Gå til innhold
Arkivverket

Peder Frost til Kroken - døydde som fut i Sogn i 1614 - var gift med enkja Øllegaard Pedersdotter (Teiste) - kven var desse folki - var Peder ein danske?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Innlegg #26:

 

Eg ønskjer i kveld gjera ein siste freistnad på å henta fram dette emnet.

 

Me har som status at Peder Frost, truleg ein adelsmann frå Danmark, fødd kring 1550 og avliden i 1611/1612, må vera komen til Luster alt før 1590.  Jo Rune Ugulen skriv følgjande:

 

«Han må ha vore i Luster ei god stund alt i 1590, for det er lensherren over Dale skipreide sidan 1575 (til 1614), den seinare (frå 1604) kanslaren Anders Green, som det året får tilsendt klagebrevet (NRR III, s. 145) over futen sin. Det er ikkje usannsynleg at Peder Frost har vore i hans teneste også før han kom til Luster.»

 

Og når det gjeld dei to borni som Peder Frost hadde med den første (ukjende) kona si, skriv Jo Rune Ugulen følgjande:

 

«Ei dotter gift med Cort Jensson (i Bergen, som skattar av jordegods i Sogn frå 1617 og frametter), og ein son Ludvig Pedersson er nemnte i Norges Rigs-Registranter IV, s. 616 (i 1617).»

 

Her talar me om personar som er fødde på 1500-talet, og eg veit ikkje om det i det heile er mogeleg å komma noko lenger?  Kan Cort Jensson og/eller Ludvig Pederson vera å finna i dei eldre borgarbøkene i Bergen??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Innlegg #27:

 

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet endå ein gong.

 

Det er då merkeleg at det ikkje skal vera mogeleg å finna fleire opplysningar om Ludvig Pederson og/eller Cort Jensson og kona hans i Bergen?

 

Eg syner særleg til føregåande innlegg og ville vorte «hoppande glad» om nokon kunne hjelpa meg...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.