Jump to content
Arkivverket

Skifteregister indre Sogn - 0 treff


Torbjørn Igelkjøn

Recommended Posts

Det kan synast som at DA har teke nokre 7-mil steg framover, som korkje du, Torbjørn, eller eg har fått med oss !

 

DA har gjort det slik at dei har delt opp Skifte i Indre Sogn opp i mindre periodar. 

Frå nr 1, 1666-85

Nr 2:  1689-95

Nr 3:  1708-22

fram til Nr 15 B: 1833-37.

 

Samtidig synest det som at ein kjem rett inn på skiftene, skanna, etter å ha søkt på den einkelte person !

——————

IKKJE spyr meg kvifor du og eg ikkje har oppdaga dette ? 

 

Lekkja i # 1 bør DA fjerna snarast mogelig !

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Den gamle databasen skal innehalde skifte fram til 1850. Eg meiner at ein burde ha fått behalde den gamle databasen side om side med dei nye fram til heile tidsperioden er dekka.

 

Elles er det eit stort framsteg at desse databasane inneheld alle personane i skifta i staden for berre hovudpersonen. Om eg ikkje tek heilt feil er innhaldet overført frå databasane som tidlegare låg ute hos Fylkesarkivet i S.&Fj. Det er også eit stort framsteg med lenke direkte til rett side i skifteprotokollen.

 

Eg saknar likevel mogelegheit til å søkje i heile perioden under eitt. Men det finst det heldigvis ei løysing på.

 

Listespesifikke søk: https://www.digitalarkivet.no/searches

 

Listespesifikt søk for skiftemateriale:

https://www.digitalarkivet.no/search/9

 

Og så kan ein avgrense geografisk og tidsmessig etter behov.

 

Link to comment
Share on other sites

Når ein testar ser ein at dei nye databasane er lagt ut fram til 1850:

https://www.digitalarkivet.no/search/9?forenamn=&etternamn=&gard=&kjonn=&alder=&fodselsaar=&dodsaar=&skiftedato=&stilling_stand=&bustad=&heimstavn=&skipreide=&tinglag=&otting=&sokn=&prgjeld=&rolle=&relasjon=&etnisitet=&aar=185*&area[]=4567

 

Då er eg faktisk einig i at databasen i #1 kan/bør fjernast, og den har iallefall ingen funksjon så lenge den er tom.

 

Eg meiner elles også at andre typar listespesifikke søk enn folketeljingar og kyrkjebøker må gjerast meir tilgjengelege, slik at fleire får vite at desse finst.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

Er det forresten nokon som veit om permanente lenker frå den gamle databasen er tekne vare på i dei nye databasane?

Link to comment
Share on other sites

Så langt det var mulig skal de permanente id-ene fra den gamle databasen være overført til den nye versjonen. Den nye versjonen er fra Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som har jobbet videre med den gamle versjonen, slik at både lenker til den skannede versjonen er kommer med, og også aller personene som er omtalt i skiftene, ikke bare den avdøde. Den gamle versjonen skal ikke være publisert nå, men det er ikke helt i orden ser det ut for.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Takk for oppklaringa.

 

Eg slenger på eit tilleggsspørsmål: Veit du om det er liknande arbeid på gang når det gjeld ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord?

Link to comment
Share on other sites

Det vet jeg ikke. Vi har ikke fått det i overleveringen vi har fått nå i sommer. Det som vi har fått til publisering er stølsregistrene for hele Sogn og Fjordane. Disse skal vi få ut ganske snart håper jeg. Vi har også fått matrikkelen for 1950, men den har vi ikke begynt å se på. 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Når det gjeld matrikkelutkastet frå 1950 vil eg tru at dataane frå Fylkesarkivet er identiske med dei ein finn her:

https://www.dokpro.uio.no/cgi-bin/stad/matr50

 

Å bruke ressursar på dette vil eg tru er unødvendig - med mindre tenesta eg lenka til blir vekke på tilsvarande måte som "gamle" Digitalarkivet.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.