Gå til innhold
Arkivverket

Søren Bottolfson Frønningen (1742-1824) gift med Christi Olsdotter (1751-1827) - skal ha vore plassfolk på Sagi ytre under ytre Frønningen i (den gongen) Leikanger - kven var desse folki?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ætteboki for Leikanger side 426 fortel oss om denne huslyden, husmannsfolk på Sagi ytre under ytre Frønningen:

 

Søren Bottolfson 1742-1824

Christi Olsdotter 1751-1827

med fire born:

* Ole Sørenson, f. 1792

* Hans Sørenson, f. 1792 - bus. Henjum 652

* Kari Sørensdotter, f. 1797 - bus. Grinde 240

* Bottolf Sørenson, f. 1798 - bus. Henjum 628

 

Eg reknar med at fødselsåret til Søren er kalkulert utifrå alderen ved dødsfallet, for FT1801 gjev oss eit fødselsår kring 1748: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393000925

 

Merkeleg nok finn eg denne huslyden IKKJE nemnd i den nye bygdeboki for Lærdal som ytre Frønningen no er ein del av!

 

Men kven var Søren og Christi?

 

Eg kan ikkje sjå noki vigsle for dei nokon stad i landet, men eg har ein kjempegod «kandidat» til Søren Bottolfson:

 

Søren Botolfson, døypt i Luster 17.2.1739 som son av husmann Bottolf Larsson og kona Ragnhild Olsdotter på plassen Myri under Dale prestegard.  Denne Søren forsvinn frå Luster før han vart konfirmert og KAN, liksom fleire andre ungdomar frå dette nabolaget i Luster ha hamna i Frønningen-området alt i svært ung alder.

 

MEN, det finst òg ein Søren Bottolfson som vart døypt i Sogndal i mars 1749 som son av Bottolf Guttormson og kona Gjertrud Anfindsdotter.  Denne Søren Bottolfson budde i 1760 hjå mori og ein stefar på ein plass under Lunden i Norum sokn i Sogndal: https://www.digitalarkivet.no/view/63/pc00000001181190

 

Denne siste siglar kan henda opp som beste «kandidat» dersom me tek FT1801 til følgje, men ein veit jo aldri...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til identifikasjon av Søren og Christi på Frønningen!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget!

 

Dette er eit godt døme på kva fjerningi av dei gamle databasane i Digitalarkivet fører med seg av ulemper.  Sogndalsbasen var av glimrande kvalitet, og den inneheld ganske sikkert både denne vigsli og ei vigsle #1 for Søren Bottolfson....

 

Uansett, funnet styrker mistanken om at det er Søren Bottolfson frå Lunden i Norum sokn som dukkar opp på Frønningen...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.