan vart sporvognsførar i Bergen:

 

Kristian Andersson Valaker, son av Kristina og veg- og jarnbanearbeidar Anders Larsson Tangen frå Tangen i Nord-Fron (1859-    ), var f. 16.9.1892 og voks opp hjå besteforeldri i Solvorn.  Han budde framleis her i 1912.

Kristian, sidan kjend som Christian Valaker, flytte kring 1915 som bygningsarbeidar til Kvinnherad der han 17.10.1917 gifte seg med Anna Larsdotter Næs frå Nes i Kvinnherad.  Ho var dotter av gardbrukar Lars Erikson på Nes og kona Anna Karine Gundersdotter frå Træ under Årvik i Sveio og f. i Kvinnherad 1.5.1887.  Christian og Anna flytte snart etter til Bergen der Christian livnærte seg som sporvognførar.  Han d. i Bergen 29.4.1950, og Anna Valaker flytte som enkje til Fana, men d. på indre Arna i Haus 16.10.1959.  Dei var barnlause.

 

No er det slekt av Kristian Valaker frå Gudbrandsdalen som er på leiting etter bilete av Kristian Valaker, og då han ikkje har slekt etter seg i Sogn, ser eg på slekti til kona hans frå garden Nes i Kvinnherad som siste utveg.

 

Her er slekti på Nes i Kvinnherad i 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037306002039

 

og her er dei på Nes i Kvinnherad i 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036671002391

 

For meg ser sjansane gode ut for at det her kan finnast etterkomarar, og er me ekstra heldige, har dei samla familiebilete...

 

Om nokon han hjelpa med kontakt her, ville eg setja stor pris på det!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.