Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Albert Lovinus Nelson - fødd i Columbia Co., WI 1871 - oppvaksen i Winnebago Co., IA - reiste heimefrå i ung alder og vart siste gongen høyrd ifrå i 1919 - den gongen jarnbanearbeidar i Grand Forks, ND - kvar vart det av han?


Recommended Posts

Albert Lovinus Nelson, eldste son av Zacharias Nilsson Tho frå Tysnes og Ragnhild Olsdotter Skildum frå Luster, var fødd i Columbia Co., WI 1.5.1871, men flytte året etter med foreldri til Winnebago Co., IA.  Slekti har fortalt meg at Albert reiste heimefrå sist i 1880-åri, og siste gongen ein høyrde gjete Albert var i 1919.  Då var han jarnbanearbeidar og budde i Grand Forks, ND.

 

Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av denne norsk-amerikanaren?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Spouse:  
Father: Zacharias Nelson
Mother: Ragnhilde Olsdtr Skildheim
Children:  
Birth: 1 May 1871 Wisconsin, USA
Death: 2 Aug 1959 Grand Forks, Grand Forks, North Dakota, USA
Residence:

1880 Winnebago, Iowa, USA

 

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/4228206/person/102071051782/story?_phsrc=thn44&_phstart=successSource

Endret av Frank Marton Pedersen
Name: Albert Nelson
Birth Date: 24 Jul 1871
Death Date: 2 Aug 1959
Death Place: Grand Forks County, North Dakota, United States of America
Cemetery: Memorial Park South
Burial or Cremation Place: Grand Forks, Grand Forks County, North Dakota, United States of America

 

Capture.thumb.JPG.d734d4c57b92b3385f1dc756e59809dd.JPG

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60525&h=81351137&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=thn48&_phstart=successSource

 

Fødselsdato stemmer imidlertid ikke helt. Fødselsdato vs. dåpsdato?

 

 

Hjarteleg takk til Frank Marton og Lars J. for spennande og utfordrande innlegg!

 

Det var eg som på 1980-talet lanserte teorien om at Albert Nelson som døydde i Grand Forks, ND i 1959, KUNNE vera «vår» mann.  Andre har tydeleg teke min teori for «faktum», for i same kjelda skreiv eg at Albert som døydde 1959, oppgav å vera fødd i Noreg 24.7.1871, og ancestry har fleire family trees som syner at sistnemnde var fødd i Trøndelag...!

 

So eg må nok «avliva» denne teorien, men er bekymra over korleis andre tek teoriar for «fakta» utan å sjekka...!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne Albert Nelson!

Endret av Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.