Jump to content
Arkivverket
Torbjørn Igelkjøn

[LØYST]: Abel Nilsdtr., enkje på Askevik i Nordfjord i 1747

Recommended Posts

Torbjørn Igelkjøn
Posted (edited)

Eg viser til følgjande tråd, som omhandlar eit skifte på garden Laukeland i Gaular:

 

I skiftet er det nemnt at Nikolai Nilsson hadde ei syster, Abel Nilsdtr., som var enkje og skal ha budd på "Askvigen" i Nordfjord.

Eg lurer på om nokon kjenner til denne dama, og kan seie noko om opphav/ektemann og evt. born.

Edited by Torbjørn Igelkjøn

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke
Posted (edited)

Kan di Abel Nilsdtr. være den som er omtalt i Bremanger bygdebok bd. IV under Askevik som Abelone Kristine Limrup  (f. ca 1704)?

 

I såfall hadde ho vore gift med Nils A. Tyndgren som dreiv som gjestgjevar på Hestenesøyra i Gloppen. Iflg bygdeboka drakk Nils dei frå gard og grunn og stakk av, Abelone flytte åleine til Askevikja 1739 der ho dreiv eit lite øltapperi.

I Januar 1751 vart ho drepen av grunneigaren etter ein krangel om epler ho hadde teke frå ein apal. Dette kan du lese meir om i Bremanger bygdebok bdIV s. 364

 

Iflg. bygdeboka var einaste arving etter henne sonen Anders.

Edited by Harald L. Bakke

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke
Posted (edited)

Kan di Abel Nilsdtr. være den som er omtalt i Bremanger bygdebok bd. IV under Askevik som Abelone Kristine Limrup  (f. ca 1704)?

 

I såfall hadde ho vore gift med Nils A. Tyndgren som dreiv som gjestgjevar på Hestenesøyra i Gloppen. Iflg bygdeboka drakk Nils dei frå gard og grunn og stakk av, Abelone flytte åleine til Askevikja 1739 der ho dreiv eit lite øltapperi.

I Januar 1751 vart ho drepen av grunneigaren etter ein krangel om epler ho hadde teke frå ein apal. Dette kan du lese meir om i Bremanger bygdebok bdIV s. 364  

Her er skifte etter Abelone, dat. 26. Juni 1751   og då er ho skriven som Abel Nilsdatter

https://www.digitalarkivet.no/sk20081128640184

Edited by Harald L. Bakke

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

I bygdeboka for Gloppen bd. IV  under garden Hestenes s. 35  er desse barna nemnde på Hestenesøyra :

Elen f. 1731 d. 6 mnd gl.

Nille f. 1732 d. 5 veker gl.

Marte f. 1733 d. 1 mnd.gl.

Nils f. 1735  d. 9 veker gl.

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn
4 timer siden, Harald L. Bakke skrev:

Kan di Abel Nilsdtr. være den som er omtalt i Bremanger bygdebok bd. IV under Askevik som Abelone Kristine Limrup  (f. ca 1704)?

 

I såfall hadde ho vore gift med Nils A. Tyndgren som dreiv som gjestgjevar på Hestenesøyra i Gloppen. Iflg bygdeboka drakk Nils dei frå gard og grunn og stakk av, Abelone flytte åleine til Askevikja 1739 der ho dreiv eit lite øltapperi.

I Januar 1751 vart ho drepen av grunneigaren etter ein krangel om epler ho hadde teke frå ein apal. Dette kan du lese meir om i Bremanger bygdebok bdIV s. 364  

Her er skifte etter Abelone, dat. 26. Juni 1751   og då er ho skriven som Abel Nilsdatter

https://www.digitalarkivet.no/sk20081128640184

 

Takk for hjelpa. Dette var litt av ei historie. Det ville vere rart om det var fleire samtidige enkjer som heitte Abel Nilsdtr. på Askevik i 1747, så det må vel nesten vere ho. Står det noko i bygdebøkene om opphavet hennar?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke
Posted (edited)

Nei ikkje anna enn at ho er skriven som Abelone Kristine Limrup.

Mannen Nils Andersson Tyndgren var frå Bergen står det i Gloppeboka så det er mulig vigsla deira er å finne i Bergen og at ein der kan finne meir?

Edited by Harald L. Bakke

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn
Posted (edited)

Denne historia er m.a. omtalt på side 39-40 i boka Nordfjord fraa gamle dagar til no. [Del] 2 4 : Dei einskilde bygder Davik. Der refererer ein faktisk til skiftet på Laukeland i 1747 (men forfattaren har gløymt å ta med borna til systera, Ingeborg i Radøy, jf. den andre debatten).

 

367563275_utennavn.jpg.5558b122d4c0b9d4775a16831d05c287.jpg

Edited by Torbjørn Igelkjøn

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Den boka kom eg faktisk ikkje på å sjekke 😎

Flott at du fekk løysing på saka!  😀

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn
14 minutter siden, Harald L. Bakke skrev:

Den boka kom eg faktisk ikkje på å sjekke 😎

Flott at du fekk løysing på saka!  😀

 

Eg gjorde berre eit generelt søk i nb.no, og det var ikkje så mange bøker å velje mellom :-)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Eg hengjer berre på ein dåp som dokumenterer at namnet er skrive Abel - fyrste dåp i venstre kolonne her. Ho har fått etternamnet Taugren, men det er vel berre ein glipp. 

SAB, Gloppen Sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0003: Ministerialbok nr. A 3, 1739-1757, s. 2
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228290639
 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.