Gå til innhold
Arkivverket

Anders Sjurson Leinum - fødd i Melhus 1852 - kven var foreldri hans og kva tid utvandra han til Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Anders Sjurson Leinum er frå Trempealeau Co., WI oppgjeven fødd i Noreg 12.8.1852 som son av Sjur Andersson og kona Kari Iversdotter.

 

Ved litt leiting i folketeljingsmaterialet finn eg denne huslyden på Leinum i Melhus, som vel må vera den rette(?):

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1653&kenr=010&bnr=0018&lnr=000

 

Farsnamnet til mori stemmer ikkje heilt, og heller ikkje finn eg fødsli hans Anders i kyrkjeboki!

 

Kanskje er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg med følgjande:

 

* Stadfesta fødselsdatoen til Anders Sjurson (Sivertson) Leinum, 12.8.1852?

 

* Fulle namn på foreldri hans med opphavi til båe?

 

* Utvandringsåret for Anders?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 78

 

Sør-Trøndelag fylke, Melhus, Flå, Hølonda, Leinstrand i Melhus, Ministerialbok nr. 691A06 (1842-1852), Fødte og døpte 1852, Side 569
Permanent bilde-ID: kb20050518040908
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050518040908
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050518040908.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielse nummer 20

 

Sør-Trøndelag fylke, Melhus, Flå, Hølonda, Leinstrand i Melhus, Ministerialbok nr. 691A06 (1842-1852), Viede 1845, Side 263
Permanent bilde-ID: kb20050518040626
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050518040626
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050518040626.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Konfirmant nummer 2

 

Sør-Trøndelag fylke, Melhus, Leinstrand, Flå, Hølonda i Melhus, Ministerialbok nr. 691A09 (1862-1873), Konfirmerte 1867, Side 236
Permanent bilde-ID: kb20050518030209
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050518030209
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050518030209.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for spennande og nyttige innlegg!

 

Då har me fått ein lite korreksjon på fødselsdatoen hans Anders.  Han var f. 7.8.1852 og ikkje 12.8.1852.

 

Og utvandringi hans må ha skjedd etter 1867, men no finn eg ikkje att den gamle emigrantdatabasen over Trondheim, so eg finn ikkje utvandringsåret...

 

Skal me elles døma etter vigsli til foreldri, ser det ut til at dei båe var frå Leinum, truleg frå to ulike bruk, og eg ser no at foreldri hennar budde på Leinum som gardbrukarar i 1865:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1653&kenr=010&bnr=0015&lnr=000

 

Og Sivert Andersson var fødd i 1821 som son av Anders Sivertson og Magnhild Sivertsdotter,

 

Name: Sivert Andersen
Gender: Male
Birth Date: 06 Jan 1821
Christening Date: 28 Jan 1821
Christening Place: Melhus, Sør-Trøndelag, Norway
Father's Name: Anders Sivertsen
Mother's Name: Magnild Sivertsdatter

 

og Magnhild er kårenkje på eitt av dei andre bruki på Leinum i 1865:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1653&kenr=010&bnr=0016&lnr=000

 

Soleis er opphavi til foreldri kartlagde, og berre utvandringsåret manglar.  Er dette mogeleg å finna?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.