Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Bygdebok for Bindalen på Helgeland - oppslag gardane Øksningen, Hongbarstad, Lande og Solfjord?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i lengre tid slite med å identifisera ein huslyd som kom ifrå Bindalen og flytte til Måsøy i Finnmark.  Finst det ei bygdebok for Bindalen som kan hjelpa meg «forstå» denne huslyden litt betre?

 

FT1801 Øksningen i Bindalen syner Andreas Olson, 27 år, tenar: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058467005531

 

FT1801 Øksningen i Bindalen syner Gunnhild Ingebrigtsdotter, 28 år, tenar (eit par linjer under Andreas): https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058467005534

 

Gunnhild Cathrine Ingebrigtsdotter (dotter av Ingebrigt Svendson) vart døypt i Bindalen, frå garden Skaaren i 1774 (heilt øvst på venstre side): https://media.digitalarkivet.no/view/16517/48

 

Ein Anders Olson (son av Ole Nilsson) vart døypt i Bindalen 20.4.1772, frå garden Toesbotn(?), men eg tviler sterkt på om det er «vår» mann: https://media.digitalarkivet.no/view/16517/41

 

Andreas og Gunnhild gifte seg i Bindalen 14.10.1804, og båe er då kalla Øksningen: https://media.digitalarkivet.no/view/16519/252

 

Andreas og Gunnhild busette seg tydelegvis på Hongbarstad i Bindalen, men kva yrkestitel hadde dei?

 

** Son Enok Johan konf, 1823 - Hongbarstad

 

** Dotter Ingeborg Marie konf, 1830 - Hongbarstad

 

Dødsfallet til Gunnhild Ingebrigtsdotter, «kone af Hongbarstad» 18.11.1832: https://media.digitalarkivet.no/view/16499/82

 

Andreas gifte seg att i Bindalen 17.7.1835 og er då kalla innerst på Hongbarstad: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002541811

 

Men då sonen Christian Manasses vart døypt i 1837, var faren innerst på Lande: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012704814

 

Og då sonen vart konfirmert i Bindalen i 1852, er det oppgjeve Lande som fødestad og Solfjord som bustad: https://media.digitalarkivet.no/view/2537/108

 

Dei store utfordringane mine her, som eg vonar bygdeboki kan løysa, er følgjande:

 

*** Kva gard/plass var Andreas Olson fødd og oppvaksen på?

 

*** Kva yrke hadde Andreas Olson og kvar (gard/plass) budde han på?  Dødsstaden hans?

 

*** Kva er oppgjeve som føde- og oppvekststad for andre kona Berit Marie Fredriksdotter?

 

*** Sonen Christian Manasses Andreasson nytta delvis ættenamnet Løb - kan dette namnet knyttast til opphavet hans i Bindalen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne Hildrum

Bindal Bygdebok B IV s 220 sier dette om familien.

Andreas Olsen f abt 1770 i Sverige d 1863.

g1. Gunhild Katrine Ingebrigtsdtr f 1774 d 1832 se Skotnes.

g II 1835 Berit Marie Fredriksdtr f 1797 d 1864 s Lande.

 

b 1, ekteskap:'

Ingeborg f 1805 d 1806

Enok JOhan f 1807 f 1852 se Barstad.

Anne Olava f 1814 d 18676 g 1846 Ole TRostensen bosted Skillingsås.

Ingeborg Maria f 1816 d 1898 s Røytvoll,.

b i 2. ekteskap.

Kristian Manasse f 18367 konf i Selfjord.

 

Berit Maria er født på Lande, datter av Fredrik Bendigtsen (1762-1809) og

Karen Marta Olsdtr (1767-1829. Faren var fra Bangstad og moren fra Lande.

 

Det sies bare at Andreas var inderst og døde som fattiglemm. Det sies ikke noe om yrke.

Han bodde påflere gårder. bl. annet Indre Reppen og Langura. De bodde de første åra på Øksinga. Gunhild døde på Hongbarstad.

Både Andreas og Berit døde på Lande.,

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for eit nyttig og interessant innlegg!

 

So vidt eg kan forstå, har du svart meg på alt som eg mangla om denne huslyden, bortsett ifrå opphavet til Andreas Olson og yrket hans.

 

MEN, det er truleg ganske so vanskeleg å finna ut kvar i Sverige Andreas kom ifrå, og eit yrke er truleg endå verre.  Han har nok hatt eitt eller anna handverksyrke, men dette er so lenge sidan at ingen i dag veit noko meir, og kyrkjebøkene er «stumme»

 

Kanskje Løb-namnet kjem frå Sverige...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg har no motteke ei tilleggsopplysning om Andreas Olson som stadfester at han var svenske.  Det kjem i alle fall fram i ei militærliste frå 1809 då han budde på Languren, 34 år gamal.

 

Men er det mogeleg å finna ut kvar i Sverige han hadde opphavet sitt ifrå?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.