Gå til innhold
Arkivverket

Dordei Olsdtr fødd i 1795 i Fresvik


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Dåpen til Dordei Olsdtr

https://media.digitalarkivet.no/view/11568/56

 

Faren var oppgitt til Ole Lasseson Nyborg frå Frønningen f 1766. Han gifte seg seinare og familien hans blei buande på Frønningen.

Mor hans heitte Dordei, så det var kanskje difor jenta blei døypt Dordei. 

Mora var Ingeborg Johnsdtr Bøtun frå Fresvik. Andre opplysningar har me ikkje om ho.

 

Kven var Ingeborg Jonsdtr? Opphavet hennar? Og kvar vart det av ho?

Dottera Dordei veit me heller ikkje meir om, kva skjedde vidare med ho?

Ikkje mange opplysningar å gripa tak i her, men kanskje nokon likevel klarer finna ut noko?

 

Anne Marie B Øyri

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei eg trur ikkje det er den rette.  Ser av ætteboka at Ole Endresen Bøtun f 1763 gifte seg i 1790 med enkja Marta Knutsdtr frå Kvikne i Lærdal, først gift på Frønningen med Torbjørn Bendikson 1738-1790. Med Ole Endresen fekk ho 3 born, Anna, Dordei og Knut og ifylgje ætteboka døydde alle små men står ikkje dødsår. Marta døydde i 1835 men har ikkje fødselsår på ho. Siste mannen Ole Endresen har me heller ikkje dødsår på. 

Men dette er nok ikkje den Dordei Olsdtr som eg er på jakt etter.

 

Eg har sjekka faren Ole Lasseson men han gifte seg på Frønningen og hadde ny familie der i 1801. Den uekte dottera Dordei bur ikkje hos han.

 

Ang  mora  Ingeborg Johnsdtr Bøtun så har eg leita gjennom ætteboka og den einaste eg kan finne som kan passe med far hennar er Jon Hansson (1713-1787) frå Skrivargarden i Bøtun som vart bonde under Bjørnetun . Han fekk mange born mekllom 1739 og 1758, men ingen med namn Ingeborg. Han gifte seg i 1739 med Guri Endresdtr Bjørnetun f 1711, dødsår ukjent.

Born Endre 1739, Hans 1741-1741, , Gjermund 1742, Gjertrud 1743-1829, , Hans 1747-1747, Ingebrigt 1748-1748, Anna 1750, Mari 1753-1776, Brita 1758-1759. 

 

Sjølvsagt kan det vera barn som ikkje er registrert også. 

Så Ingeborg Jonsdtr og dottera er framleis eit mysterium.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingeborg Jonsdatter Bøtun KAN ha vært søster til Anna Jonsdatter som var gift med Knut Larsen Klingenberg på Bøtun. Anna var fra Uglehagen i Sogndal og hadde ei søster Ingeborg Jonsdatter født 1768, som levde da det var skifte etter morfaren Endre Eriksen Stemmervold i 1778.

 

Har sett i 1801 for Sogndal og Leikanger, og der er det bare ei Ingeborg Jonsdatter som passer, nevnt under Helland 114b i bygdeboka. Dordei Olsdatter klarer jeg ikke å finne.

Endret av Terje Tandsether
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Trur neppe det er ho som er nemd under Helland 114b i Feios, då det ser ut ti at ho er dotter til Jon Bårdson og Guri Berntsdtr Helland som var gardfolk på Helland og Ingeborg var nr 2 i syskenflokken.

 

Då trur eg det er meir sannsynleg at ho kom frå Ugla og budde/tente hos systera og mannen  som var smed på ein plass under Bøtun. Men vi burde finna att både Ingeborg og dottera viss dei framleis levde i 1801, evt dødsfalla mellom 1795 og 1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 21.12.2018 den 16.04, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Nei eg trur ikkje det er den rette.  Ser av ætteboka at Ole Endresen Bøtun f 1763 gifte seg i 1790 med enkja Marta Knutsdtr frå Kvikne i Lærdal, først gift på Frønningen med Torbjørn Bendikson 1738-1790. Med Ole Endresen fekk ho 3 born, Anna, Dordei og Knut og ifylgje ætteboka døydde alle små men står ikkje dødsår. Marta døydde i 1835 men har ikkje fødselsår på ho. Siste mannen Ole Endresen har me heller ikkje dødsår på. 

Men dette er nok ikkje den Dordei Olsdtr som eg er på jakt etter.

 

Eg har sjekka faren Ole Lasseson men han gifte seg på Frønningen og hadde ny familie der i 1801. Den uekte dottera Dordei bur ikkje hos han.

 

Ang  mora  Ingeborg Johnsdtr Bøtun så har eg leita gjennom ætteboka og den einaste eg kan finne som kan passe med far hennar er Jon Hansson (1713-1787) frå Skrivargarden i Bøtun som vart bonde under Bjørnetun . Han fekk mange born mekllom 1739 og 1758, men ingen med namn Ingeborg. Han gifte seg i 1739 med Guri Endresdtr Bjørnetun f 1711, dødsår ukjent.

Born Endre 1739, Hans 1741-1741, , Gjermund 1742, Gjertrud 1743-1829, , Hans 1747-1747, Ingebrigt 1748-1748, Anna 1750, Mari 1753-1776, Brita 1758-1759. 

 

Sjølvsagt kan det vera barn som ikkje er registrert også. 

Så Ingeborg Jonsdtr og dottera er framleis eit mysterium.

Eg lurer litt på Anne Marie om du er litt for «fast-spikra» i Ættabokji, og kva som står der.

 

Eg har i mine aner ei Margrethe Narvesdtr.  Ho gifter seg m/ Dines Jacobsen. Eg opplever at ho er Narvesdtr til 3 av ongane. 

Den fjerde er mor Larsdtr. Det same står også i Balestrand I frå 1934: Larsdtr.  FT 1801 Narvesdtr. 

Då ho døydde i 1806: Olsdtr !!!  http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511630409.jpg 

3 stk «etternavn» på ei og same jenta i Leikanger Prestegjeld. 

 

Mine eksempel er i vest-sida av Leikanger, Vangsnes og Sværafjorden. Mens du har sør aust: Frønningen.

Dine «folk» og «mine» folk har også ein annan likheit: Dette er FATTIGFOLK !!

———-

Sorry dersom eg skulle gå forlangt på vetla-vetla Juleafta m/ nemninga: Fast-spikra !  Men teink over det ....

Og ha ei kjekke og fin Julehelg !

 

Endret av Jon Sværen
Skrivefeil: FT 1801
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja eg har også tenkt tanken at etternamnet kan ha variert, men førenamnet Dordei (eller ein variasjon av det) skulle ho vel ha behalde oppigjennom. Dåpen til Dordei står i kyrkjeboka, så den er grei, men deretter forsvinn både mor og dotter. 

Har sjekka kyrkjebøkene for <leikanger ang dødsfall etter 1895 og fram til folketeljinga 1801 utan å finna noko. Men alle kom vel ikkje med og dessutan kan dei ha flyy særleg viss Ingeborg Jonsdtr var frå ein anna kommune.

Men kjekt å ha noko å fundera på i jula!

God jul til deg også!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.