Gå til innhold
Arkivverket

Jens Jensson (1827-1897) og kona Britha Larsdotter (1829-1897) - til Amerika i 1853 - hamna i Nicollet Co., MN - kvar budde dei 1860/1870? - kven var den svenske svigersonen deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Grethe, Sven, Lars W. og Anne for fantastiske og avklarande innlegg om denne huslyden!

 

Eg har fått svar på so å seia alt eg lurte på, til og med på spørsmål som eg ikkje var merksam på!  So det er med stor glede at eg i kveld kan syna fram eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye fine innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #30 under!

 

Utvandringi til Kari Pedersdotter og dotteri Britha Iversdotter frå Njøs på Leikanger er ikkje innført korkje i kyrkjebøkene for Leikanger eller i skipslistene over Bergen, so det nøyaktige utvandringsåret kan verta vanskeleg å finna...

 

Elles sit eg med eit par «restspørsmål» frå Sverige.

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

55 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

 

a. Karen Jenson, f. i Hafslo 28.3.1852, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1853 og d. i St. Peter, Minn. 31.3.1883.  Karen gifte seg i Nicollet Co., Minn. 26.5.1874 med Anders Jonsson frå Virestad i Kronobergs län i Sverige, i Amerika kjend som Andrew Paulson.  Han var son av

     ##### (yrkestitel? - åbo = gardbrukar??)

     Jon Pehrsson på Hörda Frälsegard i Virestad, opphavleg frå Göhult i Virestad, og kona Anna Andersdotter frå

     ##### (opphavet hennar?)

 

 

Dåp nummer 47

 

https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0026160_00135

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Jon Pehrsson på Hörda Frälsegard i Virestad, opphavleg frå Göhult i Virestad, og kona Anna Andersdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

Anna Andersdotter var fra Hörda Frälsegard. Født 18.6.1822:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0026160_00135

(ser at Sven la inn den mens jeg fant fram husförhörene)

 

Husförhör 1822-1825:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0026128_00326

Husförhör 1826-1830:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0026129_00342

Husförhör 1831-1835:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0026130_00324

Husförhör 1836-1840:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0026131_00334

 

Endret av Lars Waaltorp
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven, Lars W. og Vibeke for dei siste gode innleggi om denne huslyden!

 

Eg skil i manuskripti mine ikkje mellom gardbrukar og leiglending.  I Sogn var det so mange leiglendingar til langt ut på 1800-talet, og den samfunnsmessige forskjellen mellom dei to gruppene var helst liten, men det var godt å få ei omsetjing av yrkestittelen åbo!

 

Her følgjer ei oppdatering av manuskriptet frå innlegg #26 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Jensson {Eide}, f. {i Luster} 5.12.1827, gifte seg i Hafslo 5.4.1853 med Britha Larsdotter frå Mansverk under Valaker i Hafslo, f. i Hafslo 10.7.1829.

Jens og Britta Jenson utvandra til Amerika i 1853 og

 

##### (first lived in Wisconsin - 1857 in Dane Co., WI! - kvar budde dei 1860??)

 

men flytte sist på 1860-talet til ein farm i Lake Prairie township, Nicollet Co., Minn. der Britta d. 7.10.1897.  Jens Jenson d. i St. Peter, Minn. 6.12.1897.  Dei fekk to døtrer i lag:

 

##### (kan dei ha hatt fleire born? - i so fall døydde dei unge!)

 

a. Karen Jenson, f. i Hafslo 28.3.1852, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1853 og d. i St. Peter, Minn. 31.3.1883.  Karen gifte seg i Nicollet Co., Minn. 26.5.1874 med Anders Jonsson frå Virestad i Kronobergs län i Sverige, i Amerika kjend som Andrew Paulson.  Han var son av gardbrukar Jon Pehrsson på Hörda Frälsegard i Virestad, opphavleg frå Göhult i Virestad, og kona Anna Andersdotter frå Hörda Frälsegard og f. i Virestad, Kronobergs län i Sverige 1.11.1847, men utvandra til Amerika i 1869.  Han d. i Minneapolis, Minn. 4.1.1922.  Andrew og Karen farma i Lake Prairie township, Nicollet Co., Minn., men som enkjemann gifte Andrew seg att i St. Paul, Minn. 21.11.1884 med Britha Iversdotter frå Njøs på Leikanger, i Amerika kjend som Bessie Hanson.  Ho var dotter av gardbrukarsonen Iver Hansson frå Dalen på Leikanger og gardbrukardotteri Kari Pedersdotter frå Njøs og f. på Leikanger 3.5.1862.  Ho utvandra til Amerika med mor si i 1881, 

 

     ##### (sjekka? - i alle fall etter 1875!)

 

     og d. i Minneapolis, Minn. 24.1.1937.  Andrew og Bessie var ein tur heime til Noreg på vitjing i 1899, men budde elles i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Andrew for det meste livnærte seg som barvert og hotellstyrar («saloon and hotel keeper»).  Han fekk i alt ni born; av dei var seks frå første ekteskapet med Karen.

b. Susanna Jenson (1857-1916), gifte seg første gongen med gardbrukarsonen Augund Pederson frå Lomheim i Hafslo (1848-1889) og sidan attgift med Christian Svendson frå Taraldsrud på Biri (1853-1913) (for båe ekteskapi, sjå under Lomheim i Hafslo).

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Det vert truleg ikkje so lett å finna svar på dei siste spørsmåli som her står att, men eg takkar på ny for framifrå bistand til å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
On 8/11/2019 at 7:57 PM, Lars E. Øyane said:

a. Karen Jenson, f. i Hafslo 28.3.1852, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1853 og d. i St. Peter, Minn. 31.3.1883.  Karen gifte seg i Nicollet Co., Minn. 26.5.1874 med Anders Jonsson frå Virestad i Kronobergs län i Sverige, i Amerika kjend som Andrew Paulson.  Han var son av gardbrukar Jon Pehrsson på Hörda Frälsegard i Virestad, opphavleg frå Göhult i Virestad, og kona Anna Andersdotter frå Hörda Frälsegard og f. i Virestad, Kronobergs län i Sverige 1.11.1847, men utvandra til Amerika i 1869.  Han d. i Minneapolis, Minn. 4.1.1922.  Andrew og Karen farma i Lake Prairie township, Nicollet Co., Minn., men som enkjemann gifte Andrew seg att i St. Paul, Minn. 21.11.1884 med Britha Iversdotter frå Njøs på Leikanger, i Amerika kjend som Bessie Hanson.  Ho var dotter av gardbrukarsonen Iver Hansson frå Dalen på Leikanger og gardbrukardotteri Kari Pedersdotter frå Njøs og f. på Leikanger 3.5.1862.  Ho utvandra til Amerika med mor si i 1881, 

 

 

     ##### (sjekka? - i alle fall etter 1875!)

 

 

     og d. i Minneapolis, Minn. 24.1.1937.  Andrew og Bessie var ein tur heime til Noreg på vitjing i 1899, men budde elles i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Andrew for det meste livnærte seg som barvert og hotellstyrar («saloon and hotel keeper»).  Han fekk i alt ni born; av dei var seks frå første ekteskapet med Karen.

 

Er det mogeleg å finne kvar og kva tid Carrie Peterson / Kari Pedersdotter dø?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.