Gå til innhold
Arkivverket

Andrew (1850), Nels (1859) and Arne (1862) Anderson frå Hærum i Luster til Alaska og Utah i Amerika - ein eventyrleg huslyd - kva skjedde med dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

På husmannsplassen Yttreland under garden Hærum i Luster voks det opp ein søskenflokk på to søstrer og seks brør.  Ei av søstrene vart att i Noreg, og gjennom ein av eterkomarane hennar fekk eg på 1970-talet god innsikt i denne huslyden som heller var av det «eventyrlege» slaget.  Hi søsteri gifte seg i Luster, men utvandra med mann sin til Vernon Co., WI og budde der levetidi ut.  Men so var det dei seks brørne!!!

 

Tre av dei, Daniel (1847-1917), Christopher (1852-1933) og Hans (1855-1945) Anderson utvandra alle til Russell Co., KS der dei gifte seg og stifta til dels store huslydar!  Men so var det dei tre andre brørne...  Her er kva eg har samla om dei:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

 4. Anders Andersson, f. 15.1.1850,

Andrew Anderson utvandra til Amerika

 

##### (year of his emigration? - about 1870?)

 

og budde visstnok ei tid i Wisconsin. 

 

##### (to be verified?)

 

I 1890-åri reiste so Andrew i lag med broren Arne til Alaska i samband med «gullrushet», og der skal Andrew ha sett livet til ved eit ulukkeshende.

 

##### (details on this? - date and place of his death?)

 

Han var ugift.

 

##### (to be verified?)

 

 7. Nils Andersson, f. 29.6.1859,

Nels Anderson utvandra til Amerika i 1883 og

 

##### (early life in America?)

 

men reiste so til Utah

 

##### (occuption?)

 

men sette livet til då han drukna i ei elv

 

##### (details on this? - date and place of his death?)

 

Han var ugift.

 

##### (to be verified?)

 

 8. Arne Andersson, f. 8.3.1862,

Arne N. Anderson utvandra til Amerika i lag med broren Nels i 1883 og

 

##### (early life in America?)

 

men reiste på 1890-talet til Alaska i samband med «gullrushet» der.  Han flytte sidan til Ponca City, Kay Co., Okla. der han sidan farma.  Han var heime til Noreg på vitjing i 1914, men budde elles levetidi ut i Ponca City, Okla. der han d. ugift 20.5.1948.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Den yngste av desse, Arne N. Anderson, var den store «helten» i denne flokken.  «Yttrelands-halten», som dei kalla han, etter at han i ungdomen skadde seg under geitesanking i Luster og vart halt, skal ifølgje tradisjonen ha vore ein av svært få som verkeleg vart skikkeleg rik av gullgravingi i Alaska.  Då han var ferdig der, flytte han til Kay Co., OK der han kjøpte land og der dei få år etter fann olje, og rikdomen berre auka på!  Han var heime i 1914, og barnebarnet til eldste søsteri hans, som den gongen var 14 år gamal, fortalte meg på 1970-talet at det var ein svært staseleg kar som kom.  Han vitja mellom anna frimurarlosjen i Bergen.  Då Arne døydde ugift i 1948, kom det til strid.  To advokatar freista tiltvinga seg heile formuen hans, og saki varte i fleire år.  Sakførarane vart omsider sette «bak lås og slå», og formuen, det som var att av den, vart fordelt på mange nevøar og niesar.

 

Dei opplysningane som eg har om brørne Andrew og Nels, kom fram ved dette arveoppgjeret, og eg forstod det slik at dei båe var ugifte, eller om dei var gifte, hadde dei ingen born etter seg!

 

Men er det i det heile mogeleg å finna ut noko meir om lagnadane til desse brørne.  Det hadde vore kjempeflott om det gjekk an, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
På 13.9.2019 den 22.15, Lars E. Øyane skrev:

I 1890-åri reiste so Andrew i lag med broren Arne til Alaska i samband med «gullrushet», og der skal Andrew ha sett livet til ved eit ulukkeshende.

 

 

 

##### (details on this? - date and place of his death?)

??

https://www.findagrave.com/memorial/117032523

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 13.9.2019 den 22.15, Lars E. Øyane skrev:

I 1890-åri reiste so Andrew i lag med broren Arne til Alaska i samband med «gullrushet», og der skal Andrew ha sett livet til ved eit ulukkeshende.

 

 

 

##### (details on this? - date and place of his death?)

 

46748a13c23b8e689dcb034def26cab8.png

 

Chilkoot Pass Avalanche - 3. april 1898 - https://www.nps.gov/articles/palm-sunday-avalanche.htm  -  https://postalmuseum.si.edu/gold/avalanche.html

 

Cleveland Leader. Monday, Apr 11, 1898 Cleveland, OH, Page 3

Cleveland Leader. Monday, Apr 11, 1898 Cleveland, OH, Page 3.jpg

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Egil for skikkeleg overraskande og imponerande innlegg!

 

Namnet Andrew Anderson er sjølvsagt ganske so vanleg, men ser me på omstendi kring dødsfallet, Eg har god tru på at denne snøskreda KAN ha vore nettopp det ulukkeshendet som slektningane til Andrew refererte til i samband med omtalen av lagnaden hans i Alaska.

 

Når det er sagt, skal me heller ikkje sjå bort ifrå at Andrew og kanskje ogso broren Arne, godt kan ha butt i San Francisco, CA FØR dei fór til Alaska!?  Kanskje det ville vera verdt å søkja litt i city directories og kanskje òg i «naturalization records» i San Francisco- området?  Kanskje ei vonlaus oppgåve...  Eg ser det er 19 stk. Andrew Anderson i San Francisco, CA city directory frå 1896!  Ingen Arne...

 

Eg ser derimot ein Arne N. Anderson, plasterer, i Minneapolis, MN city directory for 1890 busett på 2128 Riverside Avenue, og på same adressa finn eg òg ein Andrew Anderson, laborer:

https://www.ancestry.com/interactive/2469/14678963?pid=921530629&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx17384&_phstart=successSource

 

I 1887 er Arne Anderson på 2128 South 6th Street, men ingen Andrew bur der i lag med han: https://www.ancestry.com/interactive/2469/13502329?pid=817263670&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx17386&_phstart=successSource#?imageId=13502329

 

Etter gullrushet för Arne til Kay Co., OK der han i 1900 var leigebuar hjå broren Hans «Henry» (eg får ikkje opp biletet på FamilySearch i kveld, men her er det på ancestry): https://www.ancestry.com/interactive/7602/4119023_00140?pid=57886516&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx17392%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26dbid%3D7602%26gsfn%3DArne%26gsln%3DAnderson%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1862%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D2%26msbpn__ftp%3Dnorway%26msbpn__ftp_x%3D1%26msbpn%3D5173%26msbpn_x%3D1%26new%3D1%26rank%3D1%26uidh%3D008%26redir%3Dfalse%26msT%3D1%26gss%3Dangs-d%26pcat%3D35%26fh%3D4%26h%3D57886516%26recoff%3D%26ml_rpos%3D5&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx17392&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Men eg er svært takksam for slike kjempetips som funnet av Andrew kan syna seg å vera, og takkar på ny for alle ekstra opplysningar som kan dukka opp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld greidd å finna att den eldste av desse tre brørne, Anders «Andrew» Anderson, i FT1880 som gullgravar i Lake Co., CO:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYK-3N9H?i=15&cc=1417683

 

Han budde der i lag med dei tre andre brørne sine, Daniel, Christopher og Hans!

 

So truleg ville Andrew halda fram med tradisjonen som gullgravar då han fór til Alaska, kan henda frå Minneapolis, MN via San Francisco, CA (jmf. innlegg #5)?

 

Eg har stadig sterk tru på at det var «vår» Andrew som miste livet i snøskreda i 1898, og eg lurer på:  Kan det finnast opplysningar om dette i ein eventuell obituary etter broren Arne Anderson som døydde i Ponca City, OK 20.5.1948?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja desse brørne!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget.

 

Den broren som «struck it rich» i Klondyke, var yngste broren Arne Anderson, som flytte til Kay Co., OK og som døydde der.  Eg ser at Daniel reiste opp dit berre seks veker før den før omtalte snøskreda kom...

 

Det er nok ei spennande soge desse brørne kunne fortalt...

 

Ein ny klempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.