Gå til innhold
Arkivverket

Giftarmål, Ole G. Olsen & Ingeborg Katrine Rasmussen, Nes/Hitterø, før 1892


Arne Åsbjørn Drangeid
 Del

Recommended Posts

Eg skulle likt å finne ei oppføring for giftarmål for desse to:

Ole Gabriel Olsen Festervold f. 31.12.1855 og Ingeborg Katrine Syvertsdatter Reppen f. 19.7.1863, begge frå Nes/Hidra

 

Ole G emigrerte truleg til USA i 1883, og kom etter kvart i teneste i den amerikanske marinen, der han tenestegjorde i over 30 år, fram til 1916. Likevel hadde han kone og barn heime i Noreg, på Drangeid ved Flekkefjord. Han returnerte permanent til Noreg i 1916, som marinepensjonist.

 

Eldste sonen blei fødd i 1891, og i ei folketeljing same år er dei begge foreldera oppgitt som gifte, og bur heime på garden til foreldera hennar, skjønt Ole G. står oppført med Brooklyn som opphaldsstad.

 

Her er heile familia, unntatt eldste sonen, oppført i folketeljinga 1910.

 

Tilsynelatande har dette paret hatt eit avstandsforhold mest gjennom heile samlivet, som likevel verkar vere tåleg dynamisk. I lys av dette litt dysfunksjonelle ekteskapet er eg litt nysgjerrig på kva tid dei gifta seg, men kan altså ikkje finne noko. Ofte er det jo litt i førekant av første barn (1891), men det kan jo ha vore ein del tidlegare. Uansett finn eg ikkje noko i kyrkjebøkene for Nes/Hidra dei aktuelle åra.

 

Kan dei ha blitt gifte i USA?

 

Eller ein annan stad i landet?

 

Eller kanskje er det eg som er halvblind... (?)

 

Eg trur dette er Ole G, ilag med systera  og mannen hennar i Stavanger i 1875. Elles er "Olle Olsen" her oppført som %g% (gift???) ...i så fall er det neppe med Ingeborg, og så er han vel litt ung...

 

Vedlagt er eit stykke om Ole G, frå Nordisk Tidende, Brooklyn 1914.

om_ole_g_nordisk_tidende_26_mars_1914_original.jpg

Endret av Arne Åsbjørn Drangeid
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 hour ago, Ann-Mary Engum said:

Stemmer nok det, ja... 🙂

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 hour ago, Ann-Mary Engum said:

Ingen opplysninger om vielsår  da sønnen Olaf ble døpt i 1891.

 

Nr 11

https://media.digitalarkivet.no/view/3436/38

Nei, men gifte var dei iallfall... 🙂

Eg tenkjer det kan vere ein moglegheit for at ho har vore med over dammen ein tur, som trulova, og kanskje gifta seg "over there", men ikkje såg det gavneleg å vere "åleine-mor" i Amerika med ein marineslusk til mann, og heller sette kursen heim til gard og mor og syster og bror då den tida for småen melde seg.

 

Eg ser det er 7 1/2 år mellom førstefødd (min farfar) og nummer to...ikkje heilt vanleg på denne tida 🙂

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Arne Åsbjørn Drangeid skrev:

Nei, men gifte var dei iallfall... 🙂

Eg tenkjer det kan vere ein moglegheit for at ho har vore med over dammen ein tur, som trulova, og kanskje gifta seg "over there", men ikkje såg det gavneleg å vere "åleine-mor" i Amerika med ein marineslusk til mann, og heller sette kursen heim til gard og mor og syster og bror då den tida for småen melde seg.

 

Eg ser det er 7 1/2 år mellom førstefødd (min farfar) og nummer to...ikkje heilt vanleg på denne tida 🙂

 

Det var slett ikke uvanlig at mannen arbeidet i Amerika mens kona bodde hjemme i Norge, heller ikke i en så lang periode som det her er snakk om.

Her er for øvrig en notis fra Flekkefjordsposten i anledning Ole Gabriels 75årsdag:

 

 

OleG.PNG

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutes ago, Jan H. Trelsgård said:

 

Det var slett ikke uvanlig at mannen arbeidet i Amerika mens kona bodde hjemme i Norge, heller ikke i en så lang periode som det her er snakk om.

Her er for øvrig en notis fra Flekkefjordsposten i anledning Ole Gabriels 75årsdag:

Joda, eg har sett at det ikkje var heilt uvanleg, spesielt ikkje på sørvestlandet kanskje (?) ...det er iallfall ein del heimvende amerikafararar i folketeljingane for flekkefjordsområdet i førre hundreår 🙂

 

...må ha vore eit nokså spesielt liv, uansett, å vere familiemann i utlendigheit, kanskje i årevis. Ein kan jo tenkje tanken om ein kanskje har nokre tremenningar "off the record", som spring rundt i New York, Havana eller Manila... 😛 

 

75-årsgratulasjonen frå "Flekkefjordsposten" har eg saksa frå før 🙂  ...det er óg ein nokså liknande i høve 80-årsdagen.

 

...men kor og kor tid desse gifta seg finn eg altså ikkje ut av 😕 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 hours ago, Jostein Stokke said:

Dette er vel Ingeborg i FT1885 - Tjeneste Pige - og (truleg) ugift.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053287000958

 

Det er heilt sikkert henne, ja...

Og då har me iallfall snevra tidspunktet for giftarmål til mellom 1885 og 1891 🙂

 

...men eg er no framleis nysgjerrig på kor dette skjedde, då alle solemerke vel skulle tyde på at det skulle ha vore i Nes/Hitterø sogn, viss ikkje ho har vore ein tur "over there" då. Har ikkje funne noko i Sjømannskirken i NY.

Kanskje dei vart vigde av ein marinekaptein i US-Navy? 😋

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.