Jump to content
Nasjonalarkivet

LØYST: Anna M. Söderberg - fødd i Sverige kring 1870 - utvandra kring 1895 - kan det svenske opphavet hennar finnast?


Recommended Posts

Hjarteleg takk til Sven og Grethe for nye gode innlegg med full løysing på denne utfordringi!

 

Eg har no oppdatert manuskriptet for Nicholas Johnson og dei to konene hans, og resultatet ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Nicolai August, kjend som Nicholas A. Johnson, f. i Bergen 15.7.1865, utvandra til Amerika då han rømte frå ein båt i 1883.  Han gifte seg første gongen i San Bernardino, Cal. 11.11.1890 med Josefina Albertina Bengtsdotter frå Kvibille i Hallands län, Sverige, i Amerika kjend som Josephine A. Benson.  Ho var dotter av gardbrukar Bengt Persson på Lundåkra i Hallands län, opphavleg frå Föregården i Holm, Hallands län, og kona Gretha Christensdotter frå Erlandsgård i Söndrum, Hallands län og f. i Kvibille 7.8.1866.  Ho utvandra til Amerika i 1886, men d. i Los Angeles, Cal. alt 1.4.1904.  Nicholas gifte seg att i Los Angeles, Cal. 14.8.1905 med Anna Mathilda Andersdotter Söderberg frå Hammar i Örebro län i Sverige, i Amerika kjend som Anna M. Soderberg.  Ho var dotter av husmann Anders Pettersson Söderberg på Lilla Gruvfallet, Alsnäs i Hammar, opphavleg frå Hulta i Hammar, og kona Johanna Augusta Jansdotter frå Nedre Knalla i Hammar og f. i Hammar, Örebro län, Sverige 31.1.1870.  Ho utvandra til Amerika i 1896.  Nicholas var jarnbanearbeidar («railroad engine hostler») og budde i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. der han d. 7.6.1909.  Anna Johnson d. same staden 1.4.1959.  Nicholas fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet, men berre to av dei voks opp.  Andre kona Anna fostra opp desse borni og ogso dei to borni som levde att etter broren Charles.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Problemet er løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand!

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.