Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Ellendson Lahd (1660-1700) og Aanund Larsson Moe (1651-1730) - ein «innfløkt» huslyd i Hafslo/Sogndal - bistand til oppklaring?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Terje Tandsæther presenterte i aftes ein huslyd med direkte tilknytting til Hafslo og Sogndal, som eg har slite ein del med å skaffa godt oversyn over, jmf. innlegg #403: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=17

 

Aanund Larsson (1651-1730) gifte seg til La på Hafslo og fekk då ein steson med namn Erik Olson (fødd 1691), men hans eige dotter gifte seg sidan med ein annan Erik Olson (fødd 1696) som attpåtil var søskenbarn til den første Erik Olson, og båe Erik'ane budde på La, i alle fall ei tid.  Innlegget til Terje hjelpte meg finna ei stadfesting av kva for ein av desse Erik'ane som i 1738 budde på Heggestad, og det set seg eg stor pris på!

 

Men framleis er det fleire detaljar innanfor denne huslyden som treng nærare «oppklaring», og difor legg eg her ut som eige tema ut siste versjonane av manuskripti mine for Ole Ellendson Lahd og Aanund Larsson Moe:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ole Ellendson Lahd, truleg frå Eskestrand i Sogndal, var i so fall son av husmann Ellend Gunderson på ein plass under Eskestrand og f. i Sogndal kring 1660.  Han d. visstnok på La hausten 1700.  Ole gifte seg kring 1687 med Synneva Eriksdotter frå Venjo, f. kring 1668.  Ho d. truleg på Mo kring 1723.  Ole var gardbrukar på denne garden på La frå kring 1692 og budde her levetidi ut.  Som enkje gifte Synneva seg att med gardbrukar og enkjemann Aanund Larsson på Moe (1651-1730) (s.d.).  Ole og Synneva fekk seks born i lag:

 1. Metta Olsdotter, f. kring 1688,

Metta Olsdotter flytte i ung alder til Sogndal der ho kring 1716 gifte seg med Ole Iverson, opphavleg frå

 

 

##### (opphavet hans? - ytre Sogn, kan henda frå Leikanger?)

 

 

Han var f. kring 1685 og var i 1701 tenestedreng på Fimreite i Sogndal.  Ole og Metta vart gardbrukarar på Melås i Norum sokn, Sogndal, men Metta vart gravlagd frå Melås alt 11.2.1731, og Ole gifte seg att 20.4.1732 att i Leikanger med Solvi Andersdotter frå Njøs i Leikanger.  Ho var dotter av gardbrukar Anders Pederson på Njøs, opphavleg frå Eitun i Balestrand, og første kona Ingrid Hansdotter frå Njøs og vart døypt i Leikanger 2.7.1710.  Ole og Solvi heldt fram som gardbrukarar på Melås i Sogndal, men so d. Ole på Melås kring 1737.  Solvi gifte seg 6.2.1738 att med Mikkel Iverson frå Slinde, og dei busette seg som plassfolk i Haugaviki under Fimreite i Sogndal der me trur Solvi d. kring 1785.  Ole Iverson fekk i alt fire born; av dei var desse to frå første ekteskapet med Metta Olsdotter:

a. Ole Olson, f. i Sogndal kring 1718, vart gravlagd frå Melås 27.4.1727.

b. Ingeborg Olsdotter, f. i Sogndal kring 1721, d. på Melås kring 1741, ugift.

 2. Erik Olson (1691-1749), vart gardbrukar på Solvi.

 3. Synneva Olsdotter (1693-1762), vart gift første gongen med gardbrukar Anders Lasseson i Neset (1695-1750) og sidan attgift med gardbrukar Peder Ellendson, òg i Neset (1725-1763).

 4. Ragnhild Olsdotter, f. kring 1696,

Ragnhild Olsdotter flytte til Sogndal der ho 24.6.1728 gifte seg med Endre Olson frå

 

 

##### (opphavet hans? - 1728 busett på Ølmeim i Sogndal - f. kring 1682)

 

 

Endre og Ragnhild slo seg ned som husmannsfolk i Myri under Nornes i Sogndal der Endre d.

 

 

##### (dødsfallet hans? - kring 1765?)

 

 

Ragnhild vart gravlagd frå Nornes 28.7.1770.  Dei fekk to døtrer i lag:

a. Britha Endresdotter (1730-1777), vart gift med gardbrukar og enkjemann Nils Monsson på Svangstu i Luster (1710-1786) (s.d.).

b. Synneva Endresdotter, døypt i Sogndal 10.4.1734, vart gravlagd frå Øyri i Fresvik, Leikanger 16.9.1787.  Synneva gifte seg i Sogndal 16.2.1772 med enkjemannen Bottolf Ingebrigtson, opphavleg frå Otternes i Aurland, døypt i Aurland 12.4.1728.  Han vart gravlagd frå Øyri, Leikanger 19.10.1800.  Bottolf hadde vore gift to gonger før og vart òg gift ein gong etter at Synneva var avlidi.  Han var skulemeister og gardbrukar på Øyri i Fresvik, Leikanger og fekk i alt fire born, men ingen av dei var frå tredje ekteskapet med Synneva.

 5. Margretha Olsdotter, f. kring 1698,

Margretha Olsdotter flytte i ung alder til Sogndal og voks dels opp hjå søsteri Metta på Melås.  Ho vart 2.7.1733 trulova i Sogndal med Erik Hansson frå

 

 

##### (opphavet hans? - kalla Slinde 1733, men budde ikkje der i 1701!)

 

 

Han var son av

 

 

##### (foreldri hans?)

 

 

og f. kring 1691.  Men Erik vart gravlagd frå Slinde alt 1.11.1733 utan at dei hadde feira noko bryllaup, og Margretha gifte seg i staden i Sogndal 1.10.1734 med Ole Pederson frå Slinde ytre i Sogndal.  Han var son av gardbrukar Peder Olson på Slinde ytre, opphavleg frå

 

 

##### (opphavet hans?)

 

 

og kona Unni Nilsdotter frå

 

 

##### (opphavet hennar?)

 

 

og f. i Sogndal kring 1704.  Ole og Margretha var gardbrukarar på Slinde i Sogndal, men Margretha d. på Slinde våren 1749, og Ole gifte seg 11.5.1750 att med Anna Johannesdotter frå Øyre i Sogndal.  Ho var dotter av husmann Johannes Endreson i Hagen under Øyre, opphavleg frå

 

 

##### (opphavet hans?)

 

 

og kona Guri Iversdotter frå

 

 

##### (opphavet hennar?)

 

 

og f. i Sogndal kring 1704.  Ole og Anna vart buande som gardbrukarar på Slinde, men Anna vart gravlagd derifrå alt 17.8.1760.  Ole Pederson vart gravlagd frå Slinde 15.3.1789.  Han fekk tre døtrer, som alle var frå første ekteskapet med Margretha:

a. Synneva Olsdotter, døypt i Sogndal 8.9.1736, vart gravlagd frå Slinde 8.5.1814.  Ho gifte seg i Sogndal 5.5.1763 med Ole Pederson frå Stedje i Sogndal, døypt i Sogndal 8.7.1740.  Han d. som kårmann på Slinde 7.7.1825.  Ole og Synneva tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Slinde i Sogndal og fekk seks søner i lag.

b. Unni Olsdotter, døypt i Sogndal 18.4.1740, vart gravlagd frå Slinde 24.7.1740.

c. Gjertrud Olsdotter, f. i Sogndal kring 1743, vart gravlagd frå Slinde 2.7.1769, ugift.

 6. Ellend Olson (1700-1756), vart gardbrukar på Nes.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Aanund Larsson Moe, av ukjent opphav, var f. kring 1651 og d. truleg som kårmann i Mo kring 1730.  Han gifte seg første gongen kring 1688; denne kona er ukjend, men det er ymse som tyder på at ho kan ha vore ei dotter av Torger Ølnes i Sogndal. 

 

 

     ##### (sjekka dette??)

 

 

     Som enkjemann gifte Aanund seg våren 1701 att med enkja Synneva Eriksdotter, opphavleg frå Venjo.  Ho var f. kring 1668 og hadde før vore gift med gardbrukar Ole Ellendson på La i Hafslo sokn (1660-1700).  Synneva d. på Mo kring 1723, og 25.7.1725 gifte Aanund seg tredje gongen med Guri Christophersdotter frå

 

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

 

     Ho var truleg f. kring 1690 og d. kan henda i Mo kring 1750.  Aanund hadde visstnok vore gardbrukar i Leirdalen i Luster, men flytte til La i Hafslo sokn då han i 1701 gifte seg dit.  Kring 1713 flytte han so med andre kona si som bygselsmann til Mo, men alt året etter ser det ut til at Aanund kom på kåret.  Det ser ut til at dette vart ordna slik at svigersonen Erik Olson på La la ut dette kåret, og truleg har Aanund og Synneva dels butt på La, men på tinget 10.-12.11.1725 stemnde Aanund Moe svigersonen Erik for mangelfullt kår.  Det kom fram at Aanund og Erik var komne til forlik om nytt kår ved skiftet etter Synneva.  Etter dette forliket skulle Erik gje Aanund årleg 4 ½ sætteland og ei ku med fire smalar, ei ku midt på vinteren og eit føl.  Aanund meinte Erik Lahd heldt att to av dei fire smalane han plikta å fø og meinte Erik skulle gje attende etter forliket.  Me ser ikkje meir til saki, so partane er truleg vortne forlikte.  Me kjenner til to born etter Aanund Larsson, eitt frå første og eitt frå siste ekteskapet:

 1. Kari Aanundsdotter (1694-1730), vart gift med gardbrukar Erik Olson på La (1696-1737); dei var gardbrukarar på La.

 2. Christopher Aanundson, døypt 21.10.1725, gifte seg truleg i Hafslo kring 1754 med ei Gjertrud, som me ikkje har greidd å identifisera. 

 

 

     ##### (kven kan ho ha vore??)

 

 

     Dei budde ei tid i Mareimsbakken, truleg under Marheim.

Men Christopher og Gjertrud flytte truleg alt kring 1756 til Lærdal og budde på ein husmannsplass i Hauge sokn der Christopher d. 17.7.1786.

 

##### (fleire opplysningar om Gjertrud?)

 

Dei fekk i alle fall ein son i lag:

a. Aanund Christopherson (1755-1803), vart gift med gardbrukardotteri Anna Aamundsdotter frå Høyeim i Luster (1758-1819) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~

 

Det skulle gå fram av desse manuskripti kvar «skoen trykkjer» hjå meg, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan eliminera eitt eller fleire av desse «hòli»!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Noen opplysninger om familien.

 

Kona til Ole Ellendsen, Synneva Eriksdatter var død før 1719 og etterlot 2 sønner og 4 døtre, nevnt i skiftet etter halvbroren Mikkel Ølmeim i 1719. Men det står ikke hvor hun bodde.

 

Ole Iversen Melås tror jeg var sønn av Iver Ellingsen Slinde og hans første kone Ingeborg Hansdatter Fimreite. Iver var først bruker på Slinde men flyttet omkring 1670? til Øfstetun eller Øvre Tune i Orknevik i Kvamsøy skipreie der det var skifte etter ham 20.4.1700. Barn: Elling, OLE, Synneve, Kari, Gyri, Eli. I bygdeboka står det at ingen av barna ser en mer til i Kyrkjebø og antatt at alle flyttet til Indre Sogn. Iver hadde ei søster som var gift med Gaute Fimreite, og Ole tjente der 1701. Mora var jo også fra Fimreite.

 

En Endre Olsen 12 år var dreng på Nordnes 1701 og født på garden. Han kan ha vært en sønn av Ole Endresen Nordnes og kona Brita Hansdatter fra Fimreite (eldste datter til Endre het Brita, den andre Synneva etter mormor). Ole Endresen var bruker på Nordnes 1701 men jeg vet ikke mer om familien. En Endre Olsen 19 år tjente på Kjørnes 1701.

 

Erik Hansen Slinde var fra nedre Njøs i Leikanger og døpt (4) august 1692. Han var sønn av Hans Larsen nedre Njøs og kona Gitlaug Mikkelsdatter Gjerde. I et skjøte fra 1733 https://media.digitalarkivet.no/view/12442/102 solgte Erik og hans søsken gods i Dalen i Leikanger, og der underskriver han som Erik Slinde. Erik var gift første gang med Siri Hansdatter fra Fimreite, enke etter Johannes Ellingsen Slinde (1660-1721) og med Siri hadde han en sønn Johannes Eriksen. Dette framgår av opplysninger i tingbok og pantebok der det blant annet sies at Johannes Eriksens bror var Elling Johannesen Slinde. Jeg stammer fra tre av døtrene til Johannes Ellingsen Slinde og kona Siri, men at Siri giftet seg igjen og fikk en sønn til var jeg ikke klar over før nå.

 

Ole Pedersen ytre Slinde må ha vært sønn av Peder Olsen Slinde og kona Unni Torsdatter Røysum fra Leikanger, de giftet seg der 1693 som Peder Slinde og Unni Røysum. På skiftet etter mor til Unni 1701 står det at hun hadde vært gift med Peder Slinde men var død og etterlot en sønn Ole Pedersen. I et skifte etter ei søster 1739 står det også at Unni hadde en sønn Ole Pedersen, men ikke nevnt bosted. Ole Pedersen Slinde var 56 år 1760, 74 år 1776 og 84 år i 1789, alderen stemmer ikke med at han var 6 år i 1701. Peder Olsen fikk i 1690 bygselseddel på Slinde som hans far hadde oppsagt for ham, var derfor sønn av Ole Olsen Slinde bruker 1666 med sønn Peder 3 år.

 

Tingbok Sogndal 25.6.1694: Johannes Endresen kommet for tidlig med sin festekvinne Gyri Joensdatter.

 

Hvem var døtrene til Torger Ølnes gift med? I 1682 var det skifte etter Torger (Knutsen) Ølnes mellom kona Eli Anfindsdatter og deres felles barn. I 1693 var det så skifte etter enka, som ikke navngis. De hadde 3 sønner (Knut, Anfind, Johannes) og 4 døtre. Skiftet etter Torger 1682 nevner disse døtrene:

- Gjertrud, kalles eldste søster

- Siri

- Marte, ugift og utlagt til bryllupsgjerd mot de gifte barn

- Synneva (død, ei datter Gjertrud Trondsdatter)

 

Det sies at Johannes og Marte var ugifte, de andre må da ha vært gift. Det står også at Amund Larsen rester på en kjele.

 

I skiftet etter Eli 1693 nevnes barna slik:

- Knut Ospeseter

- Anfind Kvamme

- Johannes Kvamme

- Trond Fretland på sin datters vegne, kalt Margrete

- Aanund Lae på sin kvinnes vegne

- Rognild Uglum på sin kvinnes vegne

- Johannes Kvale på sin kvinnes vegne

 

Så blir arven utlagt slik:

- Knut Ospeseter, 1 brorlodd

- Anfind Kvamme, 1 brorlodd

- Johannes Kvamme, 1 brorlodd

- Rognild Uglums kvinne, 1 søsterlodd

- Johannes Åberges kvinne, 1 søsterlodd

- Aamund Ølnes har fått så meget før at han nå intet av dette kan arve

- De forundte den ene arving Margrete Trondsdatter....

 

Døtrene må da ha vært:

1. Gjertrud Torgersdatter, gift (1) med Ole Eriksen Ølnes ( -1669), gift (2) med Ole Jacobsen Uglum ( -1681), gift (3) med Rognald Klemetsen Uglum (1645- ).

2. Synneva Torgersdatter ( -1677) gift med Trond Espensen Fretland (1633-1699), ei datter.

3. Siri Torgersdatter, må ha vært gift i 1682, i 1693 var hun gift med Aamund Lae, han er også kalt Ølnes i samme skifte

4. Marte Torgersdatter, ugift 1682, gift (1) med Søren Johannesen Kvale ( -1692), var i 1693 gift (2) med en Johannes Kvale som er kalt Johannes Åberge i samme skifte. Marte Torgersdatter Kvale er fadder 1690. Johannes Ingebriktsen Kvale er fadder 1690. Johannes Ingebriktsen bruker på Kvåle 1701, 50 år med sønn Valentin Nilsen 14 år.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.