Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Peder Jensson Ruen - fødd på Gran, Hadeland 1849 - til Amerika i 1867 - opphavet hans på Gran?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Peder Jensson Ruen vert oppgjeven fødd på Gran 22.7.1849 som son av Jens Pederson og Anna Olsdotter, plassfolk i Smedshammareiget (basen syner fødd 26.7.1849!): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004498456

 

FT1865 syner huslyden som plassfolk på Qvernvolden under Blegen på Gran: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0534&kenr=004&bnr=0212&lnr=000

 

Peder utvandra med foreldri sine og fleire søsken frå Blegeneiget i 1867 (då er fødselsdatoen 22.7.1849!): https://media.digitalarkivet.no/view/8969/594

 

Han gifte seg i Dixon Co., NE 2.4.1885 med Ingrid Nilsdotter alias Emma Solfestson, fødd i Luster 1.3.1851 og utvandra i 1858.

 

Eg ser at Jens Pederson og Anna Olsdotter budde fleire stadar, eitt barn var født i Blegeneiget i 1846, og to born i Gulerudeiget i 1852 og 1854.

 

Kvar Ruen-namnet kjem ifrå, veit eg ikkje...

 

At huslyden utvandra frå Kvernvolden under Blegen synest klart, men kan nokon hjelpa meg med:

 

** Kva gard/plass hadde Jens Pederson opphavet sitt ifrå?

 

** Kva gard/plass hadde Anna Olsdotter opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

At huslyden utvandra frå Kvernvolden under Blegen synest klart, men kan nokon hjelpa meg med:

 

** Kva gard/plass hadde Jens Pederson opphavet sitt ifrå?

 

** Kva gard/plass hadde Anna Olsdotter opphavet sitt ifrå?

 

Jens Peders og Anne Olsdatter giftet seg i Gran i 1846

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001383388

Oppland fylke, Gran, Brandbu, Tingelstad i Gran, Ministerialbok nr. 11 (1842-1856), Viede 1846, Side 880-881
https://media.digitalarkivet.no/view/8968/388

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

Dette er det vi i Kontaktforum Hadeland-Amerika har om Peder og familien hans.

Er du interessert i skjema 226 også?

Hilsen Ole P. Gamme.

 

Registreringsskjema  for Emigranter  til  Amerika og Canada fra Hadeland

Hadeland Immigrant Identification Form

 

Emigrantenes navn, fødested og fødselsdato/Name, place and date of birth of the emigrants:

Jens Pedersen Ruen, f. 28.05.1821 på Eggeeiet i Brandbu, utv. sammen med sin hustru, Anne Olsdtr., f. 20.11.1818 på Gullerudseiet i Brandbu og barna: Ingeborg,

f. 03.11.1846 på Blegeneiet, Peder, f. 22.07.1849 på Smedshammereiet, Oline, f. 18.11.1854 og Elina, f. 07.08.1857, begge født på Gullerudseiet.

 

Hvor reiste de fra/From where did they leave:

Blegeneiet i Brandbu.

 

Når utvandret de/When did they emigrate:

27.4.1867 fra Christiania med ”Manila”, ankom Quebec 7 juni.

 

Steder de bosatte seg/Where did they settle:

Glenwood, IA, så i Spring Grove, Houston Co., MN.

 

Hva livnærte de seg av/Occupation of the immigrants:

Farming.

 

Andre opplysninger/Additional information:

Jens og Anne gift 2.7.1846 i Gran.                                               Barn:

1. Ingeborg (Isabel), se over, gift 23.7.1870 i Decorah, Winneshiek Co., MN med Anders Amundsen Elvestuen Kjos, se skjema 255.

Barn: Albert, (1872-1952); Joseph, (1874-1880); Augusta (Mrs. Henry Olaus Larson) (1875-1945); Clara (Mrs. Andrew Richard Johnson) (1877-1951); Ida J. (Mrs. Van Buren Smead) (1879-1952); Joseph Adolph, (1882-1950); Andrew, (1886-1912).

Ingeborg døde 19.3.1924 i Lowville, Murray Co., MN, Anders døde 14.11.1886 i Glenwood, Winneshiek Co., IA.

 

2. Peder, se over, gift 2.4.1885 i Springfield, Bon Homme Co., SD med Emma Sølfestson, f. 06.03.1852 i Norge.

Barn: Bertha Amelia (Mrs. Carl John Drake) (1888-1971); Nettie Josephine (Mrs. Arnt M. Larson) (1889-1984); Ella Christine (Mrs. Gottfred Jonathan Lundberg) (1894-1966).

Peder døde 24.11.1913, Emma døde 13.2.1940, begge i Lyon Co., MN.

 

3. Oline, 21.08.1852, døde 3.4.1854 på Gullerudseiet.

 

4. Oline, se over, gift 1877 med Iver Iversen Moen, f. 03.05.1850 på Retrumseiet i Brandbu, se skjema 168.

Barn: Ida Amelia (Mrs. Iver Olson) (1877-1971); Joseph Onar, (1880-1945); Carl Julius, (1885-1961); Petter Edward, (1888-1965); Ellen Marie (Mrs. Anton Erickson se skjema 1100) (1890-1971).

Ivers foreldre: Iver Olsen og Ingeborg Andersdtr., gift 11.10.1828 i Gran.

Oline døde 24.5.1936, Iver døde 25.4.1922, begge i Murray Co., MN.

 

5. Elina, se over, gift 18.10.1876 i Winneshiek Co., IA med Peter Sakariason Thompson (Peder Zakariasen), f. 21.04.1848 på Aunet (Øvnet) i Kolvereid, Nord-Trøndelag, Norge.

Barn: Theodore Julius, (1880-1968).

Peders foreldre: Zakarias Tomasen Øvnet og Karen Johanna Pedersdtr., gift 23.10.1836 i Kolvereid, Nord-Trøndelag, Norge; utv. fra Namsos med ”New Brunswick”, ankom Quebec 21.6.1869.

Elina døde 17.2.1947, Peter døde 29.12.1929, begge i Murray Co., MN

 

Jens’ foreldre: Peder Hansen Ruen og Ingeborg Jensdtr., gift 16.11.1820 i Gran.

Annes foreldre: Ole Nilsen Gullerud og Ingeborg Jacobsdtr., gift 28.12.1811 i Gran.

Jens døde 4.8.1908 i Lake Wilson, Murray Co., MN, Anne døde juli 1881, gravlagt i Glenwood, IA.

 

Andre familiemedlemmer som har emigrert/other family members who emigrated:

Faren og søsken i Amerika: se skjema 226.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Ole for spennande og nyttige innlegg!

 

Eg ser du har vigselsstaden for Emma og Peder i Bon Homme Co., SD.  Kva kjelde har du der?  Her er kva FamilySearch seier:

 

Name: Peder J Ruen
Event Type: Marriage
Event Date: 02 Apr 1885
Event Place: Dixon, Nebraska, United States
Gender: Male
Age: 36
Spouse's Name: Emma Solgeston
Spouse's Gender: Female
Spouse's Age: 34

 

Her er forresten manuskriptet mitt for denne huslyden, som i all hovudsak vart publisert i 1984:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ingrid Nilsdotter {Fuglesteg}, f. {i Luster} 1.3.1851,

Emma Solfestson utvandra òg til Amerika i 1858 og gifte seg i Dixon Co., Neb. 2.4.1885 med Peder Jensson frå Blegen på Gran, Hadeland, i Amerika kjend som Peter Ruen.  Han var son av husmann Jens Pederson på Kvernvolden under Blegen, opphavleg frå

 

##### (ein plass, men kva plass?)

 

under Egge, og kona Anna Olsdotter frå

 

##### (ein plass, men kva plass?)

 

under Gullerud og f. på Gran 22.7.1849, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867.  Peter og Emma slo seg ned som farmarar i Shelburne township, Lyon Co., Minn. der Peter Ruen d. 24.11.1913.  Emma Ruen d. same staden 13.2.1940.  Dei fekk tre born i lag:

a. Bertha Amelia Ruen, f. i Lyon Co., Minn. 10.5.1888, d. i Tyler, Minn. 1.5.1971.  Ho gifte seg i Lyon Co., Minn. 25.4.1910 med Carl John Drake, f. i Meeker Co., Minn. 30.4.1886.  Han d. i Tyler, Minn. 9.5.1966.  Dei farma i Shelburne township, Lyon Co., Minn. og fekk to born i lag.

b. Nettie Josephine Ruen, f. i Lyon Co., Minn. 31.12.1889, d. i Tyler, Minn. 10.4.1984.  Ho gifte seg i Lyon Co., Minn. 31.12.1913 med Arnt M. Larson, f. i Lyon Co., Minn. 31.12.1884.  Han d. i Tyler, Minn. 19.12.1955.  Nettie og Arnt farma òg i Shelburne township, Lyon Co., Minn. og fekk seks born i lag.

c. Ella Christine Ruen, f. i Lyon Co., Minn. 31.3.1894, d. i Ruthton, Minn. 5.7.1966. Ho vart gift i Lyon Co., Minn. 13.3.1914 med Gotfred Jonathon Lundberg, f. i Murray Co., Minn. 10.4.1888.  Han d. i Clara City, Minn. 5.11.1978.  Dei farma i Ellsborough township, Murray Co., Minn. og fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg ser forresten at du har Jens fødd i Eggeeiget, medan Anna var fødd i Gullerudseiget, men veit du konkret kva plassar under dei respektive gardane dei var fødde på?  Kanskje Ruen (eller Rud) var plass under Egge?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg ser du har vigselsstaden for Emma og Peder i Bon Homme Co., SD.  Kva kjelde har du der?  Her er kva FamilySearch seier:

 

Name: Peder J Ruen
Event Type: Marriage
Event Date: 02 Apr 1885
Event Place: Dixon, Nebraska, United States
Gender: Male
Age: 36
Spouse's Name: Emma Solgeston
Spouse's Gender: Female
Spouse's Age: 34

 

 

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60722&h=2265862&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=vJN857&_phstart=successSource

 

Name: Peder J Ruen
Gender: Male
Record Type: Marriage
Marriage Date: 2 Apr 1885
Marriage Place: Springfield, South Dakota, USA
Father: John Ruen
Mother: Nils Solfestson
Spouse: Emma Solfestson
Church Name: Zion Lutheran Church
Church Location: Maskell, Nebraska

 

 

Jeg kan ikke se at Springfield, SD er nevnt i kirkeboka.... Dixon county, Nebraska er oppgitt som stedet for vielsen.

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for opplysningen om at Peder og Emma  ble gift i Dixon Co., NE, jeg har forandret på familieskjema 227. Brukene Runden (kalles Ruen) var plasser under Blegen 45-1.

Opplysningene mine kom fra slektsboka, "The Kjos-Eggebraaten Family History". Jens var født i Eggebraaten, fraskilt bruk fra øvre Egge g. nr. 47, Anne Olsdtr., var antakelig født på plassen Steinbraaten under Gullerud 30-1. Mvh. Ole.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Ole for nye avklarande innlegg!

 

Når det gjeld vigsli til Peder Jensson og Emma Solfestson, ser eg i originalkyrkjeboki ikkje noko nemnt om at dei skulle ha gift seg nokon annan stad enn i Dixon Co., NE. so kvar dette med Bon Homme Co., SD kjem ifrå, er for meg ei gåte...:

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_315035-00125?pid=2265862&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D2265862%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DvJN857%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=vJN857&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.103699264.1156509303.1565890205-1442769865.1532627837

 

Elles bør du, Ole, ogso endra fødselsdatoen til Emma, som i skjemaet ditt er eitt år feil...

 

Når det gjeld fødestaden til Jens Pederson, ser eg han er fødd i Eggeeiget, men ved konfirmasjonen hans i 1837 står det «Eggeeie, nu Blegeneie», noko som heilt tydeleg seier at huslyden må ha flytt, medan Jens endå var heilt ung.  Og då er det vel ikkje urimeleg å tippa på at dei flytte til Ruen under Blegen og tok namnet frå den plassen!?

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9349/289

 

Med dette er problemet løyst, og eg er kjempenøgd!  Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.