Gå til innhold
Arkivverket
Anne Marie Bøtun Øyri

pantebok 1772, bygselbrev?

Recommended Posts

Anne Marie Bøtun Øyri

https://media.digitalarkivet.no/view/12445/170?indexing=

 

Etter som eg forstår det er dette eit bygselbrev frå eigaren Ivar Chr Harberg til Botolv Johanneson Simlenes som er son av forrige bygslar Johannes Botolvson?

Simlenes varv delt i ytre Simlenes og Indre Simlenes,  og dette burde i tilfelle vera bygselbrev på Ytre Simlenes utan at eg klarer sjå noko om det.

Takksam for hjelp.

 

Anne Marie B Øyri

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Nei... det er ikkje bygselbrev.

Det er auksjonsskøyte, der Ivar Chr Harberg kjøper Simlenes, to like store bruk, frå buet etter futen Leganger.

Dokumenta til venstre og nedst til høgre er tilsvarande for andre gardar i buet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

https://media.digitalarkivet.no/view/12449/184?indexing=

 

Her ser eg også noko  om Simlenes men det ser ut som det er overstroke.

 

Ei historie her går på at den uekte sonen til Ivar Chr Harberg, Johannes Ivarson Sagen skulle få ein del av Simelens i faddergåve utan at eg har klart å finna noko i pantebøkene.  Her er einaste gongen er ser han nemd, men kva går dette ut på og kvifor er det overstroke? 

 

Andre overdragingar på Simlenes er på side 308,  der Johannes tydlegvis sel ein del av Simlenes

https://media.digitalarkivet.no/view/12449/308?indexing=

 

Kanskje kan det likevel vera noko i denne gamle historia,. Johannes var fødd i 1772, men om det i tilfelle var ei faddergåve eller han har fått skøyte på halve Simlenes seinare? Faren overtok jo begge delene av Simlenes i 1772, og rekkjefylgja på eigarane av den eine halvparten er grei der Ivar Harberg sel eine delen i 1783.

 

Noko skal også stå på side 375 og 398 i same boka. 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

https://media.digitalarkivet.no/view/12449/167?indexing=

 

Her trur eg at eg finn overdraginga frå Ivar Chr Harberg til sonen Johannes Ivarson i 1805. Verkar som han skøyter den halvdelen av Simlenes som han fortsatt eig. Kanskje også nokre andre eigedommar?

 

Viss eg har lese dette rett så var det altså noko i den gamle soga om ei faddergåve til den uekte sonen, berre at gåva kom då faren døydde.

Så pantset han eigedommen ei tid etter

https://media.digitalarkivet.no/view/12449/184?indexing=

 

og til slutt sel han.

https://media.digitalarkivet.no/view/12449/308?indexing=

Tek gjerne mot korrigeringar, eg er ikkje stø i denne skrifta.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg
På 7.2.2019 den 10.21, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

https://media.digitalarkivet.no/view/12449/184?indexing=

 

Her ser eg også noko  om Simlenes men det ser ut som det er overstroke.

 

 

Dette er ein pantobligasjon frå Johannes Iversen Sagen til "Hr. Kapitain Thomas von Mejdel" for 50 rd i lån med pant i Simlenes.

Når ein obligasjon vert innløyst (vanlegvis lånet betalt) vert han kryssa over som her. "slettet 25 April 1808" står det til venstre.

 

På 7.2.2019 den 10.21, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Andre overdragingar på Simlenes er på side 308,  der Johannes tydlegvis sel ein del av Simlenes

https://media.digitalarkivet.no/view/12449/308?indexing=

 

Det stemmer. Johannes sel 6 merker smør (halve garden) til Anders Andersen Tufte for 400 rd. Datoen er 25 april 1808.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg
På 7.2.2019 den 14.50, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

https://media.digitalarkivet.no/view/12449/167?indexing=

 

Her trur eg at eg finn overdraginga frå Ivar Chr Harberg til sonen Johannes Ivarson i 1805. Verkar som han skøyter den halvdelen av Simlenes som han fortsatt eig. Kanskje også nokre andre eigedommar?

 

Nr. 15 nedst til høgre.   

Det er (tydelegvis) arvingane etter "vores afgangne Sal. Broder Iver Christopher Harberg" som overdreg 6 mrk smør med bygsel i Simlenes, brukt av leilending B...??l Johanesen,

til Johannes Iversen Sagen . Eigedomen er verdsett til 64 rd. Johannes har tydelegvis ikkje betalt noko. Så langt eg kan sjå, er det ikkje sagt noko om slektskap mellom Iver og Johannes.

 

 

Pantsejting og sal er dei same som i #3 (og #5)

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

Nei det var nok ikkje så populært med uekte barn i den tida og slett ikkje i godseigarfamilien. Johannes var einaste barnet til Ivar Chr. Harberg, han gifte seg ikkje. Iver Chr Harberg døydde i 1803 så dette kan nok stemma. Og bygslaren var Botolv Johannesson som seinare kjøpte den delen Johannes ivarson fekk.

Tusen takk for at du tek deg tid til dette!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.