Gå til innhold
Arkivverket

Byregardane på Vinstra


Ole Christian Risdal
 Del

Recommended Posts

Eg driv og granskar på korleis Vinstra i Nord-Fron såg ut i gamle dagar. Byre er det gamle namnet på Vinstra. Det var opprinneleg ein Byre-gard, men den vart delt i tre i 1668. Det var øvre, nordre og søre. Øvre, som var opphavsgarden, og nordre Byre har eg kontroll på, men det er noko diffust når det gjeld søre Byre. Paul Hvattum kjøpte både øvre og søre, samt jordvegen til nordre på 1870-tallet. Nordre Byre vart utgangspunktet for det nye kommunesenteret på Vinstra, medan søre Byre vart oppdelt i samband med danninga av sentrum. Hvattum bygde opp ein ny gard ved Sundbrua, slik at han kunne setje i gang med skysstasjon og landhandel i samband med at jernbanen kom. Den fekk også namnet søre Byre. Det som da er litt rart er at han bygde opp ein ny gard når det allereie eksisterte ein søre Byre-gard. Ei mogleg forklaring kan vere at den låg for langt frå vegen og brua. Er det mogleg å sjå kor søre Byre eigentleg låg, t.d. på eit jordskiftekart frå før 1870? Den nye søre Byre-garden måtte rivast i samband med ny Sundbru i 1986, og den vart da bygd opp att der hovudbølet ein gong låg, på øvre Byre.
 
Er glad for svar!
Mvh Ole Chr. Risdal
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ikkje sikkert der fins så gamle jordskiftekart frå området.

Jordskifteverket har lagt karta sine (samt rettsutskrift frå nyare jordskiftesaker) ut på nett. Du kan finne dei via lenka under. Gå inn på kommune. Trykk deg inn på den aktuelle garden og vidare på saksnummer. Når du kjem inn på sida for info om jordskiftedsaka, kan du få kartet tilsendt ved å trykke på nummeret som står under rubrikken for «Kartnr»:

https://wcarkiv.domstol.no/wcarkiv/kommunelist.wc?ID

Om du kontakter statsarkivet i Hamar via lenka under kan det vere at du kan få lokal hjelp i spørsmålet:

https://www.arkivverket.no/tjenester/bestill-en-enkeltopplysning

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.