Jump to content
Arkivverket

Foto i folketelling - ein draum eller muleg?


Aase R Sæther - Gloppen

Recommended Posts

Eg sit og arbeider med ei stor samling personfotografi som er tekne få år frå folketellinga 1910. Bryllaupsgrupper, ungdomslag, venne-fotografi og familiar.

 

Eg kjenner namna på svært mange av dei, og det hadde vore ein draum å få legge inn bilete av flest muleg av personane i tilknyting til 1910-tellinga. Er det noko som er muleg - eller vil bli muleg - å gjere?

Link to comment
Share on other sites

Etter mi meining er det meir fornuftig å bruke eit nettbasert slektstre som Geni til dette. Der kan ein også leggje til kjelder som f. eks. Ft1910. Folketeljinga frå 1910 inneheld dessutan alt for mange feil (dei fleste av desse i originaldokumenta, men eg har funne eksempel på at nesten ein heil teljingskrets manglar i transkripsjonen).

 

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

9 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Etter mi meining er det meir fornuftig å bruke eit nettbasert slektstre som Geni til dette. Der kan ein også leggje til kjelder som f. eks. Ft1910. Folketeljinga frå 1910 inneheld dessutan alt for mange feil)

 

Om det er feil i tellinga er ikkje så avgjerande. Biletet kunne vore knytt til personen uansett. Geni skyr eg dessverre som pesten, etter altfor mange dårlege opplevingar.

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Digitalarkivet er for digitalisering av kilder, ikke for å lage til biografier om perioder eller eventuelle bilde av disse. Det må eventuelt være en løsning som ligger i et eller annen slektsprogram. 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Ok, eg spør berre fordi det i det gamle DA var muleg å legge inn bilete av garden i folketellingane.

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
Link to comment
Share on other sites

3 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Om det er feil i tellinga er ikkje så avgjerande. Biletet kunne vore knytt til personen uansett. Geni skyr eg dessverre som pesten, etter altfor mange dårlege opplevingar.

 

Det finst heilt sikkert også mange andre løysingar for å publisere slektstre på nettet, men der ein har full kontroll utan innblanding frå andre.

 

Poenget er at ei bestemt folketeljing heller ikkje er å lite på. Kva om hushaldet ditt, garden eller heile teljingskretsen din rett og slett manglar i Ft1910? Skulle ein bruke noko anna enn eit slektsprogram måtte det i tilfelle vere betre å kople bileta til historisk befolkningsregister, som trass alt baserer seg på meir enn ei kjelde. Men då ville HBR utvikle seg i retning av eit nettbasert slektstre i staden for eit kjeldebasert personregister, slik det skal vere.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

Eg spurde som sagt fordi det var høve til å legge inn gardsbilete i folketellingane ei stund - men det høvet er då tydelegvis ikkje teke vare på. Det er eit greit svar, og eg lever med det.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.