Gå til innhold
Nasjonalarkivet

SF; KINN: Knut Erikson Ramsdal f, i Rognkleiva, Gloppen 1743 når død?


Recommended Posts

Eg søkjer opplysningar om når Knut Erikson Ramsdal i Kinn døydde.

 Han var fødd i Rognkleiva i Hyen (Gloppen prgj.) 1743,  gifte seg i Gloppen 25.6.1774 med enkja Anna Olsdtr. Ramsdal, Eikefjord i Kinn og vart gardbrukar der.

Kona Anna Olsdtr. døydde 1800  og i FT 1801 er Knut oppført som 60 år, Enkemann 1. gang, Bonde og gaardbeboer på Ramsdal saman  med sonen Simon Knudsen, 15 år gamal.  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058405001345

 

Nokon som veit når Knut Erikson døydde.  Eg finn han ikkje innført i KB for Kinn.

12 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Har du greie på døtrene hans; Sofie, Oline, Dorte? Er dei døde før 1801 eller har dei flytta ein annan stad?

 

Mi gransking stoppar med Knut  så generasjonane etter han hans føl eg ikkje vidare.

24 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Same her - men det kunne vere eit alternativ at f.eks ei av døtrene hadde flytta ut av bygda og at Knut hadde følgt etter og døydd der.

 

 Det kan du ha rett i Aase.  Og då er vel Naustdal det mest nærliggande å tenkje på for Gloppen har vel du kontrollen på.  😉

 

Vi kan i alle fall fastslå at Knut framleis lever i 1806. Då er det skifte etter den barnlause systera Magnhild Heimset, og Knut er nemnd.

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0021a: Skifteprotokollar, 1804-1808, s. 592-593
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081201660643
 

Her er forresten noko pussig. I skiftet som eg lenkar til, står det at systera Synnøve Eriksdtr er død og etterlet seg ei heil rad med born.

 

Men eg har ei dødsoppføring på henne i 1812 - ? Har du noko om henne?

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11427&idx_id=11427&uid=ny&idx_side=-175

Det hender at det er feil i skifte, men ei så lang rekkje med arvingar, 6 born, vil det vere lite sannsynleg å ramse opp ved eit mistak dersom mora faktisk levde. Dei er også nemnde i utloddinga, så dette er vanskeleg å tenkje seg at det skal vere feil. 

 

  • Liker 2

Eg har leita etter andre kandidatar og ikkje funne. Det kan også hende at førenamnet eller gardsnamnet er feil; det virkar ikkje som om denne presten har full kontroll heile tida. Men at opplysningane i skiftet skulle vere feil, kan eg rett og slett ikkje tenkje meg; det er mykje arbeid å skrive og rekne ut desse partane, og var det feil, hadde det blitt oppdaga og/eller retta.

 

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.